mandag 25. april 2011

Påskeaftan på Jørnadagen

No litt ut på andre påskedag, når skodda heng som eit grått brureslør nedetter fjellsidene, må vi truleg erkjenne at laurdagen vart den finaste påskedagen hos oss (jamf biletet over, teke frå Holstadhornet, i retning aust, mot Vartdalsfjella). Sol og 22 grader i skuggen.
Påskeaftan fall i år på Jørnadagen - eller St. Georgs dag - til minne om den Georg som leid martyrdøden under keisar Diokletian i år 203. Jørnadagen var merka på primstaven med ein kross, ein gauk, ein hest eller - meir høveleg for oss i år kanskje - som egg i eit reir.

Som alle veit er St. Georg - eller St. Jørgen - eller berre Jørn - vernehelgen for alle soldatar og speidarar.

Litt dis gjorde lufta noko grå og matt (biletet over er teke frå Melshornet, i retning nord, mot Godøya, Giske og Nordøyane elles).

Her ser vi fremste delen av dalen, i retning nordvest, mot øyane i Herøy og, heilt ytst, Runde.
 
Vinteren er over, same kva meterologane seier.

Våren og dei glade dagane ventar.

1 kommentar:

  1. Fint å sjå utsikta frå fjella-særlig for oss som ikkje kjem oss OPP.

    SvarSlett