mandag 16. juli 2012

Sjufjellsturen

Sommaren er full av gamle rutinar.
I dag tok eg årets sjufjellstur.
Hareidlandet på tvers.
Ruta:
Frå Gåsneset på Ulstein
til Roppehornet (412 m o h)
God utsikt mot Vattøya og Runde m m.


Vidare over Trollvassegga
til Breidfjellet (534 m o h).
Herifrå er det turr og god rås 


opp mot Sarshornet (542 m o h)
og endeleg Brørene (620 m o h),


der ein kan sjå nordvestover,
mellom anna mot Godøya,
 og ikkje minst Lesten,
eit kjent (og heilt sikkert kjært) med
for fiskarane i gamle dagar,
men også eit fjell nytta til bloting
i førkristen tid
(når sola steig opp over fjella i aust).
Frå Storebroren
fylgjer ein så råsa,
som er farleg nær kanten,
men som også representerer den syltynne kommunegrensa
mellom Hareid (fast grunn)
og Ulstein (fortapinga),  
til Mellombroren
og sidan nedover mot   
synste Mosvassenden,
der ein då tek ein tjue minutts omveg bort
til Mosvarden (550 m o h),
eit trygt og godt fjell,
sjølv i tjukk skodde, som i dag,
før ein snur og returnerer
i den godt merka råsa
som dukkar opp i Dalsmunnen,
mellom Bigsetsetra og Bjåstadsetra,
og stimar vidare mot Skafjellet (573 m o h),
av uforståelege grunnar Hareidlandets mest vindfulle topp,
og difor kalla Svinfjellet,
jamvel  av trauste fjellfolk,
før ein endeleg (gjennom skoddedottane)
anar Storfjorden,
til songen frå den trufaste, vesle heilokolonien,
og kan moe seg opp til den aller siste bratta,
til Holstadhornet (531 m o h),
sjølve Barndomens fjell,


og derifrå kan sleppe seg ned
Gjerdsråsa
og
endeleg kome seg heim.

Ein gong i tida
sprang eg denne turen på godt under tre timar.
Eg har gått han med born
i rette alderen (10-12 år)
på rundt seks timar.
I dag: Fire timar og ti minutt.

GOD TUR!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar