tirsdag 12. juli 2011

ISOLA TIBERINA

Ei øy for dei sjuke og fattige

Om ein kryssar Tevere over Ponte Cestio,
kjem ein til ei øy som står midt i elva.


Mytene skal ha det til at øya vart skapt då den siste etruskiske kongen vart jaga frå Roma i 509 f. Kr. 

Øya er forma som ein båt.

Tevere fossar rundt baugen på han.


Allereie før den fyrste punarkrigen (på 200-talet f. Kr.) innvigde romarane eit tempel for legekunstens gud, Asklepios, på denne øya.

Den vakre San Bartolomeo all`Isola-kyrkja vart sidan bygd på ruinane av dette. Dei gøymer  på leivningane etter apostelen Bartelomeus.


Fatebenefratelli-ordenen ("gjere-godt-brørne") driv frameis eit hospital her.

I over 2000 år har altså denne øya vore dei sjuke og fattige si øy.

Byen har opplevd mange pestar.

Sjølve plasseringa vart sett på som helsebringande.

Vatn og vind.

Det er likevel ikkje til å undrast over at flaumskadane har vore mange.

Om vi gløttar vestover i retning dei to høgdene Palatino og Aventino, kan utløpet av Cloaca Maxima skimtast til venstre i vasskanten.
Dette er to tusen år gamal romersk infrastruktur som framleis er i bruk.
Her snakkar vi om kvalitet i rørleggjarbranjen.


Litt til høgre for dette står den uferdige Ponte Rotto hjelpelaus i straumen.
Brua rasa saman i 1598.

På svarte dagar kommuniserer lagnaden til denne brua godt med  mitt eige sjølvbilete.

Godt begynt, men ikkje fullført.

Ein gong lovande, men innfridde ikkje o s v.

Når du forlet øya over Ponte Fabrico, kjem du til synagogen og den jødiske ghettoen (levandegjord av mellom andre forfattaren Elsa Morante i hennar fabelaktige roman Historien).


Det vert fortalt at byggherren, Fabrico, skulle få betalt for arbeidet fyrst 40 år etter at brua vart ferdigstilt i år 62  f. Kr.

Oppdragsgjevaren var usikker på om søylene ville halde.

Vel, det var ingenting som gynga då eg gjekk over i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar