søndag 17. juli 2011

PIAZZA DI SPAGNA

Dei fleste tenkjer nok på Spansketrappa når dei høyrer dette namnet.


Og Scalinata della Trinita dei Monti - som denne berømte trappa på 138 trinn eigentleg heiter - dominerer også plassen visuelt. 


Men sanninga er elles at både spanjolar, franskmenn og italienarar samarbeidde om å få denne trappa realisert.


Det er eit must for dei fleste turistar å bli avbilda her, gjerne i framkant av Bernini si Fontana della Baraccia, som skal illustrere ein gamal, sprukken båt som ligg på grunna og tek inn vatn.



Trappa, som var ferdig i 1726, er som regel full av folk, særleg om kveldane, då solnedgangen er flott å studere frå dei øvste trinna.


Det er forresten forbode å ete her (eg har prøvd).


I Casia Rossa, som ligg tett inntil Spansketrappa (til høgre på biletet under), levde den engelske diktaren John Keats eit års tid, før han døydde her (av tuberkolose) berre 25 år gamal i 1821.


Huset er i dag innreidd som museum (Keats-Shelley Memorial House), eigentleg til ære for alle engelske romantiske poetar, og omfattar mellom anna ein lokk av Keats sitt hår og ei karnevalsmaske som lord Byron ein gong kjøpte i Venezia.

Trivielle saker, kanskje, men eg vil absolutt tilrå eit besøk.



Bakgrunnen for namnet Piazza di Spagna er elles at den spanske ambassaden til Vatikanet heldt til her frå 1600-talet og frametter.


Området vart difor sett på som spansk territorium.


Utlendingar som rota seg inn her (og prøvde seg på dei spanske senoritaene), risikerte t d å bli verva til den spanske hæren.


Ein pågåande gateseljar som ein gong blei vist bort av det italienske politiet, klaga til den spanske staten og fekk halde fram med  den tvilsame businessen sin.


Makta sine irrgangar er ikkje alle tider enkle å forstå
(eller kanskje er dei nettopp det).


I dag er nok trappa fyrst og fremst ein fleirkulturell samlingsstad.


Kunstnarkafeen Caffe Greco (etablert i 1760) ligg forresten berre 50 meter frå plassen.


Dette var lenge stamkafe for nordiske kunstnarar som Bjørnson, Ibsen, Lie, H.C. Andersen og Edvard Grieg (som hadde opparbeidd seg ein slik status at han fekk øve saman med Claude Debussy og Franz Liszt oppe på det svært så eksklusive franske kunstakademiet i Villa Medici).


Cafe Grecco var også ein av dei aller fyrste (av i alt 16 til no) tilhaldsstadane til Circolo Scandinavo.


Norske kunstnarar fekk adressert posten sin hit.


Om du ynskjer å droppe innom og ta ein kaffi her, vil du finne portrett av mange norske forfattarar på veggane.


Også av Sigrid Undset, som budde like i nærleiken, i Via Frattina 139


Romanen Jenny, som kom ut i 1911, hentar jo mykje av stoffet sitt frå Piazza di Spagna.


Området mellom Via del Corso og Piazza di Spagna vert elles rekna som eit av dei livlegaste (og dyraste) i Roma.


Via Condotti inneheld mange eksklusive forretningar.


Versace og Armani.


Har du rette reisefylgjet med i strøket her, svir du fort av ei månadsløn før du er nede i Corsoen.


Eg seier ikkje meir. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar