fredag 24. februar 2012

FC BARCELONA - INTELLIGENCIA COLLECTIVA

Ikkje berre har Barcelona Europas største fotballstadion
med plass til 100 000 tilskodarar.
Mange meiner også at byen har verdas beste fotballag
(trass i at dei denne sesongen spelar uavgjort
 i kampar dei burde ha vunne
og difor i skrivande stund ligg håplause ti poeng
bak erkerivalen Real Madrid i Primera Division).
Uansett kan det vere liten tvil om at laget har ein av verdas beste spelarar.

Nyleg fekk han FIFA sin gullball for tredje året på rad.
Søndag kveld fekk vi sjå Messi skore fire mål mot Valencia.



Vegen til Camp Nou var enkel.
Vi tok grøn linje med metroen (i ein smekkfull kupe)
 frå Paralel til Maria Cristina
og gjekk så i omlag ti minutt ned til stadion.

Ein god halvtime før avspark var det nesten tomt på tribunene,
så heimelaget sitt motto var tydeleg på langsida:
Mes un que en club.



Men brått fyltest stadion opp.






Og etter den sedvanlege pipekonserten mot bortelaget
(noko som også er ein typisk italiensk tradisjon),
runga Barcelona-hymnen over stadion.

Eit kjapt lagbilete.




Før oppropinga av lagoppstillingane,
der vi  merka oss den enorme jubelen for kapteinen Puyol
(eg opplevde i si tid noko tilsvarande for Arsenal-spelaren
Tony Adams på Highbury i London).
Den litt trauste midtstopparen (nedst til høgre på lagbiletet)
verka mest like populær som Messi.



Kampen starta kl 2130 (beste sendetid på TV).
Og det var Valencia som kom best i gang.
Heimelaget verka litt rustne (etter ei ganske slapp oppvarming),
og det overraska oss ikkje at Piatti gav gjestane leiinga etter åtte minutt.

På dette tidspunktet verka publikum ganske tause.
Karane på rada nedanfor sat med propper i øyrene
og lytta alvorleg til overføringa på radio
(muligens ikkje det luraste når du har kjærasten med på kamp).



Men så vakna heimelaget.
Endeleg fekk vi sjå det som Barcelona er kjende for.
Hurtig pasningsspel
(nesten berre på ein tøtsj).
Trekantar.
Veggar.
Og hissige gjenvinningar
(når dei ein sjeldan gong miste ballen).

Dette var heilt tydeleg eit lag som jobba for kvarandre.
Med ulike roller og (ikkje minst) typar, ja vel, men med ein felles strategi.

Sjølvsagt var Messi fantastisk.
Rask og uforutsigbar
(med hyppige retningsforandringar).
Ufatteleg god på små flater.
Han tok imot, vende opp og finta ofte i EI rørsle,
før han sette fart og slo små stikkarar til medspelarane sine.
Han la pasningar (med eit tøtsj eg aldri har sett før) med ei sjeldant god timing.
Messi verka i det heile svært uegoistisk.
I små periodar kunne han verke uinteressert og heilt ute av spelet.
Han stod ofte heilt i ro.
Han brydde seg ingenting om motspelarane markerte han tett 
(medspelarane slo på han uansett).
Så brått eksploderte han.
Det er inga overdriving å seie at LAGET vart farleg kvar gong han fekk ballen.

Utlikninga 1-1 kom frå svært nært hald.
2-1 likeså, etter ein retur.
Eit nydeleg angrep forresten, som byrja med ei vedunderleg pasning frå Iniesta til venstrebacken Abidal.


Etter pause fekk vi sjå ei oppvisning i god angrepsfotball.
Det var tydeleg at Valencia, Spanias tredje beste lag, gjorde alt for å hale ut tida, ikkje minst ved småskadar, utspel og innkast,
 noko som utløyste pipekonsert kvar gong dei hadde ballen.

Men det hjalp ikkje.
I tillegg til å legge på til 3-1 og 4-1
(etter ei nydeleg gjennomløping og ein vakker chip)




serverte Messi medspelarane sine krempasningar gong på gong,
noko særleg unge Tello på venstreflanken kunne ha utnytta betre.
Til slutt var det småskadde Xavi 
(som kom inn for Iniesta)
som fastsette resultatet til 5-1 etter ein kontrollert lobb over
den meget gode Diego Alves i Valencia-buret.

Sjølvsagt etter pasning frå Messi.

Medan argentinaren såg ut til å takke høgare makter,


jubla heimefansen
(her ser vi den harde kjernen bak det søndre målet,
dei såkalla Almogavers).



Klokka 2330 var vi ute av stadion.
Saman med 74 200 tilskodarar byrja vi på vegen heim.

Nokon stod allereie i kilometerlange busskøar.
Og nedgangane til metrostasjonen Maria Cristina var sjølvsagt smekkfulle.
Drosjer var ikkje å sjå.
Så vi tok beina fatt.

Etter omlag 70 minutts rask gange var vi heime på hotellet.
Visse på at vi hadde fått med oss ei ekstraordinær oppleving.

For Barcelona er meir enn ein klubb.
Det er - i tillegg til å vere eit viktig våpen i katalansk patriotisme
og antisentralisme - ein heilt spesiell måte å tenkje på.

Ikkje minst når det gjeld målsetjing, samhandling og mennesklege relasjonar.

Kollektivet må fungere om individet skal lukkast.
Det er ikkje plass til store egoistar i dette kollektivet.
Det er dei andre som gjer meg god.
Og det er eg som gjer dei andre gode.




Søndags kveld stod FC Barcelona fram som eit slikt kollektiv.

Intelligencia Collectiva,
skreiv avisa Esportiu de Catalunya dagen etter kampen.

Det kan verkeleg vere noko å strekkje seg etter,
både på fotballbana og på arbeidsplassen.

Det er som eg alle tider har sagt.
Fotball handlar ikkje så mykje om fotball.

Det handlar meir om alt det andre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar