mandag 24. februar 2014

Pier Paolo Pasolini : Mamma Roma

Om ein jaktar på Italia si sjel,
bør ein kanskje oppsøkje dei store forteljingane,
gjerne slik dei ovrar seg i spelefilmane, 


særleg desse som kom ut etter 1945,
då alle tenkjande menneske laut gjere opp ein slags rekneskap
over dei feiltrinn som var blitt gjort
under (og mellom) verdskrigane
og sidan prøve å skape 
eit Italia på nytt.
For landet var framleis svært delt,
og skilnaden i leveforhold mellom 
dei rike 
(den nye finansielle eliten og dei gamle adelsfamiliane)
og dei fattige
(industriarbeidarklassa i nord og dei eigedomslause bøndene i sør)
var enorm.
Ein av mange framståande regissørar
i Etterkrigs-Italia
var journalisten og forfattaren
Pier Paolo Pasolini
(1922-1975),


som med eit stort sosialt og politisk engasjement
skildra fattigdomen og vonløysa
 mellom dei nye plebeiane
og håpet om eit betre liv
i dei nye bustadblokkene 
som var i ferd med å sprette opp 
(mellom dei tallause ruinane frå det romerske keisarriket)
rundt storbyane.
I filmen
Mamma Roma (1962)


møter vi den ex-prostituerte Guidona
(som hadde fått ein skeiv start i livet
sidan ho berre fjorten år gamal var blitt gift med den sekstifemårige 
leiaren  for det lokale fascistpartiet)
som endeleg har fått spart seg opp såpass med pengar 
at ho kan flytte til ei ny leilegheit i Roma 
saman med den seksten år gamle sonen Ettore
og starte som grønsakshandlar
på eit av dei mange torga der.
Håpet om aksept
mellom nye naboar i eit betre sosialt strøk



og ei lysare framtid for dei begge lever ei stund,




men etter at Ettore blir lokka av sine nye, dresskledde kameratar
til å stele ein radio på eit sjukehus
(der ein av pasientane underheld 
med å lese ein song frå Dantes Inferno kvar kveld),
endar historia slik ho må,
som ei slags deterministisk tragedie
(ikkje ulikt dei nordiske, naturalistiske romanane a la Amalie Skram),
sidan døden, la morte,
lurer i bakgrunnen heile tida,
og Mamma Roma prøver å ta sitt eige liv
ved å hoppe ut av vinduet


før ho 
(mest truleg)
vender
attende til verdas eldste yrke
og alt er som før.


Rolla 
som den varme og impulsive, 
men også brautande og primitive 
Mamma Roma 
vert spelt av Anna Magnani (1908-1973),
som er ein legende i italiensk film.
På mange måtar personifiserer figuren hennar
eit konglomerat av positive og negative eigenskapar
som ein kan finne spor av hos
fleire kvinner på italienske kinolerret:
Det vakre, erotiske og forførande,
jamsides med det ansvarsfulle og beskyttande,
men også det teiande og uærlege
(aksept for tjuveri så lenge det ikkje blir oppdaga
ser vi også hos Mamma Roma,
for då Ettore naskar i butikken,
blir det ikkje påtala).
Elles står mor-son-relasjonen fram som svært tett,
ikkje minst fysisk,
noko som verkar framand på oss nordbuar
(kva er det med italienske mødrer
og sønene deira?)


Biletspråket i filmen er rikt,
og allusjonane til bibelske personar og klassisk kunst 
er mange
(som alltid hos ateisten Pasolini).
Opningsscenen,
med det festdekka brudlaupsbordet, 
leiar tankane mot da Vincis Nattverden,
men er sprita opp med frittgåande grisar
og ein amorøs songdialog 
mellom Guidona og brudgomen.
Og frå den nye leilegheita 
blinkar stendig kuppelen på Peterskyrkja 
som ein fjern draum for hovudpersonen.


Trass i stor allsidigheit 
(han spelte mellom anna fotball, som ving, for serie A-klubben Bologna)
og eit tvillaust kuntnarisk talent
(den amerikanske litteraturprofessoren Harold Bloom 
"innlemma" dikta hans i The Western Canon i 1994)
var Pasolini ein svær kontroversiell figur i Italia.
Ikkje berre var han kommunist,
og yppa til strid mot ultra-høgre i mange samanhengar
(mellom anna med skuldingar om politiske attentat).


Ved sida av å vere ateist,
var han også homofil,
og han levde så ope med dette
at han fleire gongar skrytte av sine seksuelle eksapadar
(bruken av mannlege prosituerte i Trastevere o s v)
i media.
Men fyrst og fremst var han i konstant krig med nyfascistane.
Under premieren på Mamma Roma i september 1962
gjekk høgreorienterte ungdomar fysisk til åtak på han.
Pier Paolo Pasolini
blei funnen drepen på stranda i Ostia
2. november 1975,
med innslått hovudskalle og overkøyrt av sin eigen bil,
ein Alfa Romeo.
Tre menn skal ha stått bak ugjerninga,
men dei som var vitne til hendinga,
trekte forklaringane sine tilbake,
så mordet er altså enno ikkje oppklart. 
Om du betaler 1,50 Euro
og tek toget frå Ostiense-stasjonen i Roma
og ut til Ostia,
vil du finne ei minnestøtte over mannen
bak Mamma Roma
på Lidoen,
om du då skulle vere interessert
i å sjå kvar hans eiga romerske tragedie
vart fullenda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar