fredag 13. september 2019

LITTERÆRE OPPTURAR I ALLE RETNINGAR

I
Møre og Romsdal forfattarlag
sin nye antologi 
OPPTUR, 


som vart lansert 
under Bjørnsonfestivalen
førre laurdag, 
finn vi denne teksten
av Jan Ove Ulstein


GJENSYN

I alle oppbrot er det eit sug
Bakover til det som var
Magneten frå opphavet

Ein anger og ei sorg
over ubrukt og aldri meir
hoppe Paradis om morgonen

Men vindane går ikkje beint fram
Dei tråklar også dalføra i våre liv
Neste sving er eit gjensyn

(Frå DEI FIRE VINDANE PLUGGAR DITT TELT Samlaget 1995)


I tillegg til flotte dikt som dette,
inneheld antologien 
også korttekstar, 
noveller, essays og turskildringar,
 skrivne av forfattarar frå heile fylket,
og samla saman og redigert 
av leiaren i forfattarlaget,
den aldri kvilande
John Roald Pettersen, 
og bibliotekarane 
Evy Sisilie Bergum og Kari Nesdal.


Den vesle boka 
er då også støtta økonomisk
 av Møre og Romsdal fylkeskommune,
og blir, 
forutan i biblioteka rundt om,
å finne i STIKKUT-kasser
og DNT sine turisthytter.
Dei 18  forfattarane 
som står bak dei 25 tekstane,
 som både er nyskrivne og tidlegare publiserte,
 er

Kaisa Aglen Volda - Aina Basso Giske - Sunniva Relling Berg Ålesund - Leiv Arne Grimstad Hareid - Øystein Hauge Hustad - Joakim Hunnes Vartdal - Marit Kaldhol Ålesund - Mette Karlsvik Frei - Hilde Myklebust Vanylven - Øystein Orten Hareid - Jan Ståle Ritland Ålesund - Arne Ruset Fjørå - Roar Ræstad Midsund - Ingunn Røyset Flø - Svein Sæter Sunndalsøra - Alf A. Sæther Molde - Jan Ove Ulstein Volda - Knut Ødegård Molde

Så då er det berre 
å kome seg ut i vér og vind!
GOD TUR!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar