Altså Per. Fire år
eldre enn meg. Ein av storegutane på Gjerda då eg vaks opp. Nummer tre i ein
søskenflokk på sju. Nytt, stort hus. Diger plen. Lærarforeldre. På
ungdomsskulen. Far rektor. Mor lærar i framandspråk.
Vi snakkar om 60- og
70-åra. Hareid kommune. Gardsnummer 45. Gjerda var ein
flott plass å vekse opp på. Nær skulane. Kaiene. Butikkane. Riksvegen. Men også
nær skogen. Fjella. Og ikkje minst vatna. Der kræene vód.
Her var mange born på same alder. Det var hyttebygging
i Lissjeskogen. Fotballsparking
på Bøen. Gøyme og leite i djupe vårkveldar. Før vi vart dregne inn den
hareidske kulturen. Speidar. KM-klubb. Korps. Fotball. Eg kan hugse Per i
patrulja Bjørn. Som ving på guttelaget (i gul drakt).
Og som bassist i Ten Sing. Ei slags utdanning.
Litt seinare: Jam
Sessions i stova deira. Eg på piano. Per på gitar. Noko som liknar på jazz.
Blues. Jamvel rock. Litt Uriah Heep. Og Deep Purple. John Scofield. Tommy
Bolin. Tolmodige foreldre på kjøkenet.
Midt på åttitalet:
Musikkstudiet på lærarskulen i Volda. Eg på halvårs. Han på heilårs. Samtidig som han spelar i Bokkereidars Bluesband. Under
elevkveldane på samfunnshuset kunne eg skryte av at eg kjende gitaristen som spelte
opp til dans.
Så går ti år. Tjue år. Per dukkar opp på
boklanseringar. Han les bøkene mine. Kjem med positive tilbakemeldingar.
Han kjenner seg att.
Etter lang tid opplever ein altså dette. Ein har
noko felles. Verdiar. Landskap. Minne. Jamvel røter. Ein dregst i hop. Søkjer
saman.
Per er aktiv på nettet. Særleg på Facebook. Han set seg grundig inn i aktuelle saker. Og kommenterer dei. Med kvass penn. Straumkrisa. Vindmøllene. Den politiske utviklinga i landet. Men også i verda. Prestestyret i Iran. Woke-rørsla. Og unnfallenheita til styrande politikarar.
Han er modig. Skarp. Legg ikkje fingrane mellom. Han talar Roma
midt i mot. Det politisk korrekte midt i mot. Det er elitane. Autoritetane. Personar og grupper med mykje
makt. Som set dagsorden. Som formulerer narrativa. Det er desse han vil stille til veggs. Og
krevje svar frå. Kjernen er menneskerettane. Særleg ytringsfridomen. Ingenting
er viktigare. Per har eit opprør inne i seg. Kanskje med røter frå kampen mot EEC i 1972.
Der faren var aktiv. Altså motstand.
Hausten kjem. Per søkjer vestover. Heimover. Legg naturen ut på Facebook. Niande september: Mosvarden. Brørene. Sarshornet. Seksten foto. Blå himmel.
Ellevte september: Endå ein gong heimover. Brørevatnet. Rypdalsvatnet. Signalhornet. Skolma. Femten foto. Lettskya. Smågrått over Brandal. Men havet som ein bakgrunn for alt.
Trettande september: Ørsta. Råsa over
Daleteigane. Under Saudehornet og Vassdalstinden. Elva som renn langs med.
Syttande september skriv Per: Nye strengar
i kveld. Faculty of Funk. Stødt. Ørsta. Eg anar iver. Glød. Forventning.
Så tjuetredje september. Det er ein
fredag. Om morgonen. Ny melding frå Volda. Frå ein slektning: Ser at du er ven
med Per Arne på Facebook. Han døydde i natt. Men det visste du kanskje?
Eg svarer tilbake: Nei og nei og nei!
Resten av dagen blir annleis. Timane på skulen rare, underlege.
Og no. Snart fire månader etterpå: Kva ord kan oppsummere eit vennskap?
Sjølvsagt sakn. At her er blitt tommare. Men også glede. Og takksemd.
So long, Per!
Fint minne om vår felles nabo, Per🌅
SvarSlettTakkar!
SlettFlott skreve , Øystein
SvarSlettTakkar!
SlettFlott
SvarSlettTakk så mykje!
SlettGodt om Per Arne som eg og kjende.
SvarSlettTakk så mykje!
SlettÅ, så hjartans fint, Øystein! helsing Solveig syster
SvarSlettTusen takk, Solveig!
SlettNydeleg❤️
SvarSlettTakkar!
Slett