søndag 10. juli 2011

OSTIA

Om ein tek buss 23 eller 280 frå Lungotevere, hoppar av på Piramide og småspring inn på Porta San Paolo stasjon, kan ein oppleve gleda av å fylgje tusenvis av romarar sin tre mil lange veg til badelivet ved kysten.

Togturen på den spesielle Ostia-linja varer berre omlag 30 minutt, men om du reiser ein søndags føremiddag i 10-tida (slik eg gjorde), må du  rekne med å stå som sild i tønne (i ein svært varm kupe).
Frå Stella Polare stasjon (som er den tredje siste) tek det ti minutt til fots før du er ved sjøen.

Stranda (som er mange kilometer lang) er delt inn i fleire soner. Om du vil betale litt ekstra, får du tilgang til basseng, parasollar, betre sanitæranlegg o s v.

Det måtte vere mange tusen ved Lido di Ostia i dag.
Sjøen var overraskande rein, temperaturen svært behageleg.
Ikkje rart at dette er feriestad nummer ein for mange romerar.


Lido di Ostia har også vore åstad for mange politiske møte og manifestasjonar framigjennom.

Den kontroversielle forfattaren og filmmannen Pier Paolo Pasolini vart til dømes drepen nede på stranda her (overkøyrt av sin eigen bil mange gongar) i november 1975.

Dagen vart elles god på fleire måtar.
Det kosta meg berre ein einsleg euro å kome frå Roma sentrum til Det Thyrrenske Hav (sidan ein kunne bruke bussbilletten på toget).
På veg tilbake stoppa eg ved Ostica Antica for å vitje ruinane etter den gamle hamnebyen til Roma.


Ved sidan å vere ein viktig militærbase (særleg med tanke på forsvaret av kystlina og utløpet av Tevere) var dette staden der korn (frå Afrika) og andre nødvendige varer vart lossa på land og førte inn til dei meir velståande innbyggjarane i Den evige stad. 
På Julius Cæsar si tid var dette eit samfunn med rundt 100 000 menneske.
Byen hadde eit svært kosmopolitisk preg. I tillegg til dyrkinga av den persiske guden Mithra, var her tidleg både jødiske og kristne grupperingar.

Osta Antica er kanskje mest kjend for golvmosaikkane i badehusa, som her i Terme di Nettuno (badet til Neptun).

Av ulike grunnar gjekk folketalet sakte men sikkert ned i Ostia. Bygningane vart forlatne, sterke vindar frå havet fylte dei med sand og det veksande myrområdet rundt byen gjorde at fleire av innbyggjarane utvikla malaria.

Fyrst tidleg på 1900-talet starta ei nybyggjarverksemd (med flyktningar frå Ravenna) i nærleiken av den gamle byen. 
Returen med toget frå Ostia til Roma fører oss også forbi EUR, Mussolinis pompøse fantasiby, som aldri blei bygd ferdig på grunn av utviklinga i den andre verdskrigen.

Ironisk nok er dette likevel eit svært poulært bustadstrøk for mange romerar i dag. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar