lørdag 28. mai 2011

INGEN DAMER I REGN

Mai kan vere grå og kald og våt på Sunnmøre.

Men sjølv på laurdagar med yr og temperaturar under 10 grader kan dalen opne seg og gje kveik til både kropp og sinn.

Du spring ikkje einsam langs Kvitholvegen når lupinane helsar deg frå grøfteskjeret.


Du tek av i Kaldholen og siktar deg inn mot Ulsetbakken.

Ingen bilar eller menneske å sjå.

Eg har høyrt at enkelte finnmarkingar skyt med hagle på skilt med samiske namn.

På Sunnmøre er det fartsgrensene det går ut over. 

Same kor smalt og svingete det er.



Eg seinkar farta i siste bratta.

Kva gjer det vel at returen over Røyset kjennest tung.


Frå enden av vatnet skimtar eg gardane på Grimstad.

Medan regnet legg ørsmå dropar over bjørkeblada og vassliljene.   

Men ingen damer kom vandrande langs elva i dag.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar