søndag 22. desember 2013

JULETRE FRÅ PEPARKAKESKOGEN

Det er ikkje få gongar
vi har måtta baske oss oppetter Gjerdsråsa 
i råkulde og djupsnø
for å hente juletre.

Men trass i halvmørke og sipande regn  
tok det oss ikkje mange minutta
før vi var oppe i Peparkakeskogen
i dag.


Treet var kortvakse,
tett, tungt og meir enn halvgamalt,
omlag som han som saga det ned.


Tradisjonen tru
vart julehogsten feira med mandarinar, 
sjølvbaka julebakst


og kakao med einesmak.


Så no er det berre å gle seg
til juledagar
og lysare tider.


Mange bygder 
kan nok sjå fram til lange kveldar 
og flotte solnedgangar.
Men dei vakraste morgonane -
dei har vi her.

GOD JUL TIL DYKK ALLE!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar