torsdag 7. april 2011

Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)

Poetisk minneskrift

Ortens dikt demonstrerer sterkt medvit om det poetiske språkets eigenart.

Øystein Ortens dikt held fast forsvinninga, dei aller fleste dikta her står i dødens og forvitringas teikn. Dei rører seg i spora etter det som har vore, og driv fram ei poetisk foredling av restane og skåra og det som ligg att: "namn og årstal/ som drysset av knuste termosflasker/ over ein stein". Dette språklause og tause drysset, som peikar mot ei tidlegare splintring av ein tydingssamanheng, finn ein att i ordet regn i tittelen på boka, for regn er splintra vatn, tilhøyrande ein større samanheng. Splintringa viser ikkje berre til øydelegginga av meiningsfulle heilskapar, men samstundes mot nåden, sidan splintringa gir opphav til nye samanhengar: "Lys er myrkret/ sprengt i filler". Snø fungerer kanskje på same tvitydige vis i desse versa: "når snøen kjem/ med ei naudlanding over myra/ og breier vengene over markene/ med svart frost/ kan eg sjå at sommaren døyr i munnen på eit lite barn/ eg kan lese av leppene på månen/ som blir tynnare og tynnare", slik det heiter i dikt 17.

Sorga er på sett og vis nedtona, for snarare blir dikta borne fram av eit stoisk medvit om at livsvilkåra er beiske, anten dikta med utgangspunkt i eit trivielt kystlandskap manar fram bilde av undergangen, eller freistar å fylle stilla og togna med uhyggeleg meining, i Tor Ulven-liknande språkformasjonar: "sjølv måsen vaknar av sine eigne skrik/ og det fjerdedels/ pauseteiknet mellom/ er bustaden/ til fire og eit halvt tusen menneske". Titlane på to av dei fire avdelingane syner likevel minnearbeidets grunnleggjande omsorg: famndjupner, omfamningar.

Dikta er nummererte, frå 1-74. Tala over einskilddikta fungerer godt som fikseringspunkt, som utsprengde delar, men når ein ser heile talrekkefølgja påpeikar ho ei kontinuerleg historie, konturane av eit veikt biografisk skjellett. Slik kan det siterte dikt 17 lesast som den namnlauses farvel til barndomen. Den lesinga fungerer langt på veg, men innafor ramma av desse 74 dikta (åra?), kryssar dei store tidsmessige horisontar og går utover einskildbiografiens innhegningar: Forfattaren har sett undertittelen gravskrifter og elegiar på dikta 34-53, desse er minneskrifter vigde namnlause personar, igjen berre identifiserte med talas tomme formalitetar, altså føde- og dødsår.

Øystein Orten skriv dikt som demonsterer eit sterkt språkleg medvit om den poetiske skriftas eigenart, som i ein og same formulering riv laus og bryt ned og skaper noko anna. Minneskrifta glir saman med utforskinga av det poetiske språket og blir, sett under eitt, ein refleksjon over poesien, i denne strame og fine diktsamlinga. Berre her og der finn ein nokre overflødige ord som gjer versa litt for mykje innretta og tydelege.


Sindre Ekrheim


Bergens Tidende 28. juni 2004

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar