onsdag 30. oktober 2013

Øystein Orten: Rasmus Rebellen (2013)

Øystein Orten: Rasmus Rebellen (2013)




Krunamål, karstykke

Denne sunnmørshøvdingen Rasmus, opprøraren og rebellen som sette så djupe spor at styggeveret er oppattkalla etter han.

No får vi endeleg bli kjende med han Store-Rasmus som ætta frå Vartdal, budde i Haram, men som hadde sett verda. Hareidsdølen Øystein Orten fortel om forfaderen sin Rasmus, samtida han levde i og korleis han som stolt og kunnskapsrik sunnmøring talte danskemakta midt i mot. I ein historisk roman som er ein sann svir å lese møter vi spebarnsdød og skandinavisk politikk, svolt og stormenn. 

Språket er i ei klasse som gjer at eg berre må setje ned lesehastigheita. Få med meg orda som kvernar og mel, sneidar fram og smir ei forteljing ut av fantasi, folklore og historiske dokument. Orten saumar saman forteljeglede og kunnskap og serverer eit krunamål. Dette er eit karstykke. Lat oss håpe Samlaget viser Rasmus-krefter i marknadsføringa. Det er denne verd.


Torill Myren

8.10.2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar