lørdag 17. desember 2011

Oh When The Saints

Wolverhampton-Stoke 1-2.

Dette kunne gjerne ha vore ein vinterleg tippekamp på NRK ein gong på 1970-talet.

Med snø i lufta, tøffe taklingar og høge ballar framfor mål. 

Og Øyvind Johnsen som kommentator.

Men det er altså eit ferskt resultat frå dagens runde i Premier Leauge.


Wolves var klart best i fyrste omgang.

Matt Jarvis herja slik på venstresida at Stokes Jonathan Woodgate blei bytta ut etter berre 18 minutt. 

Då hadde han allereie laga straffe og fått gult kort.



Den tidlegare Real Madrid-spelaren er rett og slett blitt for treig.

Godaste Jarvis minte meg elles om den gamle Wolves-vingen David Wagstaffe.


Også han kom til mange innlegg i Øyvind Johnsen sine dagar.

At Stoke snudde kampen i andre omgang, etter mål av Robert Huth og Peter Crouch, var inga bombe.

Eg forstod faktisk at dette kunne gå vegen då eg høyrde at Stoke-fansen song Oh When The Saints rett etter 0-1.

The Boothen Ends.

Det er slikt ein kallar supportarar.

Dei fyller kampane med nytt liv og gjer at engelsk fotball framleis er  laurdagens høgdepunkt for gamle høgrebackar.  




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar