mandag 17. februar 2014

Ernest Hemingway: A Farewell to Arms

Ei av mange fascinerande sider 
ved den amerikanske forfattaren 
Ernest Hemingway (1898-1961)
er evna hans til å flette dramatiske scener frå livet sitt 
inn i eigne fiksjonstekstar
og slik gjere både seg sjølv 
og forteljingane udøyelege.

Ikkje berre ser vi tydelege spor av oppveksten hans 
i dei fyrste historiene om Nick Adams
(In Our Time 1925).
Vi fylgjer forfattaren 
frå borgarkrigen i Spania med
For Whom the Bell Tolls (1940)
til tida rett etter den andre verdskrigen
i Across the River and Into the Trees (1950).
Alle stader spelar han rolla som reporter
i sitt eige liv.


Vi har ein norsk parallell i den fire år yngre Nordahl Grieg,
der vi ser den sjølvbiografiske kronologien
svi seg inn i fiksjonen,
så å seie frå månad til månad,
gjennom mellomkrigstida
og fram mot den lagnadstunge flyturen
over Berlin i desember 1943.
Bla gjennom hans Samlede dikt,
og lesaren vil forstå kva eg meiner.

Men tilbake til Hemingway. 
Då eg las
Farvel til våpnene 
fyrste gongen i slutten av tenåra,
var det kjærleikshistoria 
mellom den britiske sjukesystra Cathrine 
og den amerikanske sanitetsoffiseren Henry,
og ikkje minst slutten på denne,
som gjorde mest inntrykk.

- Jag vill vad du vill. Det finns ingen jag längre. Bara du.

Ved andre gongs lesnad,
av ei svensk utgåve,


nokreogtretti år seinare,
er det tvillaust miljøet i romanen,
og tilhøva ved den austerriksk-italienske fronten
under siste delen av den fyrste verdskrigen,
som grip meg.
Skildringa 
av kampane i Nord-Italia,
basert på forfattaren sine røynsler
som (nittenårig!) ambulansesjåfør

 

 i krigssona
ved elva Isonzo (i dagens Slovenia),
og som kulminerte i slaget ved Caporetto 
i oktober-november 1917
(også kalla "det tolvte slaget ved Isonzo"),
der store delar av den italienske hæren vart knust,
er sterke,


og ein skjønar
at forfattaren må ha hatt desse hendingane
nært innpå seg.

- Det finns ingenting värre än krig.
- Att bli besegrad är värre.

Som sanitetssoldat
kom unge Hemingway i kontakt 
med store mennesklege lidingar,
som lemlestingar etter bombenedslag, nerveskadar etter gassåtak, 
granatsjokk og primitive amputasjonar.



Han var truleg også vitne til massive overgjevingar
(265 000 italienarar i austerriksk fangenskap 
berre etter slaget ved Caporetto),
med påfylgjande deserteringar og ein omfattande oppsmuldring 
av kampmoralen i dei italienske styrkane, 
ikkje minst under den illgjetne generalen
Luigi Cadorna.

Det sviande nederlaget ved Caporetto
(som nesten førte til kapitulasjon 
og fri bane for trippelalliansen til Venezia og Adriaterhavet)
er framleis eit ope sår i italiensk historie.
Namnet er nærmast tabu
og vert berre nytta synonymt med
katastrofe eller nedslakting
(noko ikkje minst eks-soldat Mussolini gjorde 
under fascistane si maktovertaking berre nokre år seinare).

Historia er full av paradoks.
General, og seinare Weimar-republikkens siste president,
Paul vonHindenburg, 
var arkitekten bak denne tysk-austerrikske offensiven.
Og ein av dei største tyske heltane frå slaget
var Erwin Rommel, den kjende "ørkenreven", 
Italia sin næraste allierte under kampane i Nord-Afrika
under den andre verdskrigen.

Det er elles eit ungt Italia 
vi møter i A Farewell to Arms.
Under krigen var kongen,
Viktor Emmanuel III,
strategisk stasjonert i byen Udine,
og i romanen fungerer bilkortesjen hans,
dagleg på veg til områda for kamphandlingane,
som eit viktig leiemotiv i handlinga. 

Italia hadde sterke ønske om territorium
innanfor det austerriksk-ungarske dobbeltmonarkiet.
Men sjølv om landet 
skifta allianse og kom over 
til entente-maktene allereie i 1915, 
og sidan "ofra" 800 000 soldatliv 
i sigeren over Trippelalliansen,
fekk dette ingen positive effektar 
i form av gamle "romerske" provinsar.
For då traktatane blei underskrivne i Versailles 
og St. Germain i 1919,
vart det berre små smular att til Italia. 
Kanskje ikkje så rart då 
at krigen vekte misnøye, harme, sorg og revansjelyst
hos folk flest
og såleis bana veg for svartskjortene
i åra som fylgde.

Etter at Hemingway 
gav ut A Farewell to Arms i 1929,
kom romanen på norsk i Gyldendals Den gule serie 
(i omsetjing av Hermann Wildenwey)
allereie året etter.



Rett nok er romanen 
ein slags maskulin love story,
men framfor alt er forteljinga om Cathrine og Henry 
(og det døde barnet deira)
ein antikrigstekst
på line medHemingways samtidige 
Erich Maria Remarques
Im Westen nicht Neues (1929).
Personleg blir eg slått 
av det rå, nakne og autentiske i romanen.
Eg synest dette er ein moderne tekst
som viser det siviliserte Europa sitt samanbrot
og som gir oss interessante innblikk 
i endå eit hjørne av
Hemingway sin personlegdom.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar