mandag 26. desember 2011

VIND

Den sterke vinden i går kveld lyt ta skulda for at årets kortaste joggetur berre målte 2700 meter.


Fyrst tok eg ei runde rundt huset.

Fanst der noko som ikkje var fastsurra.

Kunne stormen finne på å ta med seg noko.

Men kanoen, kompostdunkane og utebordet hadde ikkje rikka seg ein millimeter.

Rundt klokka sju slengde ei drusteleg byge meg mot verveggen.

Ho kom overraskande og eg vart piska våt.

Kunne kjenne at Atlanterhavet smakte salt.

Eg køyrde bilen inn i garasjen, kolva trillebåra og tok skia inn i gangen.

Brått gjekk lyset.

Og heile Hareid vart liggjande i eit middelaldermyrker.

Det var då eg kom på kaninene.

Marlon og Ludde.

Korleis var forma der, tenkte eg då eg tumla meg rundt huset att.

Ikkje så ille eigentleg.

Den eine hadde grave seg ned i høyet.

Men den andre var svært glad for å sjå meg.

Ein skulle slettes ikkje tru dei var i slekt.

Så sprang eg frå gards med hovudlykta mi.

 
Skogen ovanfor meg svartna og fyltest med djupe ul.

Og vinden lyfta meg med himmelske krefter innover myrane.

Steglengda var fantastisk.



Eg snudde ved ungdomsskulen.

Skrådde nord og vestover mot Nobba.

Stega var små og lette opp Drammensvegen trass i ei enorm motbør.

Små glimt av stearinlys i eitt og anna vindauget.

Nokre forpjuska hovud glante ut i julekvelden.

Kva for idiotar kunne finne på å vere ute i slikt eit ver.

Langs Gamle Brandalsvegen var ingen å sjå.

Nei ingen.

Så kom endeleg straumen.

Juletrelysa vaia mot meg frå kvart eit tun.

Brått var eg heime att.

Katten stod ved døra og ville inn.

Eg heiv han opp på vedladet.

Det var trass alt mange varmegrader.

Endeleg inne.

Ikkje ein gong sveitt.

Med bakgrunn i den overdådige middagen på julaftan hadde eg absolutt trengt ein litt lengre tur.

Men straumen gjekk att.

Og han vart borte lenge.

Resten av kvelden gjekk med til eting av snop og lesing under eit stearinlys medan eg høyrde at han friskna alvorleg på der ute.

Eg trur vi kan seie at det utvikla seg til ein orkan av det sjeldne slaget.

 

 
Så i dag tidleg tok eg ei vareoppteljing.

Kaninene er framleis saman med oss.

Ingen knuste takheller ligg på plenen.

Men pipehatten til naboen ser ikkje bra ut.

Og vindaugsrutene treng opplagt ein vask før nyttår.

Elles få materielle skader.

Dessverre er ikkje katten å sjå.

Eg håper han har funne venene sine nede i løa på Nelabrekkane.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar