mandag 27. juni 2016

UNDER LINDA 2016 KORT OPPSUMMERT

Då har vi lagt 
den fjerde poesifestivalen  bak oss,
og mange vil hevde at det vart ei gjevande stund
med mykje gild song og flotte opplesingar Under Linda.


MARIT KALDHOL - TOMAS TRANSTRÖMER - JAN OVE ULSTEIN 
BJÖRN AFZELIUS - ANDREAS BJÅSTAD - JONI MITCHELL
ODD GOKSØYR - LIDVAR RISE - LEONARD COHEN  
RONALD ØVRELID - CHRIS REA - STUNTPOESI
SIDSEL MØRCK- ØYSTEIN ORTEN 
KAFFI - IVAR AASEN 
DRØS

61 menneske tok del
(i tillegg til festivalkatten 
og eit kjøtmeispar med ungar som han gjerne
ville ete opp). 

tirsdag 21. juni 2016

Marit endeleg under linda

Fyrstkomande laurdag 
skal endeleg Marit Kaldhol (f 1955)
lese dikt under linda i Reiten 52.
Med så sterke slektsrøter i Hareid
er det sjølvsagt på tide.


Marit har ein svært omfattande og mangslungen forfattarskap bak seg,
og mellom dei omlag 30 skjønnlitterære bøkene 
ho har gitt ut sidan debuten med Lattermilde laken i 1983,
finn vi både romanar, noveller, drama og dikt.
Ho er også nyskapande i forhold til tekstar i kyrkjeromet,
og saman med Ålesund strykekvartett vitja ho Hareidskyrkja seinast i mars med refleksjonar rundt Joseph Haydns Jesu sju siste ord på korset.
Tilbakemeldingane frå kritikarane har alle tider vore svært gode,
men det er kanskje fyrst og fremst utgjevingane for born og ungdom
som har skaffa henne størst merksemd i media.
Ho har også fått ei rekke med prisar og utmerkjingar. 
For barneboka Farvel, Rune (1986) 


fekk ho (saman med illustratøren Wenche Øyen) til dømes Deutsche Jugendliteraturpreis, og seinast for ungdomsromanen ZWEET (2015) 
fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris.
Så Marit Kaldhol er utan tvil ein av Sunnmøres mest meritterte forfattarar.
Men det er som lyrikar vi får høyre henne på laurdag.
Trass i ein mild grunntone av melankoli og lengt 
(ut frå kjensla av at noko er tapt eller mist),
finn vi mykje lys og himmel (og fuglar!) over dikta hennar.

når eg er død
 vil eg danse den dansen eg heile livet 
har øvd meg på

Forfattaren erkjenner at livet er skjørt og kort, 
men det finst altså eit håp som trengjer gjennom alt.
I sentrum for mange av dikta i dei sju samlingane hennar 
står ofte huset og det undrande barnet.
Og med utgangspunkt i dette barnet
utforskar forfattaren naturen og menneska rundt seg.
Kanskje er det derfor at titlane kan vere både underfundige og absurde, 
jamfør Det er ei brystvorte som talar, Keivhendt katt og Lysta til å rive mose. 



I nokre tekstar står tida stille, og i denne eine augneblinken kan forfattaren tvinge lesaren til å tenkje - kva no? - som i EGGET ER:

egget er ein fugl
som enno ikkje er

egget er eit svev
som enno ikkje er

egget er ein song
som enno ikkje er

tal med lav stemme
så du ikkje forstyrrar egget

Mest i alle tekstane til Marit Kaldhol ligg det sprelske, barnlege og kreative.
Samtidig botnar mange av versa hennar i kvinna sine erfaringar,
både som elskarinne, mor og opprørar mot dei forventningane som blir stilt overfor henne, eit utgangspunkt som kan gi oss assosiasjonar til ein annan sunnmørsforfattar, nemleg Marie Takvam (1926-2008).
Kanskje særleg i samlinga Den tause rosa går forbi (2002)
kan ein sjå denne slektskapen,
som i det vakre KVINNENE FINN NATTA:

kvinnene finn natta sovande
lyden av dei mjuke augevippene hennar
leier dei inn der ho ligg
utan hovudpute av fin silke

dei samlar natta i armane sine
ber henne mellom seg over elva
legg henne på ein varm stein
like ved vegen der små barn
spring forbi med rop av gul havre

kvinnene vaker over natta
stryk den skjelvande pusten hennar
byssar den vaklande lunga hennar
held handa hennar når ho ynkar seg
dei vaker over henne så ho ikkje skal
bli til morgon og finne seg aleine

når natta strekkjer lemmane sine
når den mørke kroppen er utkvilt
løftar kvinnene henne igjen
ber henne mellom seg over elva
inn att i skogen legg henne frå seg
der dei fann henne

Vi gler oss til laurdag!


mandag 20. juni 2016

Jan Ove under linda for fyrste gong

Laurdag kjem teologen og lyrikaren Jan Ove Ulstein (f 1944) 
til Hareid for å lese dikt under linda for aller fyrste gong.


Som etternamnet kanskje avslører, 
har Jan Ove vakse opp i Ulsteinvik,
nærare bestemt oppi Gótebakkane, 
berre nokre hundre meter vest av dagens travle sentrum,
men han har levd mesteparten av livet i Volda,
der han har arbeidd som dosent i ulike kyrkjefag ved høgskulen.


 Den akademiske produksjonen hans er enorm,
men med heile 12 diktsamlingar bak seg 
er det sjølvsagt som lyrikar han vitjar Hareid.
Etter debuten med Slag på berget på Noregs boklag i 1975
kom Boholmen fire år seinare.
Folk med lokal tilknytning vil høgst truleg
 kjenne seg godt att i denne boka,
både med omsyn til naturen, næringane og lynnet,
og ein kan spørje seg om Ulsteinvik nokon gong
er blitt skildra vakrare i skrift enn nettopp her. 


 Svært god kritikk fekk elles Jan Ove 
for Lågsong (1993),
der titteldiktet lyder slik:

For himmelen skuld
For draget i den store elva
For livet på kanten av stupet
For myra med dei sugande gropene

For lengten mot det store fanget
For smaken i den rotne steinen
For limet i dei vonde orda
For det milde mørket om kvelden

Ein nøkkel inn til denne spennande forfattarskapen
er også samlinga
(det er er her det flør),
som kom ut til 70-årsdagen hans i 2014.
Her er også mange tekstar
som utfyller dei tidlege dikta hans.

Som mange veit, 
er Jan Ove nevø av forfattaren og Linge-mannen
Ragnar Ulstein (f 1920).
Og dei som har lese det glitrande portrettet av heimbygda hans 
under den andre verdskrigen,
 Lagunen og stormen (1999),
kan sjå at her også er mykje slektskap
når det gjeld synet på menneske og kultur.
Langt færre veit nok at Jan Ove i si tid 
var ein god mellomdistanseløpar.
At han er ein trufast Hødd-supportar,
overraskar derimot ikkje.
Vi ynskjer han velkomen til Hareid!

søndag 19. juni 2016

Odd under linda igjen

Veteranen på Norges minste poesifestival heiter Odd Goksøyr (f 1952),
lektor frå Hareid, med oppvekst på Runde i Herøy kommune. 
Han debuterte som forfattar så tidleg som i 1976 med diktsamlinga 
Ein av dei vanlege dagane på ærverdige Noregs Boklag.


Odd er ein svært allsidig kunstnar.
I dag kjenner nok dei fleste han som ein slags nordvestlandsk singer-songwriter,
etter tallause opptredenar med gitar og eigenkomponerte viser
på Sunnmøre gjennom dei siste 30 åra.
Fleire av dei mest kjende låtane hans,
som med umiskjenneleg goksøyrsk humor og vidd
sirklar rundt tema som eksistensiell uro og skjør kjærleik,
og som ofte har motiv frå kystsamfunnet i 1950- og 60-åra,
er med på CD-en grådig engel, trulaus mann,
som han gav ut saman med The Red Rooster Blues Band i 2015.


Verdt å nemne er også songspela og kabaretane, 
og kanskje særleg
Drive sytalaus i solnedgangen, eller - Ivar Aasen er her på gjennomreise og Kongen les dikt (2003), som betre enn nokon andre tekstar opnar dører
inn til diktaren sitt heilt særeigne univers.
Gløymast må heller ikkje det nære samarbeidet med 
gitaristen Tormod Engen (f 1964)
songaren Ronald Øvrelid (f 1974) og salmediktaren 
Andreas Bjåstad (f 1948),


som mellom mykje anna har kome til uttrykk i forestillingane
Amerikansk kjærleik på ny norsk (2004),
Vår ferd i dine hagar (2008)
SANS & Samling (2011)
og 3+1 (2014).
Men framfor alt - trur eg at eg torer å seie - er Odd Goksøyr ein glitrande  gjendiktar.
Ikkje berre har han omsett dikt av Christine de Luca (f 1948), 
den noverande Edinburgh Makar - poet laureate for The City of Edinburgh -
frå det gamalnorsk-påverka Shetland Dialect til nynorsk.
Han er prislønt for omsetjinga si av Bob Dylans Lay Lady Lay.
Og han har vekt stor åtgaum med Leonhard Cohen-tekstane sine 
over alt der han har reist.


Det er nok likevel med gjendiktinga av
 den amerikanske poeten Robert Bly (f 1926) og diktsamlingane 
Den natta Abraham ropte til stjernene (2014) 
og Dei dømde meg til tusen år i glede (2015), 
begge utgjevne på Ura forlag,
at Odd har vekt nasjonal oppsikt.
Gjendiktinga av Robert Bly er ikkje noko mindre enn ei stor litterær bragd.
Odd har elles mykje nytt på gang.
Til hausten kjem han med eit syngespel
basert på tekstar av mellom andre den svenske nobelprisvinnaren
Tomas Transtrømer (1931-2015).
Vi gler oss til å høyre Odd komande laurdag!

tirsdag 14. juni 2016

Ronald under linda
Også i år kjem hareidsdølingen Ronald Øvrelid (fødd 1974) attende til heimbygda for å synge under linda oppå Gjerda.
For mange er nok Ronald, som no bur på Fiskarstranda i Sula kommune, best kjend som trubadur og vokalist i Wild Cats og diverse andre lokale band,
 men dei fleste på Hareidlandet vil kanskje likevel assosiere han mest med norske versjonar av Melissa Horn, Leonhard Cohen og Nanci Griffith, ofte med tekstar i gjendikting av Odd Goksøyr eller Andreas Bjåstad. 

Det ikkje fullt så mange veit, er at Ronald også har vore - og er - ein habil fotballspelar, 

og at han framleis er aktiv (ja, i fylgje referata faktisk dominerande) i Old Boys-serien på Nøre Sunnmøre. I den årvisse Grendacupen på Hareid er han dessutan alltid på plass, ofte med lange sugande løp frå dei bakre rekker, lett gjenkjenneleg i si gamle Wimbledon-drakt.
Men vi tippar at han legg fotballskoa att heime denne dagen, og heller tek med seg gitaren. Vi gler oss til å høyre han, og er spente på kva songar han vil leite fram til oss i år.

onsdag 18. mai 2016

Frå sjølveigar til husmann?

Kommunesamansuriumsreforma
- og eg



Torsdag 19.5. kjem eg til å stemme for at Hareid skal halde fram som eiga kommune. Kanskje handlar det litt om kjensler, men aller mest handlar det om fornuft.



REFORMA: Fyrst og fremst har planleggjinga av denne reforma vore så skral frå kommunalminister Jan Tore Sanner si side at den minner meir og meir om kompetansereforma for lærarar, som var så lite gjennomtenkt at den vart trekt tilbake av undervisningsminister Torbjørn Rød Isaksen berre fem - 5 - dagar før søknadsfristen for opptak til universitet og høgskular gjekk ut. Slik eg har forstått det, er heller ikkje oppgåvene til dei nye kommunene klarlagde. Når i tillegg målet om å redusere landet sine 19 fylke til 10 regionar vart lansert av regjeringa så seint som 5. april - altså i lang tid etter at prosessane om samanslåing var komne godt i gang rundt om kring, framstår denne reforma som meir og meir useriøs. Innanfor kva region skal desse nye kommunene ha ansvar for kva?


PREMISSANE: Hovudtanken bak regjeringa sitt ønske om større kommunar skal vere at desse vil skape betre tenester, billegare tenester og meir robuste fagmiljø (kva no det måtte vere). Men stemmer dette? Eg har framleis ikkje sett undersøkjingar som kan stadfeste at tenestene faktisk er blitt billegare der kommunar allereie er slegne saman. Om du spør innbyggjarane i Aure på Nordmøre (som slo seg saman med Tustna i 2006) vil nok svaret vere: -Tvert i mot. Om du spør innbyggjarane i Sula, som gjekk ut av Borgund i 1977, vil truleg melodien vere den same: -Før betalte vi 12 prosent av skatten inn til storkommuna, men fekk berre 4 prosent av investeringane tilbake. No går skatteinntektene til oss sjølve. Sula som eiga kommune har vore ein suksess. Smått kan gjerne vere godt.


SENTRALISERINGA: Sjølvsagt vil resultatet av samanslåingane til slutt vil bli sentralisering, større avstandar til nødvendige tenester og avfolking i dei minste krinsane. Det var dette som skjedde i 1960-åra. Samanslåingane utrydda fleire lokalsamfunn. Også i Sverige. Om du køyrer ein tur gjennom Jämtland og Herjedalen, ser du resultatet. Hus som rotnar. Hus som fell ned. Attgroing av gamle jordbruksområde. Rasering av kulturlandskap. Dei mennesklege kostnadene for sentraliseringa kan bli temmeleg høge. Og er vi villige til å betale denne prisen - ein gong til?


UTPRESSINGA: Utpressinga som ligg bak, provoserer meg. Skremslet om straff. For dei statlege overføringane gjennom det nye inntektssystemet til kommunane skal skal gi færre millionar til dei små kommunane. Og fleire til dei store. Eg trur dette får mange til å tenkje på epokar i Noregssoga som ingen ynskjer seg tilbake til. Eg likar ikkje pisken.



GRUNNSYNET: Etter mi meining avslører også dette eit syn på samfunn – og menneske -  som er blitt ein trend i organiseringa av det nye Noreg. Den blinde trua på at dei store einingane vil gjere alle ting betre. Utviklinga har vore på gang i mange år innan helse og politi. No står også utdanning for tur. Vitale og tradisjonsrike institusjonar som Høgskulen i Volda må finne seg nokon å slå seg saman med, viss ikkje kan dei bli lagde ned. Altså: - Finn deg vener, eller forsvinn! Her kjenner vi pisken igjen. Ting skal på død og liv spissast. Arbeidsplassane skal bli ei oppsamling av spesialistar. Politikarane skal profesjonaliserast. Allroundarane, som dei fleste av oss er, har ingenting i politikken å gjere. Det er som den lokale AUF-politikaren skreiv i avisene i samband med diskusjonen før denne avrøystinga: - Spørsmålet er for viktig og for vanskeleg til at vanlege folk kan få bestemme dette! Så det verserer altså ei blanding av ei ovanfrå-og-ned-haldning og ein bedriftsøkonomisk tankegang mellom politikarar (sikkert både i storting og regjering og innan fleire parti) som ikkje berre er ei hån mot veldrivne og livskraftige einingar i distrikta, men som også avslører ei manglande forståing for kvar verdiskapinga (og kulturskapinga) i landet vårt gåre føre seg. Kommunereformen = Noreg sett frå Oslo. Dumt, men sant.

INTENSJONSAVTALANE: Eg trur ikkje nødvendigvis at det er intensjonane det er noko gale med. Det er heller ingen grunn til å tvile på at ordførarane har gjort sitt beste. Intensjonsavtalane seier likevel ingenting. Intensjonsavtalane er som luft. Dei forpliktar ikkje. Fokus har vore på kommunenamn! Og at ingen skal seiast opp! Tenk det! Så kva er dei verde, desse avtalane? I Ålesund har den noverande ordføraren gått inn for at den nye storkommunen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Då erke-ålesundaren Harald Grytten vart spurd om dette under ei boklansering i Aasen-tunet for ei tid sidan, svarte han lakonisk: «Det kommer aldri til å skje».

ALTERNATIVA: For meg er alternativet med Ålesund utenkjeleg. Og det botnar ikkje i den ampre stemninga som rådde under fotballkampane mot diverse bylag som mange av oss opplevde i 1970-åra. Det handlar heller ikkje om at Hareid ligg sør om Breisundet (sjølv om det har delt Sunnmøre i to sidan tidenes morgon). Nei, det handlar om realitetar. At Hareid med sine 5000 menneske skal få avgjerande innverknad i ein storkommune med 100 000 innbyggjarar, er det same som å tru på julenissen. Å håpe på at tenestene våre skal bli betre (eller i alle fall like gode) innanfor ein storkommune med Ålesund, er i beste fall svært naivt. I tillegg til Brandal, vil sjølvsagt krinsskulane i Hjørungavåg og på Bigset bli lagde ned, og det temmeleg snart. Og er det så sikkert at dei gamle verkeleg får leve dei siste åra sine på sjukeheimen på Teigane? Dessutan: Å gi frå seg kommunestyret og få tilbake eit bydelsutval, høyrest ut som ein svært dårleg deal. Om vi blar litt i historieboka – blir ikkje dette det same som å gå frå sjølveigande bonde til husmann utan jord? Kvar blir det av sjølvråderetten? Kvar blir det av innverknaden til å forme sitt eige lokalsamfunn og nærmiljø? Nokon vil kanskje seie at Runde er eit betre alternativ, men her sprikar kommunane sine ynskje i alle retningar. Det vil bli som å bere staur. Altså svært vanskeleg. Om ein fyrst måtte slå seg saman med nokon, ville jo kanskje Hareid og Ulstein vere det mest nærliggjande alternativet for mange, men dette er altså ikkje tema denne gongen. Men vi ikkje slå oss saman med nokon. Vi blir berre pressa/truga/lokka (stryk det som ikkje passar). Så greier vi å stå i mot?

KONKLUSJONEN:
Tanken om at dei store einingane skal gjere samfunnet betre kviler på premissar som ikkje held mål. At storkommunar vil svekkje lokaldemokratiet, kan det ikkje vere tvil om. Det har dei alle tider gjort. Og når investeringane er blitt store i desse storkommunane, er det blitt spart inn ved å tynne ut i nærtenester - som skular og sjukeheimar i utkantane. Eksempla er mange, og vi er lite kloke viss vi ikkje vil lære av denne historia. Men framfor alt botnar kommunereformen i eit syn på samfunn og menneske som undervurderer bygdene og folk flest. For meg blir dermed valet enkelt. Hareid har for mykje å tape på å bli ein del av Runde eller Ålesund. Å stemme for nokon av desse, ikkje minst i den uklare situasjonen som rår no, kan fort bli ein brølar som vi kjem til å angre bittert på. Vi har derimot mykje å vinne på å stå åleine. Derfor stemmer eg JA til Hareid som eiga kommune.



































































































































fredag 6. mai 2016

UNDER LINDA - NORGES MINSTE POESIFESTIVAL

Laurdag 25. juni
inviterer vi til hagefest
med opplesing og song igjen!


I år 
slår vi til 
og gir ordet til
to flotte lyrikarar,
Marit Kaldhol og Jan Ove Ulstein!
I tillegg 
kjem trubadurane
Ronald Øvrelid og Odd Goksøyr!
Og sjølvsagt blir det kaffi og kaker!
Om véret blir like godt som i fjor,
kan vi love ein fin ettermiddag og kveld!
Set av datoen!
Alle er hjarteleg velkomne!

fredag 29. april 2016

I alle vindens 32 retningar

«I alle vindens 32 retningar»

Introduksjon av forfattaren Øystein Orten
før opplesinga ved Eldreuniversitetet for Volda og Ørsta
i Aasen-tunet 25.4.2016



Først velkomen til Øystein Orten.

Førehandsomtalen i lokalavisene har gitt ei ganske fyldig oversikt over Orten sin forfattarskap. Men eg skal i tillegg få gi ein introduksjon her under møtet.

Orten er ein produktiv og svært allsidig forfattar. Han debuterte i 1995, med ei diktsamling. Seinare ni bøker til, i ulike sjangrar. Eg nemner først to bøker med historiske emne, som skil seg ut frå resten av forfattarskapen.

Den eine, «Himmelen over Shetland», blir av forlaget omtalt som ein dokumentar. Den omtalar hendingar frå siste verdskrig. Orten vel ut ei gruppe unge menn frå vår nære kyststripe. Menn som var aktive på ulike krigsarenaer. I boka blir vi kjende med desse som personar. Og samtidig kjende med ei stor breidde av viktige krigsavsnitt. Boka gir oversikt og viser samanhengar. Den blei godt mottatt, og fekk mykje ros.

«Rasmus rebellen» er ein historisk roman, men den bygger på verkelege hendingar, og delvis autentiske personar, - frå 1600-talet. Vi møter her vanlege «kvardagsmenneske». Mange lever i djup fattigdom. Og fattigdommen blir forsterka ved at dei er nedtrykte og utnytta av «futeveldet». Sjølvsagt er det  mykje misnøye. Og Rebellen står fram som den som samlar og artikulerer misnøya, og som vågar å ta til motmæle og protestere. Rasmus blir ein tydeleg person i lokalmiljøet, og han blir den som talar lokalmiljøet si sak oppover i systemet. Romanen viser også nøkternt kva det kostar å ta børa ved å vere opprørar.

Også denne boka fekk god mottaking då den kom ut.

Storparten av Orten sine bøker er meir reint skjønnlitterære arbeid. Eg vel ut ei av desse, «Rabarbrakrigen», som kom i 2007. Når eg vel denne, er det fordi det var den første av Orten sine bøker som eg las. Den gjorde så sterkt inntrykk på meg at eg straks måtte lese det Orten hadde skrive før. Og det igjen førde til at eg måtte lese bøkene som Orten har gitt ut seinare. Eg vil gjerne formidle det sterke førsteinntrykket mitt. Og gjennom dette meiner eg at eg også kan gi eit inntrykk av mykje av det Orten elles har skrive.

I «Rabarbrakrigen» er det eit «eg» som etter å ha vore borte ei tid, kjem tilbake til heimbygda og til barndomsheimen. Denne heimen er kalla «Bufast», - noko som jo gir bestemte assosiasjonar. Eg les boka slik at denne «eg», når han nå kjem tilbake, har behov for igjen å knyte seg fastare til heimbygda og heimen. For å kjenne at det er her han høyrer til. Og det gjer han ved å hente fram igjen minne frå barndom og oppvekst, heilt fram i ung vaksen alder. Og desse minna gir han så til oss i denne romanen. Dette gjer han med eit oppkomme av forteljarglede. Alle dei små forteljingane frå denne viktige perioden av livet hans, blir formidla så medrivande, så underfundig, så morosamt, så rørande, så ………
Slik eg også opplever Orten i andre av hans bøker. I «Rabarbrakrigen»  heiter det ein stad at «eg» står i eit vegkryss ein stad i heimbygda og «--- ser i alle vindens 32 retningar. Det finst ingen andre måtar å avgrense det på». Og med dette vide utsynet synest eg forfattaren fangar opp og viser oss Livet i alle sine fantastiske uttrykk.

Ved lesinga av «Rabarbrakrigen» (den første!) vaks det fram eit indre bilde hos meg. Eg såg for meg ein gut som leika i fjøra, med masser av småsteinar, og større steinar rundt seg. Han ser på steinane, og blir overvelda. Og han begynner å samle. Plukkar ein stein her og ein stein der. Somme har så vakker form. Somme har så vakker farge, Somme har mønster i steinen. Somme har så rar form. …………….. Guten plukkar og samlar til  ei brokut samling.

Nå forventar eg at du hentar fram og viser oss nokre av steinane dine. Sørg for at dei er våte slik at fargane og mønstra kjem fint fram.

Velkomen!


Aasen-tunet 25.4.2016

Narve F. Birkeland