tirsdag 21. februar 2012

LA RAMBLA - ELVA GJENNOM BYEN

Noko av det mest fascinerande
med Barcelona er blandinga av kremmarverksemd, politisk radikalisme og separatisme.


Eg trur den mest typiske barcelonaren må vere ein politisk radikal
og patriotisk krambodseljar
som gjerne slår av eit par euro for ein norsk turist så lenge han får snakke katalansk.


Barcelona med sine fem millionar innbyggjarar
er sanneleg folkeleg og anti-Madrid.

Varmblodig og kommers.




Dette kjem godt til uttrykk på ei vandring oppover hovudgata La Rambla,
ein brei og skogkledd aveny frå Columbus-statua nede ved hamna Port Vell til trafikknytepunktet Placa de Catalunya.



Her tikkar verkeleg byen sin puls,
slik han gjorde i Antoni Gaudi, Pablo Picasso, Joan Miro og Salvador Dali sine dagar.
Det kryr av aviskioskar og suvenirsjapper.


Her syng kanarifuglar frå trea, og spåkoner stokkar tarotkorta sine medan portrettkunstnarar ventar på nye oppdrag til musikken frå gitarstudentar som  ynskjer å tene nokre slantar på fridagane sine.


Nokre er fantastisk flinke.


Andre er så som så.


For den som er svolten, er mulegheitene mange.
Det er ikkje få etablissement som tilbyr tapas i ulike variantar.


La Rambla - eller Les Ramles på katalansk - kjem opphaveleg av det arabiske ordet for elvesand (i meininga uttørka elvefar = ramla).

Det er altså maurarane som har etterlate seg dette namnet.


I mellomalderen gjekk bymuren langs den etterkvart tørrlagde elva.


Sidan utvida byen seg, særleg i sørleg (dit Columbus peikar) og (seinare) i meir vestleg retning (Eixample).



La Rambla er utan tvil Barcelona si hovudpulsåre.
Gata deler gamlebyen Barri Gotic i to.


Den eldste delen Ribera (med hamnekvarteret) i nord
og den noko nyare Raval (med arbeidarkvartala) i sør.

Kvar med sine horestrøk og shabby barar.

Den katalanske hovudstaden har vore eit industrielt senter heilt sidan slutten av 1800-talet, då han stod fram som den fremste hamnebyen ved Middelhavet
(på kostnad av rivalar som Marseilles, Genova og Napoli).



Men i kontrast til den kolossale rikdomen i handelsborgarskapet vaks arbeidarklassa seg stor, og i dette fattige sjiktet fekk ultraradikale, sosialistiske tankar rotfeste.
Tekstane til den russiske anarkisten Bakunin vart i Barcelona i 1860- og 70-åra tolka slik at (den spanske) staten skulle utslettast, Gud (den katolske kyrkja) avskaffast og dei rike (industrimagnatane) utryddast.

Bokstaveleg tala.
  
Og saman med den særprega katalanske sinnsstemninga rauka (rus, besettelse) skapte dette eit bolverk mot dei autoritære ideologiane i mellomkrigstida.
 Kanskje er det på bakgrunn av dette at vi må forstå det antifascistiske og separatistiske Katalonia.


Det desperate og lutfattige er her miksa saman med modernisme og renovasjon.

Ei heilt særeiga form for modernitet.
Djupe politiske tragediar, enkelte sigrar og mange nederlag har prega denne industrimetropolen i meir enn 150 år.

Framleis er den spanske borgarkrigen eit blødande sår i byen.

Motsetnadene var skarpe (også mellom dei som kjempa på "rett" side).


Skildringane frå dei desperate åra frå 1936 til 1939 er mange.



Mest kjende er kanskje George Orwells Hommage to Catalonia (1938)
og Ernest Hemingways For Whom the Bell tolls (1940).



Men mange lesarar har nok også krigsscenene i Nordahl Griegs
Ung må verden ennu være (1938)
i minnet.


Den norske forfattaren oppheldt seg i Barcelona frå desember 1937 til februar 1938, då tyske, italienske og falangistiske fly bomba byen.

Franco inntok den republikanske hovudstaden 26. januar 1939.

Han venta ikkje lenge med å forby det katalanske flagget.

Det katalanske språket vart bannlyst.



Altså krig, motstand, tap, siger - og tap igjen.

Ikkje minst difor er Barcelona ein politisk radikal by, der individuelle og liberale verdiar synest å stå sterkare enn alle andre stader i Spania.

La Rambla er framfor alt ein manifestasjon av dette, der ho ålar seg som ei elv gjennom byen.

Frå Columbus til hjartet av Katalonia.


Livleg og sta.

Frå morgon til kveld.

Støyande og fornyande
på same tid.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar