mandag 29. august 2011

Kongen og eg

Trass i smaken av einevaldstider og adelsprivilegium.

Skepsisen til ordensvesen og rojale venekrinsar.

Motstanden mot overdådige slottsmiddagar.

Det udemokratiske og det irrasjonelle.

Alt dette totalt uakseptable og nesten kvalmande.

Eg stemmer JA til Kongen.


Å jau.

Nokon vil sikkert hevde at det har med tjueandre juli å gjere.

Måten dette fryktelege vart takla på.

Eller respekten for autoritetane.

Overvintra husmannsånd.

Nedarva fiskarbondetankar.

Andre vil forklare det med mine gamle foreldre.

Generasjonen som opplevde kongefamilien som samlingspunkt mot nazismen under krigen.

Som kanskje gav meg ei slags verdikonservativ overbygning i oppveksten.

Haakon 7 sine talar frå London.

Kringkasta til forbodne krystallapparat gøymde i norske gjødselkjellarar.

Denne stirren - evna til å ikkje gje opp - som vi elskar.

Eller Olav 5 sin velbrukte anorakk under renna i Holmenkollen.

Årleg kommentert av min hoppinteresserte far.

Viss det ikkje var den berømte trikketuren under oljekrisa.

Insisteringa på å betale.

Dette at vi alle står likt - som vi elskar.

Vi hugsar Harald 5 sitt besøk på Nordvestlandet etter nyttårsorkanen 1992.

Ein ordførar på Søre Sunnmøre tok i mot han med dress og svarte lakksko.

Kongen kom i høge gummistøvlar.

Kledd etter veret og føret.

Sørpe, søle, slaps.

Alt dette kvardagslege og nære.

Som minner oss om at Kongen er ein av oss.

JA-et må vel ligge her?

Men det er ikkje dette heller.

Det er berre orda og handlingane.

Eg tenkjer ikkje på nyttårstalane eller snorklippinga ved bruopningane.

Det er det han IKKJE seier.

Og det er det han IKKJE gjer.

Kor ofte kunne han ikkje vere freista til å brenne av og synge ut!

Eg trur visdomen ligg i dette.

Det usagte. Det ugjorte.

Slikt krev styrken til ein majestet.




 

1 kommentar:

  1. Flott "dikt" om Kongen. Og det er så sant som det er sagt, alt saman. Styrken i det norske kongehuset,samanlikna med kongehusa i andre land, er at våre kongelige har følgt med i tida, og nærma seg folket. Du skriv om gummistøvlane til kongen, sjølv hugsar eg best ei noko gammal og for lita boblejakke.Eg trur at kronprinsen med tid og stunder blir ein like bra konge som forgjengarane-eit samlingspunkt for heile folket.

    SvarSlett