onsdag 28. desember 2011

SKOG

Gjekk ein tur på Holstadhornet i dag.
Ville sjekke om vinden hadde fare ille med skogen.
Allereie etter ti minutts gange fekk eg ei fin utsikt over fjorden.
Med Vartdalsfjell og Sykkylvsfjell under midtvintershimmelen.
 
 

Mange rotvelt møtte meg oppigjennom.
Men den vesle skogteigen vår hadde heldt stand.
Peparkakeskogen.



Vinden friskna på oppetter råsa.
Sjeldan har eg kjent sørvesten så kald.
På toppen av Holstadhornet venta restane av ein liten storm.


Ingen hadde kome frå Håbakkane i dag.



Turen nedatt gjekk på halve tida.
Men skyene tjukna seg til og gjorde dalen myrk.
 
 

Sjølv om nokre glenner framleis rydda plass for lyset.
 
 

 På Holstad stod to einslege bjørker.
Våte og bladlause.
Kvar av dei med sin unike personlegdom.


Men viljen og trassen har dei felles.
  Sjølve stirren.


Det finst røter som ingen orkan kan rive opp.

2 kommentarer:

  1. Kjempefine bilde og poetisk tekst. Eg er glad i store fine tre, men dei bør helst stå på ein "trygg plass", langt frå hus og vegar. Store gamle bjørker er ofte innrotne, og då er dei farlige. No om vinteren er vel granene mest utsette i vinden.

    SvarSlett
  2. Det var ei frå justisdepartementet som var på Sunnmøre i dag. Kanskje ho skulle snakke med sin kollega frå Landbruksdepartementet om kvifor det veks opp så mykje skog som dett over kraftlinjene ? Ellers takk for fin blogg !

    SvarSlett