tirsdag 3. desember 2013

Øystein Orten: Rasmus Rebellen (2013)



BONDEFØRARPORTRETT

Målmedvite forsøk på å foreina historiske fakta og diktarisk innleving.

Den som ønskte å tala prinsipielt om sjangeren «historisk roman», viste tidlegare gjerne til Aristoteles. Han insisterte på at historiefaget handlar om det som faktisk har vore, mens diktinga om fortida speglar ei personleg farga tolking. Ved å mobilisera fantasi og innlevingsevne gjer diktaren historia nær og levande.
Ei realistisk-psykologisk form har særteikna den historiske romanen, enten han er skriven av Sigrid Undset, Olav Duun eller Johan Falkberget, Anne Karin Elstad eller Roy Jacobsen. Då Georg Johannesen i si tid hevda at «historiske romanar» djupast sett handlar om samtida til forfattaren, og når Dag Solstad i årets sakprosaaktige murstein om eiga slekt søker å formidla sitt kjeldemateriale utan å leva seg inn i det, stiller dei seg begge kritisk til korleis diktarar tradisjonelt har handsama historiske fakta i sine verk.

Slike motførestellingar kan ikkje sporast i «Rasmus Rebellen» av sunnmøringen Øystein Orten. Han er fødd i 1962 og debuterte i 1995, har utfalda seg i ulike litterære sjangrar og gir i år ut ein historisk roman om fiskarbonden og opprøraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588- 1666) - ein av forfedrane til forfattaren sjølv.

Vurdert som slektsbasert roman fungerer denne tilbakeskodande soga, ført i pennen av husmannen Aslak, fosterson til den portretterte bondeføraren frå Sunnmøre, betre enn årets bragenominerte forskarrapport frå Dag Solstad, ein forfattar som i alle år har nekta for at han skriv om seg og sine, men som i år altså tar for seg eigen familie på morssida frå 1591 til 1896 på eit så pedantisk, detaljopphengt vis at teksten tidvis blir keisam og utmattande.

Betre lukkast Øystein Orten når han gjennom dramatiske scener og poetisk skildrande sekvensar gir eit livfullt bilete av personar og landskap og syner korleis representantar for den danske kongemakta undertrykkjer fattigfolk i det koloniserte Noreg. Her går historisk kunnskap, fantasikraft og politisk-sosialt engasjement ofte saman på elegant, perspektivskapande vis.
Steinar Sivertsen
3.12.2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar