onsdag 23. mai 2012

Dagen etter bjønnjavok

Det har kome eit verbyte her i nordvest.
Noko må ha skjedd ute i havet.


Der ligg ingen skyer over Holstadhornet.
Folket på Severingjerdet og i dei øvste husa på Holane
sit ute og grillar på altanane.
Kanskje var det luftstraumar som kolliderte
og jaga kvarandre vekk.
Vinteren slo i alle fall over til sommar i løpet av ei natt.


 
Var det mellom søndag og mandag tru.
Noko deromkring.


 
For i dag har eg sett born bade i vatnet.
Og eg har høyrt graset vekse.
Plommetreet lovar på tru og ære å bere frukt i år.


Og det allereie dagen etter at bjørnen har krope ut av hiet og strekt på den støle skrotten sin.
Kvelden før kronprinsessa kjem.
Nokon vil seie at det er meir enn sommar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar