søndag 3. april 2011

Hødd er tilbake

Idrottslaget Hødd sende i kveld Bodø Glimt attende til sine regnfulle heimtrakter med 0-3-tap i flybagasjen. Vertane gjekk fortent til pause med 1-0 etter skoring av midtbaneslitaren Bendik Torset, og sunnmøringane trygga leiinga midtvegs i andre omgang med ei fin heading av kaptein Fredrik Klock (etter ein innoverskrudd corner frå venstre). Mot slutten av kampen byrja nordlendingane å vise litt av det publikum hadde forventa (av eit lag som kom på fjerdeplass i tippeligaen for tre år sidan): Stor fart på ballen og mange løp i lengderetning (som Rosenborg i glansdagane). Men då var det begynt å bli skymt, og dei to-tre halvfarlege skota enda over mål og i retning vest (mot havet). Bortelagets noko febrilske satsing framover skapte store rom for Hødd. På overtid, i kaoset etter eit frispark rundt sekstenmeteren, skora dermed spissen Valentin Adama Diomande (frå Holmlia i Oslo) med eit brassespark ein elles berre opplever i Primera Division eller Serie A.


Altså 3-0 og stor stemning på Høddvoll.


Heimelagets gode spel gleda nok både Kjetil Hasund (og dei andre Hødd-legendene som var til stades) og elles dei 1416 frammøtte, med unntak av supportarane frå Den Gule Horde (eg talde 13 på ståtribuna). Dette var nesten som i gamle dagar.


Vi merka oss at Bodø Glimts trenar Kåre Ingebrigtsen, også kalla Bruttern, gjorde lite ut av seg. Den elles så joviale trønderen hissa seg berre litt opp (over eit par tvilsame offside-avblåsingar) i fyrste omgang, men blei meir og meir stille utover i kampen.


Dei rundt tjue torvtrakkarane gjorde ein god jobb i pausa. Ballen spratt Hødds veg.


Små born aka seg i snøen (som dugnadsgjengen hadde moka bort dei siste dagane) ved det gamle klubbhuset gjennom heile kampen.

Bortelagets bestemann var, trass sine mange feilkast, den skjeggpryda høgrebacken Mounir Hamoud. 

Men kvar var Harald Dutte Berg og sønene hans?


Bodø Glimt skremde ingen.


Dei bør nok heretter sjå seg bakover på tabellen (om der er nokon). Heldigvis finst det framleis lag som Alta, Trysil og Randaberg i denne divisjonen.


Vi ynskjer dei vel heim og lukke til.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar