lørdag 7. mai 2011

A perfect Day

A perfect Day. A perfect Place.


Nokre dagar. 

Det kan gjerne vere ein laurdag. Når du står opp klokka 0830. Utkvild. Og sola er i  ferd med å bryte gjennom. Og du hentar posten. Kokar kaffi. Et ferskt grovbrød med plommesylte. Og les avisene. Slik at du nesten må le.

Dagar då gradestokken viser 18 grader. Du er trygg på at det vil bli endå varmare. Himmelen er disig. Og du vaskar bil. Snakkar med naboen. Klappar katten. Arbeider litt i hagen. Ein liten time eller to. Klappar katten igjen.

Før sola bryt skikkeleg gjennom. Og du entrar altanen. Hiv av deg på overkroppen. Les ein halv time Espen Haavardsholm. Ein halv time Kåre Holt.

Og du reflekterer litt over det historiske råmaterialet som ligg til grunn for desse to forfattarskapa.

Et middag. Drikk kaffi igjen. Og berre pustar. 

Dagar då du brått bestemmer deg for at du vil springe til fjells. 

Kome opp i høgda og kjenne at alt er heilt stille. Og at dette er staden. 

Og at det eigentleg ikkje finst andre stader enn her.

At vi er heldige.  
Vi som bur der vi bur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar