fredag 30. november 2012

Blåjubelsvingen

1-1.
5-3 e.e.o. og straffer.

Men det er eigentleg ikkje muleg
å gje noko skikkeleg referat av denne kampen.

For kva anna kan eg seie
 enn at det var skikkeleg stort.

Orda blir fattige.
Flosklane tome.
 
 
 Heia Hødd-ropa
tok meg i alle fall heilt tilbake
til barndomen og dei store kampane
på Høddvoll
der vi borna sat saman med mor vår 
på tribuna
medan far dirigerte trafikken.
 
 
 Det einaste som mangla på Ullevaal
var paraplyane
og dei fulle mennene
(ikkje så mange, kanskje, men dei fanst)
som reiste seg opp og skjelte ut dommaren
når det ikkje gjekk vegen
for Hasund-brørne
og resten av gråsteinlaget.
 

Eg kan ikkje hugse
4-2-kampen mot Lyn i august 1966,
der Kjetil Hasund skora tre mål
på landslagskeeper Svein Bjørn Olsen,
men eg VAR der
då denne klubben kanskje for aller fyrste gong
fekk vise at han rett nok var liten,
men også temmeleg stor.

Truleg har alle
skot, tunnelar, taklingar, urettvise dommaravgjerder
og ikkje minst taktfaste rop
frå alle desse kampane mellom 1965 og 1972
glidd over i kvarandre og blitt til
EIN KAMP
inne i hovudet på meg.

Uansett vil DENNE kampen
skape ein heilt ny resonansbotn
for det som vil skje framover.
Derfor var slagordet
STOLT FORTID - STØRRE FRAMTID,
som vart hengande over Blåsarane
og dei mange tusen sunnmørssupportarane
ganske treffande,

 
ikkje minst då kampen,
noko overraskande,
etter Tromsø si sure utvikling
i det åttiåttande minuttet av ordinær tid, 
likevel gjekk til straffesparkkonkurranse.


For vi veit no alle kva som skjedde
då Hødd-spelarane kunne springe
og ta i mot jubelen frå den blå svingen
etter Andreas Rekdal si flotte straffe 
(hard, høg og litt til venstre for keeper)
medan Trømsø mottok sølvet.
 
 
Jau, den andre svingen tømdest.
Og det rimeleg fort.
 
 
For det er hardt å tape
når ein SKAL vinne.
 



Men for oss som stod att,
vart dagen og kvelden lukkeleg, stolt
og alt ein kunne ynskje seg.
 
Eg skal aldri gløyme snøfnugga
som dansa i lyskasterane
mellom ekstraomgangane og dei avgjerande straffene.



Og aldri skal eg gløyme
det tause toget av bilar over Strynefjellet
og dei raude baklyktene
som bukta seg innover dei kvite viddene
medan Bruce Springsteen song
My Hometown.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar