fredag 16. mars 2012

STRIDEN FOR DET GODE

Sidan det er Gudmundsdagen i dag,
til minne om den opprørske
(og til slutt avskilta)
islandske middelalderbispen
Gudmundur Arason
(som må ha vore ein av dei aller fyrste
som gjennomførte ordninga med progressiv skatt),
kan det kanskje vere på sin plass å sitere
Johan Sebastian Welhaven,


diktaren med stor D,
som etter eit åtak frå ein ven av faren hans,
prosten Nils Hertzberg
(etter utgjevinga av diktet Norges Dæmring)
svarte:

O, du har glæmt
at Striden for Det Gode
er evigt ny og væxlende i Art


Kanskje noko å tenkje på
kvar gong vi ristar på hovudet
over alle nymotens påfunn
og ungdomens val og prioriteringar.

Det er no ikkje HEILT sikkert
at alt var betre før.

Eller at alle "fornuftige" resonnement
munna ut i dei mest kreative løysingane.

Dei viktigaste tankane er trass alt dei vi enno ikkje har tenkt.



Men var det Sokrates som sa det
eller Nils Arne Eggen.

Eg hugsar ikkje.

Heilt i Gudmund Arasons og Johan Sebastian Welhavens ånd
er det i alle fall.

GOD HELG!


søndag 11. mars 2012

GROR

Vårmånad heitte det i skikkeleg gamle dagar.
Og i vona om liv og grøde og jamvel god bør på havet
ofra ein til den fremste mellom æsene.
Tor.


 
Det var dyr
og endå til menneske.
Blod vart skvetta på folk, bygningar, marker.

Tor.
Måtte han skape vekst og utvikling.
Gror.

Tidene har endra seg.
Men meir enn tusen år seinare
eig vi framleis dette ynskjet om at noko skal skje.

Difor leitar vi etter det fyrste vårteiknet.
Spiren.
Forløysinga.
Dette som MÅ kome.

Etter ei slik helg er det kanskje ikkje så lett å sjå.

Men tjelden er komen.
Eg høyrde han i går.


 
Og vi et kveldsmat i dagslys.

Derfor skal vi ikkje klage på ruskeveret.

Vinden og regnet høyrer voksteren til.

fredag 9. mars 2012

SATS ALDRI PENGAR PÅ STOKE

Eit relativt langt liv som speleavhengig har lært meg at det sjeldan er lurt å satse pengar på favorittlag. 

Same kor flotte tatoveringar stjernespelarane har.




Ein blir aldri rik på patriotisme.

Nei, skal du vinne i tipping, kjem du ikkje langt med sentimentalitet.

Det er pessimistane som stikk av garde med dei store premiane.

I tillegg krevst sjølvsagt lang røynsle frå tippekampar i svart-kvitt
og solide kunnskapar i geografi.

For vener av engelsk fotball kjem difor tippetips for morgondagens kampar her.

Innsatsen er på 32 kroner.

Akkurat passeleg for oss som ikkje arbeider i det private næringslivet.

 

 Vurderingar:

1. Everton slepp inn få mål, men skorar endå færre: UB
2. Eg synest synd på Fernando Torres: H
3. Sunderland sin kaptein Cattermole blei utvist for kjeftbruk: B

4. Det luktar U i lange banar, men Villa var favorittlaget til Øyvind Johnsen: HU
5. Wolves sin kaptein møtte full på trening: H
6. Ein litt for lang busstur for gutane frå Barnsley: H

7. Doncaster ligg nestsist, men gir seg ikkje. Carew på tribuna: HU
8. Reading er eit fengsel: H
9. Badebyen er i form og luktar PL: B

10. Portsmouth er konk, men dette er eit lokalderby ved kanalen: HU
11. Ei kronglete reise nordover for Ipswich: H
12. Steffen Iversen har reist heim: HB


Men hugs: Alt kan skje!

God helg!



søndag 4. mars 2012

DEAD ESSAYISTS - GREAT NORWEGIAN ESSAYS

DEAD ESSAYISTS
GREAT NORWEGIAN ESSAYS




Ludvig Holberg: Moralske tanker (1744)
Ivar Aasen: Om vort Skriftsprog (1836)
Nils Kjær: Vestlandsreise (1909)
Erling Kristvik: Folkelagnad (1920)
Francis Bull: Bjørnstjerne Bjørnson (1932)
Inge Krokann: Det store hamskiftet i bondesamfunnet (1942)
Eirik Vandvik: "Alt menneskleg vedkjem meg" (1945)
Aasmund Brynildsen: Svermeren og hans demon (1952)
Jens Bjørneboe: Tale til årets russ (1956)
Hans Skjervheim: Deltakar og tilskodar (1957)
Gabriel Øidne: Litt om motsetninga mellom Austlandet og Vestlandet (1957)
Jens Arup Seip: Fra embetsmannsstat til ettpartistat (1963)
Peter Wessel Zappfe: Barske Glæder (1969)
Carl Fredrik Engelstad: Notater underveis (1970)
Georg Johannesen: Om den norske tenkemåten (1975)




Som ein vil sjå, inneheld denne lista
både einskildessay, essaysamlingar og artiklar med essaypreg.

Utvalet er sjølvsagt subjektivt  og ikkje så lite personleg,
sidan dette er tekstar som har opna dører
til mi eiga forståing av norsk historie, politikk og litteratur
m m m
frå gymnastida og fram til i dag.

Men her er MANGE fleire!

Kom gjerne med framlegg!

fredag 2. mars 2012

GODT MOT

Det er så mange ting vi kan glede oss over.
Ikkje berre er månen veksande.
Det går mot vår og lysare tider.

 

 
Då eg stakk ut døra klokka sju i kveld,
var det framleis ikkje heilt mørkt.
På råsa langs elva trengde eg inga lykt.
Eg fylgde berre min eigen skugge.

Frå osen kunne eg sjå
Hovdenakken spegle seg i Grimstadvatnet
medan klynger av bilar strøymde nedetter dalen.

Det var som om dagen nekta å bli kveld.

Eg tenkte.
Er det Venus som heng over Ulsteinvik.
Den romerske gudinna for kjærleik.

Eller er det månane til Jupiter.
Den greske guden Zevs sine trufaste elskarinner.
Himalia, Elara, Sinope.

Tre skuggar møtte meg på vegen tilbake.
Det var uråd å sjå kven det var.

Litt fnising høyrdest. Men ingen ord.

I retteleg gamle dagar nytta ein ei helsing i denne dalen:
Godt mot!

Sjølv til framande sa ein dette.
Det var skikk og bruk.

Så på etterskot seier eg til alle:
Godt mot!

Måtte møtet med det som kjem bli godt!

onsdag 29. februar 2012

DEAD PLAYWRIGHTS - GREAT NORWEGIAN PLAYS

Dead Playwrights
Great Norwegian Plays



Ludvig Holberg: Den Stundesløse (1723)
Henrik Anker Bjerregaard: Fjeldeventyret (1820)
Henrik Ibsen: Gengangere (1881)
Bjørnstjerne Bjørnson: Over Ævne, Andre Stykke (1895)
Arne Garborg: Læraren (1896)
Gabriel Scott: Himmeluret (1905)
Nils Kjær: Det lykkelige valg (1913)
Oskar Braaten: Den store barnedåpen (1925)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Nordahl Grieg: Vår ære og vår makt (1935)
Helge Krog:  Opbrudd (1936)
Tore Ørjasæter: Christophoros (1948)
Jens Bjørneboe: Semmelweiss (1968)
Finn Carling: Skudd (1971)
Sverre Udnæs: Kollisjonen (1978)
 
 
 
Dette er altså skodespel som i utgangspunktet er skrivne for scena.
Høyrespel, fjernsynsteater, dramatiserte romanar o l er ikkje tekne med her.


(I samarbeid med Dagfinn Olav Bye)



lørdag 25. februar 2012

TRIVIALIDADES


LAS EXPERIENCIAS DEL VIAJE A BARCELONA
UN BUEN CONSEJO

  
Barcelona er ein flott by.

Her er nokre gode råd og hugselappar:

Flyturen Oslo-Barcelona tek ca 2 timar og 50 minutt
(omlag 20 minutt lengre heimatt).

Både SAS og Norwegian har rimelege billettar.
Om du vil sjå ein fotballkamp, er det lurt å bestille heimreise på ein mandag, sidan laurdagskampar kan bli flytta til søndagar.

Bussar merka AEROBUS tek deg frå flyplassen til Placa Catalunya
for under 6 Euro.

Derifrå kan du anten ta drosje eller metro i alle retningar.

Det finst mange gode og rimelege hotell i byen.
Vi var svært nøgde med vårt:
TRYP Apolo Barcelona Hotel.
 Like ved metrostasjonen Paralel.




Ein enkelbillett på metroen kostar 2 Euro.
Eit tredagarskort 16 Euro (noko som vi vil tilrå).
Metroen er svært presis,
og det er enkelt å ta seg fram mellom dei ulike banene.



Om du vil unngå lange køar, er det lurt å oppsøkje musea seint på dagen.
Sjekk opningstidene.
Nokre museum har også nokre få gratis besøkstider
(t d Picasso-museet).

Om du ynskjer å sjå FC Barcelona, er det lurt å sjekke terminlista fyrst.
Ver altså obs på at kampar kan bli flytta frå laurdag til søndag!


 Besøk heimesida til den norske supportarklubben, Blaugrana.
Her finst mykje god og - ikkje minst - fersk informasjon om kampane.

Ikkje bestill billettar på nettet, men kjøp på billettkontoret på Camp Nou når du kjem ned.
Dette er både sikrast og enklast, vert det sagt.
Stadion blir aldri full (berre mot Real Madrid).
Merk likevel at det oftast er unntakstilstand før kampane
mot byrivalen Espanyol.

La Rambla er ein fin stad å begynne utforskinga av byen.
Herifrå går tallause stikkvegar inn til gamlebyen -
både sørover (Raval) og nordover (Ribera).


Mange kjendisar med eit nært forhold til byen kan fort dukke opp.
Både gamle heltar




og framleis skinande stjerner.






Lionel Messi bur heldigvis framleis i byen.





Gløym heller ikkje at Barcelona er ein kystby






med eit flott og spennande hamneområde.
Ramblaen held altså fram heilt ut i havet.

Ramla de Mar.


Barcelona - Ciudad Costera



Det er ikkje få som tek ein kaffi nede ved sjøen




medan dei ventar på våren.


Temperaturen i februar låg midt på dagen mellom 12 og 15 grader.
Noko midt i mellom T-skjorte og gensar.
Men det var varmt i sola.



 
GOD TUR



fredag 24. februar 2012

FC BARCELONA - INTELLIGENCIA COLLECTIVA

Ikkje berre har Barcelona Europas største fotballstadion
med plass til 100 000 tilskodarar.
Mange meiner også at byen har verdas beste fotballag
(trass i at dei denne sesongen spelar uavgjort
 i kampar dei burde ha vunne
og difor i skrivande stund ligg håplause ti poeng
bak erkerivalen Real Madrid i Primera Division).
Uansett kan det vere liten tvil om at laget har ein av verdas beste spelarar.

Nyleg fekk han FIFA sin gullball for tredje året på rad.
Søndag kveld fekk vi sjå Messi skore fire mål mot Valencia.



Vegen til Camp Nou var enkel.
Vi tok grøn linje med metroen (i ein smekkfull kupe)
 frå Paralel til Maria Cristina
og gjekk så i omlag ti minutt ned til stadion.

Ein god halvtime før avspark var det nesten tomt på tribunene,
så heimelaget sitt motto var tydeleg på langsida:
Mes un que en club.



Men brått fyltest stadion opp.






Og etter den sedvanlege pipekonserten mot bortelaget
(noko som også er ein typisk italiensk tradisjon),
runga Barcelona-hymnen over stadion.

Eit kjapt lagbilete.




Før oppropinga av lagoppstillingane,
der vi  merka oss den enorme jubelen for kapteinen Puyol
(eg opplevde i si tid noko tilsvarande for Arsenal-spelaren
Tony Adams på Highbury i London).
Den litt trauste midtstopparen (nedst til høgre på lagbiletet)
verka mest like populær som Messi.



Kampen starta kl 2130 (beste sendetid på TV).
Og det var Valencia som kom best i gang.
Heimelaget verka litt rustne (etter ei ganske slapp oppvarming),
og det overraska oss ikkje at Piatti gav gjestane leiinga etter åtte minutt.

På dette tidspunktet verka publikum ganske tause.
Karane på rada nedanfor sat med propper i øyrene
og lytta alvorleg til overføringa på radio
(muligens ikkje det luraste når du har kjærasten med på kamp).



Men så vakna heimelaget.
Endeleg fekk vi sjå det som Barcelona er kjende for.
Hurtig pasningsspel
(nesten berre på ein tøtsj).
Trekantar.
Veggar.
Og hissige gjenvinningar
(når dei ein sjeldan gong miste ballen).

Dette var heilt tydeleg eit lag som jobba for kvarandre.
Med ulike roller og (ikkje minst) typar, ja vel, men med ein felles strategi.

Sjølvsagt var Messi fantastisk.
Rask og uforutsigbar
(med hyppige retningsforandringar).
Ufatteleg god på små flater.
Han tok imot, vende opp og finta ofte i EI rørsle,
før han sette fart og slo små stikkarar til medspelarane sine.
Han la pasningar (med eit tøtsj eg aldri har sett før) med ei sjeldant god timing.
Messi verka i det heile svært uegoistisk.
I små periodar kunne han verke uinteressert og heilt ute av spelet.
Han stod ofte heilt i ro.
Han brydde seg ingenting om motspelarane markerte han tett 
(medspelarane slo på han uansett).
Så brått eksploderte han.
Det er inga overdriving å seie at LAGET vart farleg kvar gong han fekk ballen.

Utlikninga 1-1 kom frå svært nært hald.
2-1 likeså, etter ein retur.
Eit nydeleg angrep forresten, som byrja med ei vedunderleg pasning frå Iniesta til venstrebacken Abidal.


Etter pause fekk vi sjå ei oppvisning i god angrepsfotball.
Det var tydeleg at Valencia, Spanias tredje beste lag, gjorde alt for å hale ut tida, ikkje minst ved småskadar, utspel og innkast,
 noko som utløyste pipekonsert kvar gong dei hadde ballen.

Men det hjalp ikkje.
I tillegg til å legge på til 3-1 og 4-1
(etter ei nydeleg gjennomløping og ein vakker chip)




serverte Messi medspelarane sine krempasningar gong på gong,
noko særleg unge Tello på venstreflanken kunne ha utnytta betre.
Til slutt var det småskadde Xavi 
(som kom inn for Iniesta)
som fastsette resultatet til 5-1 etter ein kontrollert lobb over
den meget gode Diego Alves i Valencia-buret.

Sjølvsagt etter pasning frå Messi.

Medan argentinaren såg ut til å takke høgare makter,


jubla heimefansen
(her ser vi den harde kjernen bak det søndre målet,
dei såkalla Almogavers).



Klokka 2330 var vi ute av stadion.
Saman med 74 200 tilskodarar byrja vi på vegen heim.

Nokon stod allereie i kilometerlange busskøar.
Og nedgangane til metrostasjonen Maria Cristina var sjølvsagt smekkfulle.
Drosjer var ikkje å sjå.
Så vi tok beina fatt.

Etter omlag 70 minutts rask gange var vi heime på hotellet.
Visse på at vi hadde fått med oss ei ekstraordinær oppleving.

For Barcelona er meir enn ein klubb.
Det er - i tillegg til å vere eit viktig våpen i katalansk patriotisme
og antisentralisme - ein heilt spesiell måte å tenkje på.

Ikkje minst når det gjeld målsetjing, samhandling og mennesklege relasjonar.

Kollektivet må fungere om individet skal lukkast.
Det er ikkje plass til store egoistar i dette kollektivet.
Det er dei andre som gjer meg god.
Og det er eg som gjer dei andre gode.




Søndags kveld stod FC Barcelona fram som eit slikt kollektiv.

Intelligencia Collectiva,
skreiv avisa Esportiu de Catalunya dagen etter kampen.

Det kan verkeleg vere noko å strekkje seg etter,
både på fotballbana og på arbeidsplassen.

Det er som eg alle tider har sagt.
Fotball handlar ikkje så mykje om fotball.

Det handlar meir om alt det andre.

torsdag 23. februar 2012

MONTJUIC - EIT FJELL UTAN GUDAR

Montjuic er Barcelona sitt Olympus.
Ikkje berre vart OL arrangert i dette fjellområdet sør for byen i 1992,
noko som resulterte i eit temmeleg kompakt kompleks av flotte idrettsanlegg,
men det er her borga ligg, med si dystre historie, 
213 meter over havet.




Det tek omlag 30 min å springe opp.





Heile fjellsida er snitta opp med bilvegar, trapper og råser
som knyter dei små parkane saman.
Planen for dette rekreasjonsområdet vart realisert til verdsutstillinga i 1929
og fornya til fotball-VM i 1982 og endeleg OL i 1992.

Det går ei eiga metrobane vel midtvegs opp i fjellsida frå stasjonen Paralel.
På det siste strekket er det også muleg å ta taubane.





Fjellet har mange flotte monument og statuar.




Desse steinskulpturane framstiller den katalanske folkedansen sardana.




Vi legg elles merke til at spanske joggarar er høflegare enn norske.
Dei helsar.




Den vesle treningsturen vert løna med ei flott utsikt over byen.







Vi kan sjå austover - mot palasset og museumsområdet.
Fotballarenaen Camp Nou ligg nokre kilometer attanfor her.




Og sørover - mot containerhamna og flyplassen,
som ligg berre 12 km frå sentrum av byen.





Fjellet Montjuic er elles ei kjend kulisse for dei som har lese romanar av Barcelona sine to store suksessforfattarar
Carlos Ruiz Zafon (Vindens skygge) og Ildefonso Falcones (Havets katedral).
Men Montjuic
har også dystre minne.

Eg tenkjer på borga.
Ho var ferdigbygd i 1640.

Tusenvis av fagforeiningsfolk, anarkistar og andre politiske aktivistar
 sat fengsla her frå siste del av 1800-talet.
Dei fleste blei torturerte, mange avretta.

Etter at Barcelona hadde arrangert folkeolympiaden i 1936 -
som eit alternativ til Hitler sin propagandafest i Berlin -
vart byen eit sentrum for motstanden mot falangistane.

Den katalanske fridomskjemparen Lluis Companys,
ein livstidsdømd fange  
som nyleg var sett fri etter republikanarane sin valsiger,
kjempa heilt til Franco inntok byen i januar 1939, og heldt jamvel fram kampen oppe i fjella nokre veker til, før han flykta over grensa til Frankrike.






Men då den nazivenlege Vichy-regjeringa fekk makta i juni 1940,
vart sosialisten Companys arrestert og utlevert til falangistane.
Dei kasta han i eit fangehol på Montjuic.
Etter lang tids tortur vart han slept ut, stilt opp mot muren her og skoten.
Det var 15. oktober 1940.






Det olympiske fjellet Montjuic har såleis ingen gudar,
sjølv om Franco sin krig mot republikanarane visst nok skal ha vore motivert ut frå ønsket om å gjenreise respekten for den katolske kyrkja.


Borga,
som i dag mellom anna hyser ein restaurant med ei fantastisk utsikt,
representerer altså noko av det svartaste i Barcelona si historie.


Lenge etter at Franco døydde i 1975 var dette eit tabuemne i Spania.
Men voneleg er mange av innbyggjarane i denne byen klare over antifascistane sin lagnad i dag.






Montjuic er uansett vel verd eit besøk.
Turen hit opp foreinar ei dyster innsikt i spansk historie med ei vakker utsikt over byen.