MINIKONSERT MED TEKSTAR AV ANDREAS BJÅSTAD
Som ein del av Hareidsstemna 2021
inviterer Hareid folkebibliotek
til ein minikonsert
basert på tekstar
av Andreas Bjåstad
med Elise
Gjærde, Odd Goksøyr, Ronald Øvrelid
og meg sjølv
mandag 18. oktober klokka 1900.
Andreas har
gjennom mange år vore aktiv som forfattar og gjendiktar, og er kanskje særleg kjend
for salmane og songtekstane sine, ofte skrivne til kabaretar og matinear i
kyrkjer og forsamlingshus, som til dømes «Vår ferd i dine hagar» i 2011.
I
tillegg til 50-60 eigne tekstar
har han også gjendikta litterære storleikar som
Christina Rossetti, Dante Gabriel Rossetti og Elisabeth Barrett Browning og artistar som Bob Dylan, Van
Morrison, Joni Mitchell og Nanci Griffith.
Fleire hugsar kanskje «Amerikansk
kjærleik på ny norsk», som var ein konsert med omsette songar av amerikanske,
kvinnelege artistar i 2008.
Ikkje minst har Andreas hatt eit tett samarbeid med den
shetlandske lyrikaren Christine de Luca,
som besøkte Hareid for nokre år sidan,
og dei tok begge del i
"Under Linda",
Norges minste poesifestival,
i 2018.
Tekstane til Andreas er blitt svært godt mottekne.
Til dømes fekk han andreprisen i Nynorsk Kultursentrum sin konkurranse om beste bryllaupssalme med "Å måtte denne dagen" i 2006. Fleire av gjendiktingane hans er presenterte i tidskriftet Bokvennen.
Programmet,
med tittel frå eit av Andreas sine dikt,
vil innehalde mange salmar
og songtekstar av hovudpersonen,
og vil
vare ein god time.
Fri inngang.
Vel møtt!
Sjå også
BRODER ANDREAS 73