lørdag 6. juli 2013

OSTIA AMOR


Å feriere i Ostia
er som å bli slengt inn i
ein film av Fellini eller Pasolini
der ein sjølv spelar hovudrolla.
For kulissane er dei same.


Fyrst og fremst er det strendene.


 Havfruene.


 Utsiktene.


 Dei rike familiane.


Dei stilfulle residensane.


 Politikken og korrupsjonen.


 Og sjølvsagt motstanden.


 Men også iskremen.


 Kaffien.


 Og fargane og duftene.

 

 Men framfor alt er det altså badelivet.


Eller kanskje berre kulturen for å nyte.


  Dei runde middelhavssteinane.


Bylgjene.


Vinden.


Og segla.


Medan vi lit på redningsmennene.


Og redningskvinnene.


 Og lyttar til marsjane.


I mylderet av stemmer om kvelden.


Og ventar på neste dag.



lørdag 22. juni 2013

Femtiein

Så er det berre
å takke så mykje for
alle helsingane eg har fått på fødselsdagen min!
Gåver, klemmar, telefonar, meldingar, spesiallaga songar og  fjesbokgratulasjonar.
Smil, vink og tilrop (i fart).
Og ikkje minst kjekke samtalar (med artige historier).
Med mykje meir.


Alt dette 
har gjort meg så glad
at eg godt kunne ha tenkt meg
å fylle det same året 
ein gong til.

Dagen er mellom anna blitt feira
med ein joggetur inn til stadion der eg sparka fotball
og sidan tok 51 armhevingar
to gongar
og 51 magestrekkar sidelengs
(berre ein gong)
før eg sprang 
(litt saktare) 
heim
og åt spekekjøt og rjømegraut
og seinare
ei av dei kakene 
eg likar aller best 
ikkje minst på grunn av namnet
(gulrot)
saman med kjerringa og dei borna som tilfeldigvis var heime
og endeleg stakk utfor døra
og la not
over ripsbærtrea
mellom fugleskremslene som ber
dei temmeleg utrangerte malingskleda
som eg syntest var litt fine
den gongen eg var førtiognoko.

Og enno 
er kvelden ung. 

lørdag 15. juni 2013

Skøy på Gøyna


Fredagskvelden


tok vi oss ein tur til Alnes
på vestsida av Godøya.


Før sjølve avslutninga på fyret



gjekk dei sprekaste ein tur


mot Alnesvatnet og Storehornet,


slik at dei fekk seg ei fin utsikt
mot resten av 
Nordøyane


og holmane i vest.


Etter ei lita rast


gjekk turen nedatt


til den vakre grenda


med det store fyret,


der ein etter mange trappetrinn
kunne kome så høgt opp


at ein kunne sjå nesten


 heilt heim.

torsdag 6. juni 2013

Bjørnson tok kaka

Etter tre veker med kreativt filmarbeid
mellom andreklassingane på UVS
enda det altså med
at adaptasjonane av 
Soga om Gunnlaug Ormstunge
og 
Faderen 
delte dei fem prisane 
(nesten broderleg)
mellom seg.


Så får vi håpe og tru
at dei staute opphavsmennene
frå den urnorske litteratursoga
ville ha nikka nøgde
til kvarandre
om dei hadde vore tilstades 
under den høgtidssame framsyninga
for rektor, lærarar og elevar
i auditoriet i dag.

søndag 2. juni 2013

Nils Blåsar

Vel,
om det ikkje enda med siger,
så var det i alle fall 
ein fantastisk spennande kamp
mellom Hødd og Molde sist onsdag.
Og stemninga var verkeleg formidabel,
ikkje minst for oss som stod ved sida  av
Blåsarane, 


noko som fekk oss til å tenkje på
den vanvittige (men absolutt helsebringande) Brann-semien
og ikkje minst den uverkelege cupfinalehelga
i Oslo
nesten heilt fram under jul,


berre at dette enda opp
med stang ut


og eit resultat
på vranga,


men at Hødd var veldig nær 
noko skikkeleg stort igjen,


skal ingen ta frå oss,
der vi står under dei kvite og blå flaggremsene
på tribuna 
saman med blåsarar frå heile søre luten
og håper på tre poeng
mot Elverum i kveld.

mandag 27. mai 2013

PROVINSIALITETAR

Vi skimtar att i enden på mai,
og mangt og mykje har hendt her i Grukkedalen 
på berre nokre dagar.
Forvandling 
er eit altfor svakt ord.
Eventyr
endå svakare.



Likevel.

Det  var ein gong.
Etter ein ulideleg kald vinter
kom fyrst regnet.



Berre sjeldan
var det opplett under fjellturane,



fotballkampane



padleturane



og konfirmasjonssøndagane.




Men så kom den varme vinden
frå aust.



Folk trekte opp i fjellsidene, 
og treklyngene og skoghellingane



begynte å likne strofer
frå songane til
Hovden, Blix
og den kjerringlause tohundreåringen 
Ivar Aasen.



Og kaninene fekk ete så mykje kapplau dei ville
medan kattane rulla seg i graset
og såg med djup lengt etter fuglane på den seinkveldblå himmelen.
Ja, lukkeleg, lukkeleg
er den 
som har ein hage og eit bibliotek
sa dei gamle kinesarane.


Sjølvsagt hadde dei rett.
Snipp snapp.

mandag 20. mai 2013

Heilaganden på Melshornet

Heldige var vi
som fekk oppleve den tradisjonsrike friluftsgudstenesta
på Melshornet andre pinsedag,
 
 
der mykje gildt folk var samla,
mellom anna frå
Hareid,
 

Brandal,



Hjørungavåg,




Ulsteinvik
 

og jamvel folk
med røter på Moltustranda


og i Ørsta,



som kunne sjå nesten heilt heim


til lyden av
messingblåsarar frå jomsvikingbygda



og presten sin tale om Livets vatn
og Den Heilage Ande, 


 
som kom over læresveinane
etter at dei hadde klatra opp
på eit høgt fjell.

onsdag 8. mai 2013

FRI

Ikkje så verst
å få oppleve Tjuegraders-Hareid
fyrst i mai.


Spesielt ikkje
Tjuegraders-Hareid-nesten-utan-vind,
som er ganske sjeldan. 


Med andre ord
ei fin ramme rundt
frigjeringsdagen,


slik at vi kan fundere litt over
alt vi har å takke for
i dette
(som Ivar Aasen så treffande kalla)
"ofseleg velsigna landet".