onsdag 19. oktober 2011

JUBILEUMSVERKET

Jubileumsverket VILJEN TIL SONG av Odd-Arve Hjørungdal vart framført for omlag 700 tilhøyrarar i Hareidshallen søndags kveld. 


Foto: Gunnar Wiik

Hjørungavåg Brass og eit samansett kor frå Hareid (Kammerkoret og Brandalskoret) akkompagnerte solistane Magne Fremmerlid og Charlotte Fongen.

Komponisten dirigerte det sterke ensemblet sjølv.

For mange vart dette var ei flott oppleving.

Fine musikalske prestasjonar og god stemning.

Folk har spurt etter tekstane som vart nytta i verket.

Dei kjem her (i rett rekkjefølgje): 


om

du vil kjenne vekta av havet



leit etter bjørka sine tynnaste røter under snøen

høyr etter regnet si sildring i takrennene

ferja sin jamne song over fjorden

alt som forstyrrar morgongryet

som kjem og kjem



om

du vil kjenne vekta av havet



slå ikkje olbogane mot berget

                              Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)
                               
                   

På vandring over heia
Enno langt å gå
På leiting etter leia
Stansar ved eit strå


Skjelv i andedraget
Frå universets munn
Lever langt frå jaget
Eit æveleg sekund


På vandring over heia
Enno langt å gå
På leiting etter leia
Stansar ved eit strå


Rak i sommarbrisen
Med ryggen bøygd mot haust
Kvile under isen
Til dagen stig i aust


Eit landskap og ei vandring
Enno langt å gå
Ei reise gjennom undring
Stansar ved eit strå


Skjelv i andedraget
Ein morgonvind, ein dåp
Lever midt i jaget
Eit timeglas, eit håp


Eit landskap og ei vandring
Enno langt å gå
Ei reise gjennom undring
Stansar ved eit strå
................
                                                        

                                                         Andreas Bjåstad: ANDEDRAGET (2002)


dette er eit anna land

her er ingen sommar
og ingen vinter

her finst ikkje steelgitarar
eller breibremma limousinar
under varm sol


berre kald sjø
grått berg og stirrig lyng


her speglar ikkje regnbogens vimplar
seg i tusen vindu langs dei grøne alleane


her stemnar ingen tog
i vilt jag mot neste hovudstad


ingen høgspente katedralar
strekkjer armane mot himmelen


dette er eit anna land


dette er eit anna land
                                              

                                                       Øystein Orten: havflammen (1995)



landskap
etter landskap
trassar forbodet mot solnedgangen

snøen fell midtsomars
kvitfargen på bedehusa signaliserer
at gud har falle i søvn

evangeliet
er gjerda inne
av inderlege grusvegar

der ingen menneske
kan sjå einannan
må ein bestemme seg

kjensla
av at det ikkje regnar

andre stader
enn her

                                                        Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)



om du ikkje ser
kvar du trengst
i desse tusen kvardagane

om du ikkje vil gje
av deg sjølv til dette landet
då er vi alle på eiga hand

ville vi ikkje
synge songen og nå øyret

det er langt fram

                                                      Øystein Orten: havflammen (1995)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar