mandag 10. oktober 2011

BOBBY

Fleire enn meg har nok blitt fascinert av The Kennedys, som vart avslutta på NRK1 i går kveld.


Interessa rundt JFK si korte presidentperiode, for ikkje å snakke om intrigene i den næraste krinsen rundt han, med sentrale hendingar som invasjonen i Grisebukta, bygginga av Berlinmuren og nesten-atomkrigen under Cuba-krisa som bakteppe, i tillegg til alt sladderet kring medikamentmisbruken og damehistoriene, er framleis enorm.

Ikkje uventa har serien fått mykje kritikk. Eigne Facebook-sider er blitt oppretta for å stanse gjennomføringa av TV-prosjektet. Og nære medarbeidarar av presidenten har kalla framstillinga av hovudpersonen for eit karakterdrap.
Kennedy-klanen er trass alt det næraste amerikanarane kjem eit kongehus.

Vel, det er sikkert ikkje umuleg at einskilde bitar av den historiske framstillinga kan basere seg på rykte og spekulasjonar (t d mafia-linken til far Joseph). Mange element er nok også skikkeleg dokumentert (f eks presidentens stemnemøte med Marilyn Monroe).

Men historia - kven eig henne?

Kven har einerett til å skrive og administrere henne?

Uansett.

For meg står fleire av figurane i denne serien fram som skikkeleg spennande.

Presidenten er eit kapittel for seg, samansett av sine mange mein og føremuner, og driven fram av den rike og ambisiøse ambassadøren.

Og bak faren - den endå sterkare Rose, djupt religiøs, mor til ni.

Men framfor alle er det bror Robert (Barry Pepper) som her blir framstilt som helten.


Bobby tek - både med og mot sin vilje - rolla som Mr. Fix-It for JFK.

Han ryddar opp.

Og skjer i gjennom der broren vaklar.

Nådelaus i si jakt på korrupsjon, mafiaverksemd og organisert kriminalitet.

Kompromisslaus i støtta til dei svarte sine borgarrettar.

Justisministeren.

Uredd og arrogant.

 Som insisterer på å bli titulert "general" av FBI-sjefen Hoover.

Ein idealist, som også møter slangen i paradiset (Marilyn Monroe).

Som får stor skuldkjensle etter 22. november 1963 sidan han har vore så flink til å skaffe broren fiendar (mafiaen, fagrørsla, FBI m fl).

Og som til slutt blir drepen sjølv, i Los Angeles, etter å ha vunne tilbake initiativet i nominasjonsprosessen mellom demokratane før valet i 1968.

Ironisk nok var det på veg ned til kjøkkenet på The Hotel Ambassador (for å takke betjeninga etter valsigeren i California) at Robert Kennedy vart skoten 5.juni.

Akkurat desse TV-bileta hugsar eg:

Kona Ethel (mor til dei 11 borna hans) som bøygjer seg over han.

Men Bobby utan ord - berre blodet som piplar ut av munnen.

Vel.

Den slagramma faren, ambassadøren Joseph sr, døyr året etter.

Berre gudane veit kva han tenkte om lagnaden til sønene sine.



Knallharde Rose (glitrande spelt av Diana Hardcastle) lever heilt til 1995.

Ho blir 104 år gamal.

Familien Fitzgerald - det må ha vore ein sterk sort.

Og alle dei døde Kennedyane.

Dei lever framleis.







5 kommentarer:

  1. Eg har alltid vore særs interessert i Kennedy-familien, heilt frå eg var lita jente då mor mi fortalte om Jackie si rosa drakt med ektemannen sitt blod på. For mor mi var det vel like mykje ein fascinasjon for Jackie Kennedy.

    Men det er jo ein familie som har vore heimsøkt av tragedier. Hugsar det prega meg veldig at John John for nokre få år sidan styrta med flyet sitt på veg til Kennedy-familien sitt landsted nord for New York. Kona og svigerinna omkom jo i same flystyrten. Dessutan var han jo ein så utruleg vakker mann, sjølv om det på ingen måte har noko med saken å gjere, anna enn at det forklarer kanskje delvis mi store interesse for han.

    Det som kanskje er litt "rart" har eg ofte tenkt var jo at denne familien aldri tvilte på kvar dei høyrde heime i det politiske landskapet, dei var svorne demokratar. Med særleg foreldra sin bakgrunn skulle ein kanskje tru det var meir naturleg at dei var republikanarar. Men så var det kanskje heller ikkje like lett å vere republikanar som katolikk, kva veit eg....

    Men eg stussa særleg på slutten i går: Dei går svart langt i å insinuere at Bobby elska Jackie, kor dei har dette frå veit ikkje eg. Men med tanke på at Ethel fortsatt lever (for det gjer ho vel?) så synes eg det er rart. For meg står det for meg som reine spekulasjonar.

    Eg hugsar at Jackie døydde dagen før mitt første barn var fødd, og nyheita om dette var det første eg las etter fødselen. Ho gifta jo seg med Onassis som var så mykje eldre enn henne, og ekteskapet varte jo heilt fram til han døydde - i ni år trur eg? Og Jackie viste jo det budde ein heil del i henne, ho blei jo ein profilert forlagsredaktør (?) - i alle fall jobba ho i forlagsbransjen.

    Som interiørinteressert registrerer eg også at Kennedy-stilen fortsatt står veldig sterkt i merker som Ralph Lauren og Gant. Austkyst-stilen, også kalt, New England-stilen, står veldig sterkt og linjene tilbake til Kennedyane sitt liv der er klare og uttalte, og einstor inspirasjon for designerane.

    Jah! Dette blei mykje frå meg, men absolutt eit interessant spørsmål du stiller om kven som eig historia.

    SvarSlett
  2. Kjempespennande, Mariann! Ja, eg også tenkte Bobby-Jackie mot slutten. Der kan kanskje ligge nokre trådar i slike sorgprosessar? Ein kjem trass alt veldig nær når slikt skjer. Og desse para stod veldig tett, tippar eg. Og Ethel lever, trur eg. F. 1928. Best hels Ø

    SvarSlett
  3. Elias Johan Liavaag12. oktober 2011 kl. 17:12

    Dette er eit særs spanande emne. Den offisielle JFK-historia gir jo også godt grunnlag for konspirasjonsteoriar. Mange av desse er dessverre heilt obskure og til tider "klin kokko", men det fins også mange gode. Til dømes "Operation Northwoods" som eg anbefalar alle å sjekke ut/"google".

    Fekk sjølv vitja Elm Street i Dallas då eg var der på ferie i 2008, og eg må få lov å nevne at det er mykje uvisse rundt korleis han blei drepen, til dømes blir det sagt at han blei skoten bakfrå i øverste etasje i huset i krysset. Den kjende videoen som dei fleste har sett syner eit skot som ser ut til å kome frå sida og dermed er det noko som skurrar for meg. Kva var det eigentleg som skjedde?

    JFK hadde jo mange fiendar, naturlegvis. CIA til dømes. Det at han gjekk så knallhardt ut mot korrupsjon har gjort at mange har gitt han tittelen "den siste amerikanske president". Ei slik ytring kan no sjølvsagt diskuterast, men som sagt, eit særs spanande emne :D

    SvarSlett
  4. Ja, takk for lødig og god kommentar! Det er vel slike "usikre faktorar" som gjer historia spennande. Når premissane vaklar (som fakta og kronologi rundt skota i Dallas), kan konklusjonen sikkert diskuterast.Kven stod bak? Kven har interesse av å framstille hendinga slik og slik? GOD HELG! Best hels Ø

    SvarSlett
  5. jeg kunne ikke tro at jeg noen gang ville bli gjenforent med min eks-kjæreste, jeg var så traumatisert av å være helt alene uten kropp å være ved meg og være sammen med meg, men jeg var så heldig en dag å møte dette kraftig trollformler Dr Dawn Acura, etter å ha fortalt henne om situasjonen min, gjorde hun alt menneskelig mulig for å se at kjæresten min kom tilbake til meg, faktisk etter å ha trollbundet trolldommen kom min eks-kjæreste tilbake til meg mindre enn 48 timer, min eks-kjæreste kom tilbake og tryglet meg om at han aldri ville forlate meg igjen, 3 måneder senere ble vi forlovet og giftet oss. Hvis du har samme situasjon, er det bare å kontakte Dr Dawn Acuna på e-posten hennes: { dawnacuna314@gmail.com } tusen takk mor for gjenopprettingen min eks-kjæreste tilbake til meg,
    *Hvis du vil gjenforenes med kjæresten din.
    *Hvis du ønsker å bli gravid.
    *Hvis du vil kurere noen form for sykdom.
    Kontakt henne for løsning: Whatsapp { +2348032246310 }
    E-post: { dawnacuna314@gmail.com }

    SvarSlett