lørdag 16. juli 2011

PIAZZA TRILUSSA

Den finaste inngangsdøra til bydelen Trastevere er Piazza Trilussa.



Ikkje berre er denne plassen ein møtestad og kvilestad (og sikkert også sjekkestad) for fastbuande og reisande.


Piazza Trilussa ligg berre 50 meter frå den flotte fransiskanarkyrkja til minne om St. Dorothea og huset til renessansekunstnaren Rafael si hemmelege elskarinne, La Fornarina (Bakardøtra) .

Berre for å nemne noko.

Piazza Trilussa tek i mot folk frå den andre sida av Tevere over gangbrua Ponte Sisto og fordeler dei innover i dei trange gatene.


Om kveldane sit fleire hundre menneske på trappene her.


Og berre nyt augneblinken.


Ordet "uteliv" har eit anna innhald  i Roma enn andre stader i Europa.


I kveld startar forresten den store festivalen i Trastevere, med opptog, gjøgleri og musikk, og eg tippar at Piazza Trilussa vil koke til langt inn i natta.



Plassen er oppkalla etter poeten Carlo Alberti Salustri (1873-1950), som nytta kunstnarnamnet Trilussa (eit anagram av etternamnet hans).



Trilussa vaks opp under svært fattige forhold i denne bydelen, og vart kjend for si antiautoritære haldning og sine æsop-fabel-liknande dikt på Trastevere-dialekten romanesco.


Trilussa skildra kvardagslivet i Trastevere med eit skrått blikk frå dei mange kafeane og vicoloane (trange smug).


Han debuterte med bok svært tidleg, allereie som 16-åring, men vart skikkeleg kjend fyrst ut i 1920- og 30-åra med sine særprega sonetter på trastevere-målet (som han illustrerte sjølv).


Trilussa fekk oppleve ein enorm popularitet mot slutten av livet, og han vart utnemd til senator på livstid av den italienske presidenten i desember 1950, tjue dagar før han døydde. 


Kardinal Luciani frå Venezia, som seinare skulle bli pave Johannes Paul I (med ei verketid på berre 33 dagar), utgav den spennande boka Illustrissimi (Til dei som teiknar) posthumt i 1976 (same året som han døydde).


Den inneheld 40 tenkte brev til verkelege og fiktive personar. I tillegg til Goethe, Mark Twain, Figaro o s v finn vi også eit til Trilussa.


Det seier litt om posisjonen som Trilussa hadde i Italia, men kanskje også om kva slags pave Johannes Paul I kunne ha blitt.


Sentralt på piazzaen står Aqua Paola-fontenen.



Den er ikkje like flott som fontenen med same namn 500 meter lengre oppe i bakkane mot Gianicolo.


Men den har meir sjarm. 


Bak statuen av Trilussa har forresten ein uteliggar fast tilhaldsstad. Han kjøler maten sin (øl, frukt o s v) i dammen under fontenen på piazzaen.



Han gjer ikkje ein katt fortred.


Trilussa si ånd svevar framleis over staden 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar