tirsdag 31. mai 2011

VI SKÅLAR FOR HÅKON JARL

På ein lett fjelltur til Løkeberget kom det brått føre meg at det i år er 1025 år sidan Håkon Jarl slo jomsvikingane ved Hjørungavåg.


Som vi alle hugsar, inngjekk den norske kongen (ja, vi reknar han faktisk som det, sjølv om han eigentleg var vasall under den danske) ei pakt med trolldomsmaktene. 

Midt under slaget ofra han sonen Erling i eit heidensk blot (at Håkon Jarl ikkje tok Kvite-Krist si lære alvorleg sjølv om han var døypt, var jo noko danskane var ekstra irritert over). 

Så kom haglbygene. Krigslukka snudde. Bue Digre hoppa over bord med gullkistene. Og det meste av danehæren vart jaga på havet. 

Den (i fylgje Snorre) vakre Håkon Jarl vart etter denne knusande sigeren i 986 umåteleg populær landet over. Men suksessen gjekk kongen til hovudet. Han trudde han kunne få dei kvinnene han måtte ønske, og la seg difor etter også dei gifte og velståande. Det var både koner og døtrer. Dette skapte sterke kjensler mellom småhovdingane i Midt-Noreg. Rivalen Olav Tryggvason fekk dermed mange tilhengjarar som helst såg denne skjørtejegeren fjerna.

I fylgje barnelærdomen enda klappjakta på helten frå Hjørungavåg med at trælen Kark tok livet av herren sin i 995, etter at han fekk høyre om den gilde dusøren som var utlovd (det var då dei gøymde seg for forfylgjarane i grisebingen på Oppdal).

Vi kan dermed trygt seie at den mannlege kjønnsdrifta og svolten etter stendig nye kvinnfolk bidro temmeleg sterkt til at valdsmannen Olav Tryggvason kom til makta i kongeriket Noreg.

På sett og vis er det mange parallellar mellom Håkon Jarl og Bill Clinton.

For ikkje å snakke om Silvio Berlusconi.


Eller Dominique Strauss-Kahn.

Håkon Jarl var både ein buddy, ein brother og ein pikenes jens.

Men kvar stod slaget ved Hjørungavåg?

Teoriane er like mange som det finst lokalhistorikarar på Sunnmøre.

Eg held likevel ein knapp på Liavågen, som vi her ser munnar ut mot Storfjorden litt til venstre på biletet.


Sjølvsagt har krigshandlingane gått føre seg ute i fjorden, mellom Hareidlandet og Sulalandet (som vi skimtar bak til venstre).

Snorre bruker i Heimskringla proposisjonen VED og ikkje I.

Min eigen versjon av desse dramatiske hendingane står å lese i romanen Rabarbrakrigen  (lagt i munnen på historielæraren Skrubbesveisen).

Kva meir kom føre meg på veg opp mot Løkeberget?

Ikkje stort. Men på toppen kunne eg sjå heim (altså nordover).


Temperaturen låg rundt ti grader.

Ein kongeørn sirkla over hovudet på meg ei god stund.

Av mangel på lemen såg han vel seg om etter eit bytte.

På råsa ned mot Løset gløtta sola fram mellom bjørkagreinene.

Men sjølve sommaren let framleis vente på seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar