onsdag 13. februar 2019

«For synda til fedrane straffar han born og borneborn …»


«For synda til fedrane straffar han born og borneborn …»


«Kjære Daniel! Det er ikkje berre denne siste opprivande hendinga som tvingar meg til å skrive ned desse orda. Eg har lenge hatt eit ønske om å bli kjend med deg og vise litt av kven eg eg er, og kvifor ting er blitt slik dei er blitt.»

Slik opnar siste romanen til Øystein Orten, Aldri kome tilbake. Med få ord vert vi førte rett inn hovudmotivet, svik og avstand, ein mann som prøver å bøte og bygge bru over ein avgrunn han sjølv til dels har skapt. Og vi kjenner att sjangeren, brevromanen, med sine mulegheiter og avgrensingar.

Mannen som skriv er den tredje i ei rekkje av fem i rett nedgåande linje, han skriv til den siste i linja, barnebarnet sitt, og han trekkjer trådane bakover i tida til sin eigen bestefar. Boktittelen og innleiingsorda gir oss altså hint om kva denne romanen vil handle om, det er menn som forsvinn, ved eller utan eigen vilje, menn som sviktar, menn som kjem tilbake, men ikkje lenger er den dei var. Det er dette som er maktpåliggande for brevskrivaren å fortelje, formidle vidare, for å bli forstått av barnebarnet, men truleg også for rydde i sine eigne minne, sine eigne kjensler, og for å tydeleggjere alt dette kallar han brevet sitt, vedkjenningane sine, for Forsvinninga si bok.

Eg-personen, brevskrivaren, er ikkje berre plassert midt i denne nedstigande rekkja av menn, han er også plassert midt i det store vegskiljet i førre hundreåret, andre verdskrig. Her vert han unnfanga og fødd, og det er også krigen som skal skape føresetnadane for det som vidare skjer med faren og bestefaren. Han er også av den første generasjonen som får glede av den nye tida, med Statens lånekasse og dei mulegheitene det ga mellom anna landsens ungdom, mulegheiter for utdanning og andre liv, men også med den konsekvensen at ein stor del av desse forlét heimstaden for godt, og enda opp som akademikarar i sentrale strok av landet. Slik også med brevskrivaren i denne romanen, han reiser ut, lever livet sitt andre stader, men kjem så tilbake, aldrande med tid og rom for refleksjon over alt som har hendt.

Krigen har vore eit sentralt motiv også tidlegare i Øystein Orten sine bøker, som i så mange andre bøker. Det er ikkje lett å skrive noko nytt og originalt om andre verdskrig i Norge, men det er heller ikkje poenget her, krigen er ein nødvendig føresetnad for hendingane i romanen, kva rammer desse menneska må leve liva sine innanfor.  Andre attkjennelege motiv hos Orten er det nordvestlandske landskapet, her i bygda Døsavåg med kjende detaljar. Det er fiskarbønder og lågkyrkjeleg religion, ungdommar som reiser til sjøs og kjem tilbake eller ikkje, det er eit miljø der mennene kan kome og gå mens kvinnene held dagleglivet i gong og liva i hop, det er tenestetauser, koneemne, gamle mødrer og ugifte tanter. Det er lågmælt alvor, men ikkje utan humor. Og ikkje minst i skildringa av dette landskapet kjem Orten sin styrke som forfattar fram, i det knappe, poetiske språket han nyttar som opnar for attkjenning og inviterer lesaren inn i handlinga gjennom detaljobservasjonar og kjensler.

Mange av hendingane i romanen er dramatiske, enten det no er krigshandlingar eller personlege nederlag, men desse er ikkje pensla ut eller forstørra, dei er skildra i eit lågmælt, nesten resignert språk, som i alle fall for denne lesaren gjer lesaropplevinga sterkare. Eit anna element i romanen er at Orten gjer flittig bruk av heile den vestlege kulturtradisjonen, frå Jakob Sande til greske mytar og Bibelen. Ikkje minst flettar Orten inn myten om Ikaros på ein måte som utvidar perspektivet, Ikaros som i glede over å ha sleppt ut av eit fangenskap, over å kunne kome heim, i overmot flyg for nær sola så voksen som held fjørene i vengene hans samla, smeltar, og han styrtar i havet.

Skulle alt dette vore skrive ut i vanleg romanform, hadde det fort blitt både omfangsrikt og tungt. Derfor er brevforma eit grep som gjer det heile overkomeleg både for lesaren og kanskje også for ein forfattar. Brevforma let forteljaren vandre i tida, flette hendingar og historier inn i kvarandre i små glimt, korte avsnitt som til saman formar ein heilskap, eit liv, eit menneske sin grunnleggande trong for å forstå og rettferdiggjere livet han eller ho har levd, lengten etter samvær, samanheng og kanskje tilgjeving.


ODD GOKSØYR


Vikebladet/Vestposten 12/2/19

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar