onsdag 6. juli 2011

GIANICOLO


I dag gjekk lufteturen til Gianicolo, denne høgda som ligg vestanfor Trastevere.
Framfor alt er desse bakkane kjende for italienarane sin heroiske kamp mot dei pavetru franskmennene, som gjekk til åtak her i 1849.

Ein kanon fyrer av ein kraftig smell kvar dag klokka 12 for å minne oss om denne dramatiske hendinga.

Det svære parkområdet på toppen er då også pryda med statuar av Garibaldi og mennene hans, som altså fyrst i 1861 skulle lukkast i å sameine dei mange italienske statane til eitt land.

Bjørnstjerne Bjørnson var svært oppteken av den italienske fridomskampen, og det vert sagt at Ja, vi elsker er inspirert av hendingane i Italia.

Bjørnson hadde seks (til dels lange) opphald i Roma. Mange av dei historiske skodespela hans vart til her. Gjennom historikaren P.A. Munch hadde han ein framifrå konsulent i norsk middelalderhistorie. 

Bjørnson fekk også oppfylt draumen om å møte Garibaldi (men fyrst på hans eldre dagar).

Den brasiliansk fødde kona hans fekk han derimot ikkje treffe. Ho døydde på dramatisk vis i 1849, 28 år gamal.

Monumentet over Anita Garibaldi står to hundre meter nedanfor ektemannens(i retning Vatikanet). Ho skal vere gravlagd i sokkelen under.


Det var svært varmt i Roma i dag. 35 grader klokka 1600. Då svala det godt med det lette vinddraget som strauk over fridomsmennene på Gianicolo.

Og ein tår frå det friske vatnet (framleis frakta gjennom 2000 år gamle akveduktar) frå Albanarfjella i sør.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar