torsdag 19. januar 2023

KVELDSSONG FOR PER


I fjor. Tjuesjette april. Rett før midnatt. Ei melding frå Volda. Det var Per: Kva med jazz og lyrikk på Hareid bibliotek? Og eg svarte: I vår har eg ikkje tid, men kanskje til hausten? Per: Supert! Vi held kontakta.

Altså Per. Fire år eldre enn meg. Ein av storegutane på Gjerda då eg vaks opp. Nummer tre i ein søskenflokk på sju. Nytt, stort hus. Diger plen. Lærarforeldre. På ungdomsskulen. Far rektor. Mor lærar i framandspråk.

Vi snakkar om 60- og 70-åra. Hareid kommune. Gardsnummer 45. Gjerda var ein flott plass å vekse opp på. Nær skulane. Kaiene. Butikkane. Riksvegen. Men også nær skogen. Fjella. Og ikkje minst vatna. Der kræene vód.

Her var mange born på same alder. Det var hyttebygging i Lissjeskogen. Fotballsparking på Bøen. Gøyme og leite i djupe vårkveldar. Før vi vart dregne inn den hareidske kulturen. Speidar. KM-klubb. Korps. Fotball. Eg kan hugse Per i patrulja Bjørn. Som ving på guttelaget (i gul drakt). Og som bassist i Ten Sing. Ei slags utdanning.

Litt seinare: Jam Sessions i stova deira. Eg på piano. Per på gitar. Noko som liknar på jazz. Blues. Jamvel rock. Litt Uriah Heep. Og Deep Purple. John Scofield. Tommy Bolin. Tolmodige foreldre på kjøkenet.

Midt på åttitalet: Musikkstudiet på lærarskulen i Volda. Eg på halvårs. Han på heilårs. Samtidig som han spelar i Bokkereidars Bluesband. Under elevkveldane på samfunnshuset kunne eg skryte av at eg kjende gitaristen som spelte opp til dans.

Så går ti år. Tjue år. Per dukkar opp på boklanseringar. Han les bøkene mine. Kjem med positive tilbakemeldingar. Han kjenner seg att.

Etter lang tid opplever ein altså dette. Ein har noko felles. Verdiar. Landskap. Minne. Jamvel røter. Ein dregst i hop. Søkjer saman.

Per er aktiv på nettet. Særleg på Facebook. Han set seg grundig inn i aktuelle saker. Og kommenterer dei. Med kvass penn. Straumkrisa. Vindmøllene. Den politiske utviklinga i landet. Men også i verda. Prestestyret i Iran. Woke-rørsla. Og unnfallenheita til styrande politikarar. 

Han er modig. Skarp. Legg ikkje fingrane mellom. Han talar Roma midt i mot. Det politisk korrekte midt i mot. Det er elitane.  Autoritetane. Personar og grupper med mykje makt. Som set dagsorden. Som formulerer narrativa. Det er desse han vil stille til veggs. Og krevje svar frå. Kjernen er menneskerettane. Særleg ytringsfridomen. Ingenting er viktigare. Per har eit opprør inne i seg. Kanskje med røter frå kampen mot EEC i 1972. Der faren var aktiv. Altså motstand.


Og som ein vegg opp mot dette. Det vakre i musikken. Inne i rytmane kan han kjenne seg fri. Levande. Leiken. I harmoni. Balanse. Per er god på gitar. Han er ein av dei beste. Det er jazz. Samba. Bossanova. 

Heime i stova i Volda spelar han inn eigne låtar. Leaving Town. Evening Song. Love for Sale. Men han lagar også nye arrangement til gamle klassikarar. Høgt frå den himmelske klåra. Den fyrste song eg høyra fekk. Legg dei ut på Youtube. Ofte med foto i bakgrunnen. Av dette som betyr noko. Seglbåten. Ishavsskuta Polarstar. Men aller mest familien. Gutane hans. Bestemora i Brandal. Mor og far. Og syskena. Helst frå oppveksten. På Gjerda. Hareid. Gardsnummer 45.

Hausten kjem. Per søkjer vestover. Heimover. Legg naturen ut på Facebook. Niande september: Mosvarden. Brørene. Sarshornet. Seksten foto. Blå himmel. 

Ellevte september: Endå ein gong heimover. Brørevatnet. Rypdalsvatnet. Signalhornet. Skolma. Femten foto. Lettskya. Smågrått over Brandal. Men havet som ein bakgrunn for alt.

Trettande september: Ørsta. Råsa over Daleteigane. Under Saudehornet og Vassdalstinden. Elva som renn langs med.

Syttande september skriv Per: Nye strengar i kveld. Faculty of Funk. Stødt. Ørsta. Eg anar iver. Glød. Forventning.

Så tjuetredje september. Det er ein fredag. Om morgonen. Ny melding frå Volda. Frå ein slektning: Ser at du er ven med Per Arne på Facebook. Han døydde i natt. Men det visste du kanskje?

Eg svarer tilbake: Nei og nei og nei! Resten av dagen blir annleis. Timane på skulen rare, underlege.

Og no. Snart fire månader etterpå: Kva ord kan oppsummere eit vennskap?

Sjølvsagt sakn. At her er blitt tommare. Men også glede. Og takksemd.

So long, Per! 

12 kommentarer: