onsdag 13. november 2013

Øystein Orten: Rasmus Rebellen (2013)

Øystein Orten: Rasmus Rebellen (2013)



Velskrive og godt fortalt om rebellen

Forfattaren Øystein Orten frå Hareid har arbeidd seg opp eit breitt repertoar. Dikt, noveller, romanar, dokumentarar. Den ferske 
Rasmus Rebellen er ein ekte historisk roman, og lat meg tilstå 
to forhold: 

Eg er begeistra for forfattaren Øystein Orten, og eg meiner 

Rasmus Rebellen er ei bok til å bli klok av. Dessutan er det ei 
god historie, skriven av ein forfattar som både taklar det 
nynorske språket framifrå, og som har sikra seg historisk kunnskap 
til å vere truverdig, spenstig og innsiktsfull om noko som har hendt 
for nærare 400 år sidan.

Forfattaren Dag Solstad har uttalt at kvart menneske bør ha eit 

perspektiv på 500 år, 250 år bakover, 250 år fram. Eg trur han 
kunne ha teke kraftigare i bakover. Og så er han skeptisk til historiske romanar der forfattaren smyg seg inn i hjartet til hovudpersonen. 
Solstad, som sjølv er aktuell med ein historisk roman denne hausten, basunerer dette til Dagbladet Magasinet nyleg: 
«Jeg skriver fakta og fyller ikke ut med det jeg ikke vet. 
I de historiske romanene jeg har lest, det er ikke mange, 
virker det som om forfatterne ikke ser at det er et problem å 
dikte, og det gjør det vanskeleg for meg å lese disse bøkene.»

Eg forstår på ein måte Solstad. Han er dessutan ein av favorittane 

mine i den norske litteraturen. Men denne gongen kunne eg vel 
ikkje vere meir usamd. Øystein Orten diktar. Rett nok fortel han 
historia gjennom Rasmus sin adoptivson, Aslak, og lite av den 
forteljinga er frå innsida av hovudet til hovudpersonen. Men når 
du diktar innsiktsfullt, då fungerer det både som forteljing og 
historieundervisning.

Orten seier sjølv at berre fire-fem prosent av romanen er bygt 

på historiske fakta. Då meiner han livet til Rasmus Rebellen og 
dei konkrete hendingane han er involvert i, han meiner ikkje 
tidsbiletet. Eg er ikkje historikar i særleg omfang, men eg meiner å 
ha dekning for at Øystein Orten har teke seg så godt inn i den tida 
han skriv om, at det er som sagt til å bli klok av. Det dreier seg om 
å gi oss innsikt i dei mulegheitene forfedrane våre stod overfor, og 
dei karrige vilkåra der mange sleit seg ut. Arbeid, uår, korn som ikkje 
mogna, svolt, sjukdom, død, ureinske og sakn. Skattar som vaks folk 
over hovudet, lang veg til appellinstansen i København, futar og 
stormenn med avgrensa hjartelag. Rasmus hadde håp og kløkt, og 
var meir sta enn som godt var. Det knekte han til slutt. Men før 
finalen, blir han fanga fleire gonger, men smett seg fri. Ikkje for å slå 
seg til ro, men for å køyre sakene, rettferda, prosessane, opprøret 
eit steg vidare. Alltid vidare.

Odelsguten frå Vartdal, som skulle bli opprøraren og helten i denne 

romanen, får vi følgje frå vogge til grav, fødd i 1588, død rundt 1666. 
Men han tok aldri over garden til foreldra på Vartdal. Nærast tilfeldig 
tek utferdstrongen overhand, og han hamnar om bord i ein hollandsk 
båt – og etter kvart i den hollandske marinen, der han endar opp med 
offisersgrad, språkkunnig og mange erfaringar rikare. Så vender han 
heim, full av historier, men overlet – moralsk nok– garden på Vartdal 
til broren. I staden slår han seg ned på det som skal bli storgarden 
Kapernaum på Myklebust på Harøy. Rasmus Engelbrektson 
Bust har energi og evne til å tene pengar. Han skaffar seg raskt fleire 
bein å stå på.

Eg har alltid ein penn i handa når eg les, strekar under saker og ting 

i bøkene, lagar mitt eige register med tilvisingar fremst på dei blanke 
sidene. Kva har eg streka under hos Orten denne gongen? Mellom 
anna poesien, språket, flyten, forteljarevna. Det er eit språkleg sug 
i delar av denne boka som riv meg med som lesar. Øystein Orten tar 
igjen med seg fortida si som diktsmed inn i romanskrivinga. Ein 
vedunderleg nynorsk, verken meir eller mindre!

Dette er Kristian Kvart (IV) og Fredrik III sin tidsepoke, inga lykkeleg
tid for lydriket Norge og småkårsfolket her. Kristian Kvart hadde store 
ambisjonar og forvilla seg inn i den eine krigen etter den andre. For å 
finansiere eventyra sine gjorde han det same som kongar og keisarar 
alltid har gjort: Han skreiv ut skattar, og småfolket fekk lide. 
Futane i Norge sytte for å drive inn det som kongen kravde – frå 
bonde, fiskar og husmann. Småfolket måtte betale det kongen kravde 
pluss litt til for å gjø korrupte innkrevjarar. Fredrik III var ikkje stort 
betre. Mest avgjerande for innhaldet i Orten-boka er krigen han førte 
mot Sverige frå 1657–60. Ved freden i Roskilde i februar i 1658 måtte 
Danmark mellom anna avstå Trondheim len til Sverige. Norge vart 
delt i to ved grensa til Romsdal. Såleis har det seg at
svenske soldatar jakta og jaga Rasmus i oktober 1658, heilt til
han kjem over grensa og er på Sunnmøre, altså i Norges land.

I tida rundt kongeskiftet 1648/50 blir folket i Norge meir og meir 

tynte av korrupte futar, skattar og hardhendt lovpraksis. Folket 
murrar og tida ropar på ein protest – eit opprør. Frå sitt sete på 
Kapernaum på Harøya har den etter kvart så tiltakssame og smarte 
Rasmus skaffa seg bra økonomi. Rett som det er, hjelper han folk 
ut av vanskelege situasjonar og tek til seg fattigborn. Det er ein 
av dei, fostersonen Aslak, som Orten altså har lagt forteljinga i 
munnen på. Det gjer Aslak med eit knapt, men rikt språk, 
og med stor innleving. Dramatisk, opprørande, men også med 
drypp av glede og store augneblinkar. Armod og velsigning hand 
i hand.

Boka om Rasmus Engelbrektson Bust har lokale forgreiningar til 

både Ulstein og Hareid. Ho er eit fengslande portrett av ein 
bondeførar som ikkje klarte å sjå på den daglege urettferda 
rundt seg. Naudsåra rundt 1660 set ein skarp farge på 
dramatikken. Som lesar blir du plassert midt i dette landskapet, 
og får følgje denne modige opprøraren og agitatoren på nært hald 
– heilt inn i stupet. Til forfattaren er det berre 
ein ting å seie: Til lykke!


Asle Geir Widnes Johansen

12.11.2013

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar