torsdag 11. oktober 2012

Snøen på Kilimanjaro

Det var rimeleg kaldt
då eg passerte Fjelle i dag.
 
 
Ein plussgrad viste målaren
på Løset klokka 10.



 
Dei fleste pøytene over myra
var dermed frosne.
 
 
 
Så eg kom meg så å seie tørrskodd
opp på Kvamstua,
der eg kunne sjå heim.
 
 
Så starta turen mot Kongsvollen
i råser der det berre var spor etter hjort.
 
 
Frostrøyken frå Vartdalsfjorden
danderte austsida av fjellryggen
med ein kvit glasur.
 
 
Frå Høgenausa
kunne eg skimte snøen på toppen
 
 
og heile fem vatn i retning nord.
I fylgje soga vart den siste bjørnen på Hareidlandet
skoten i området mellom Fjellsvatnet og Hammarstøylen
(litt til venstre frå midten av biletet)
i 1803.
Framleis er det mykje god blåbær
i bratthellingane under Løkeberget.
 
 
I sør spegla Liadalsnipa seg i Ørstafjorden.
  
 
Så starta eg på Bukketroppene.
Nokre sleipe steinar var der nok i dag,
men berre ein held seg fast
og ikkje leikar Tarzan,
kjem ein seg som regel opp
(å kome ned er aldri noko problem).
 
 
Trass i råmen frå fjorden,
vart eg ikkje skuffa over
utsikta denne gongen heller.
Folk med gode auge
kan sjå heilt til Sjøholt herifrå.
Snø pynta varden i dag.
Skiføret var godt heilt ned til Laupen.
Rett nok var det ikkje skeisseis på Laupsvatnet,
men det ville sikkert ha vore kaldt med ein dukkert.
 
 
Så kan ein då lure på korleis dette fjellet,
683 m o h,
Hareidlandets nest høgste,
har fått eit så flott namn.
Er det utsikta som er kongeleg,
eller var det sjølvaste Kristian kvart
som sprang opp her,
då han kom siglande nordafrå,
gjennom Vartdalsfjorden,
på si andre Noregsreise
den gongen i juni 1599.
Vi veit at kongen reiste incognito.
Men om fem eller seks orlogsskip
la til ved Alme eller Eiksund,
trur eg nok at folket langs strendene her
forstod kven som hadde kome på besøk.
Ein freistande tur for ein sprek 22-åring
kunne det i alle fall ha vore.
 
  
Så barst det nedover att
(både for Kristian kvart og meg).
 
 
Over Løseteidet passerer ein denne steingarden,
som gir oss assosiasjonar
til både Riksgrensan og Hadrians Wall.
At han går parallelt med kommunegrensa,
er i alle fall temmeleg sikkert.
 
 
Og så stega eg over myrane igjen.
 
 
Det var blautare no
enn då eg tok laust.
 
 
Ikkje så rart kanskje,
sidan det no var blitt heile åtte grader
i den svake vinden på Løset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar