torsdag 26. mai 2011

Francesco Petrarca: Canzoniere

Av dei store renessansehumanistane frå Italia representerer Francesco Petrarca (1304-1374) sjølve bindeleddet mellom Dante Alighieri og Giovanni Boccaccio.
Faren til Petrarca, Ser Petracco, fekk same lagnanden som Dante då han i 1302 vart forvist frå Firenze av guelfane, den politiske grupperinga som også gjekk under namnet Dei svarte. Han søkte fyrst tilflukt i byen Arezzo, om lag seks mil sør om Firenze. Etter dette levde han eit svært omflakkande liv.
Sonen Francesco vart fødd i Valdarno, der Ser Petracco hadde slektsrøtene sine, før familien reiste til Pisa, og seinare til Avignon, der paven hadde tilhald i denne perioden.     
Francesco vart så send til Montpellier og Bologna for å studere jus, men etter at faren døydde i 1323, returnerte han til Avignon, der han fekk seg mindre stillingar i den kyrkjelege administrasjonen.

Det er på dette tidspunktet han møter den uendeleg vakre Laura de Noves i Sainte-Claire-kyrkja. Hendinga er datert til 6. april 1327, og Petrarca vert mildt sagt svært hugteken av denne kvinna (eg trur det må vere dette amerikanske personlegdomspsykologar kallar peak experience).

I Sigmund Skards omsetjing (henta frå Framande dikt frå fire tusen år, Det norske samlaget 1968) skildrar han møtet slik:
Eg signar årets bel, eg signar året,
og månad, dag og time då det hende,
og stad og stelle der min lagnad vende
og eg vart bunden av to auge klåre.

Laura blir dronninga i poesien hans. Livet ut.
Men kjærleiken er uoppnåeleg. Laura er gift. Og kjenslene hans blir møtt på kjøleg vis.
Etter lange reiser gjennom Nord-Frankrike og Tyskland, kom Petrarca til Roma for fyrste gong i 1337. Her vann han ry som den fremste diktaren i si samtid. Trass i sine ufullendte studiar vart han fyrste påskedag 1341 hylla – med laurbærkrans på hovudet - som Romas største poet og historikar (magnus poeta et historicus) under ein høgtidleg seremoni på Kapitol. Den gamle romerske skikken med innsetjing av ein hoffpoet – poeta laurentis, jamfør den britiske poet laureate – vart altså gjeninnførd med Petrarca.
Av mange kontaktar som vart knytte i denne tida, kjem ein ikkje utanom møtet med Boccaccio, noko som utvikla seg til eit nært og livslangt vennskap. Boccaccio vart lenge sett på som Petrarca sin lærling, men beundringa skal ha vore gjensidig. Dei to diktarane studerte gresk språk og litteratur saman i Venezia og arbeidde medvite med å vekkje til live den antikke kulturen (særleg den greske). Dei representerer også det humanistiske renessanseidealet som sameinar det aristokratiske, det urbane, det lærde og det geistlege (då paven returnerte til Roma i 1367 var dette elles til stor glede for Petrarca).
Petrarca sin litterære produksjon er svært omfattande. Det aller meste er på latin,  men hovudverket hans er skrive på italiensk.
Canzionere (skrive mellom 1327 og 1374) inneheld altså 134 sonnettar som alle krinsar rundt den vakre – og uoppnåelege - Laura. 
Som vi forstår uttrykkjer dikta ei ulukkeleg forelsking på avstand. Lengten etter Laura er full av seksuelle spenningar. Dette er noko Petrarca vedgår i breva sine. Men aller mest er det snakk om ei kjensle av noko åndeleg.
I Göran O. Erikssons svenske omsetjing (henta frå Renässansens litteratur, Nordstedts 1996) heiter det:
Och jag sade gång på gång
fõrundrad, fylld av bãvan:
Hon måste vara fõdd i paradiset…

Laura representerer eit møte med det guddomelege. Eit nærver av Gud.
Sjølv etter at ho døydde (under Svartedauden) i 1348, held han fram med å dikte om henne.
Det er muligens rett å seie at med Petrarca sine elegiar over Laura fann det melankolske kjærleiksdiktet si litterære form. Nokon snakkar jamvel om denne spesielle tilnærminga som petrarkisme. Slik sett står både Lord Byron, Dante Gabriel Rossetti og (den unge) Ezra Pound i gjeld til han.
Petrarca døydde i Padova i 1374. Trass sin geistlege bakgrunn hadde han to born. Døtra Francesca stelte han til det siste. Ein god del av formuen hans vart testamentert til venen og læresveinen Boccaccio.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar