lørdag 3. mai 2014

AMSTEL DAM NORSK BY

Tida flyg,
for no er det allereie
fem veker sidan eg reiste til Amsterdam
 
 
for å skrive,
 
 
 og sjølv om eg hadde vore her før,
var det flott å oppleve den hollandske våren
dei siste dagane i mars,
 

med straumen
av turistar nedetter Damrak,
som på 1600-talet var full av unge, arbeidssøkjande,
norske immigrantar,

 
mot Dam,
med duene framfor Koninklijk Paleis,
 

og vidare langs Kalverstraat,
den lange og trange handlegata


 
som åler seg som ein orm
mellom butikkar, 
 
 
kafear
(der finst visst 1500 i denne byen)
 


og kyrkjer,
ikkje ulikt Strøget i København,


fascinerande nok innimellom
alle sjappene som sel souvernirar
 med motiv av marihuanaplanten og horene i utstillingsvindauga
rundt Oude Kerk og Waag,
som tvillaust er byens største attraksjon,
før ein kanskje endar i tverrgata Spui,
som har ei lita dør inn til
det totalt avsondra
Beginjhof,
 


ein gong eit katolsk kloster,
seinare ein tilfluktstad for ulike religiøse minoritetar,



og vidare til Bloemenmarkt,
med sine millionar av tulipanløkar,
 

jamvel heilt til Vondelpark,
som det tok meg 25 minutt å springe rundt,


og som yrer av folk om søndagane,


 
 
før ein kanskje vender nasa heim
til Prins Hendrik,
som var jazzlegenden
Chet Bakers faste hotell,

 
 
og som døydde på romet ved sida av,
 


på tragisk vis sjøvsagt,
slik det ofte blir med kunstnarar av hans kaliber,



der eg bestiller ein nederlandsk spesialitet
på restauranten De Kroonprins
 
 
og endeleg kan kome i gang
med det eg hadde reist hit for,
nemleg å lukke meg inne
slik at eg kan finne den blå tonen i teksten,
der Chet Baker fann sin i My Funny Valentine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar