fredag 8. november 2013

Songen frå fengselsmørket

Her,
i mørkestova

 
under Rozenkrantztårnet
på Bergenhus,
 
 
sat altså 
Rasmus Engelbrektsson Myklebust,
oftast berre kalla 
Store-Rasmus,
gjennom dei to kaldaste vintrane i manns minne,
mellom 1656 og 1658,
 
 
og venta på dommen sin,
som etter alle solemerke skulle bli dødsstraff.
Han var ikkje den fyrste
sunnmøringen
som hadde hamna her
for oppstand og rebellion mot styresmaktene.
Jo Jamt,
den svenskætta villmannen frå Valldalen,
hadde også vore lenka fast til murane her nede
vel femti år tidlegare.
 
 
Og rettarstaden 
var godt synleg frå festningsmurane.
 

Jo Jamt 
gjekk det skikkeleg ille med.
Truleg 
var det storpolitiske hendingar
som berga hovudet til Store-Rasmus
(i denne omgang).
Den meir enn forsmedelege
fredsavtalen i Roskilde,
underteikna på ettervinteren i 1658,
og som gav heile Trondhjems len,
inklusive Romsdal,
til svenskane,
gjorde at lensherren i Bergenhus,
seinare kanslar og Kongens hand,
Ove Bjelke, 
som residerte i desse flotte bygningane,

 
og som kanskje også besøkte 
den sunnmørske rebellen 
nede i fengselscella hans,
 
 
trengde all den sympati han kunne få på Sunnmøre
no når soldatar skulle vervast 
for å vinne desse områda tilbake
frå Sverige.
For korleis kunne fiskarbøndene
sende sønene sine
i danskekongen si teneste
om talsmannen deira,
Store-Rasmus,
sat i grinda i Bergen?
Kanskje var det dette
som overtydde Ove Bjelke,
barnebarnet til fru Inger til Austrått,
om at denne Rasmus Rebellen
skulle få sjå dagslyset igjen?
 

Men kva tankar gjorde
Store-Rasmus seg
medan han sat saman med dei andre 
fengselsfuglane nede i denne mørke hola,
og venta - og venta - og ikkje visste
nokonting
om kva som skulle skje?



Kanskje song dei visa om Jo Jamt
for han?

Høyr 
Odd Goksøyr sin
BALLADEN OM JO JAMT 
her

https://soundcloud.com/oddgok/balladen-om-jo-jamt#t=0:00

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar