torsdag 2. juni 2011

SKULEVEGEN

Kristi Himmelfartsdag tok eg bilen til gamle Snipsøyr skulekrins og gjekk grusvegen over Alskleiva frå Kvammen til Alme.


Dette biletet er teke frå toppen med Vartdalsfjorden og Rjåneset i bakgrunnen.

Frå 1890 og fram til skulen vart lagd ned i 1961, var dette skuleveg for borna på Alme.

Det var ein god times tur på sommars dag. Om vinteren lengre. Då gjekk ein av fedrene med hesten og ploga føre.
Vegen ned mot Alme.

Den siste eleven som gjekk her var Kirsti (f. 1946).  

Den søraustlege fjellryggen på Hareidlandet med Kongsvollen og Laupen.

Dei to siste åra gjekk ho åleine.

Her sluttar Snipsøyrdalen, men kvar byrjar han? Dette stridest dei innfødde om. 
Snipsøyr skule heilt i venstre biletkant.

Vegen til kunnskap og lærdom kan vere kronglete, bratt og lang.

Uansett har eg alle tider meint at skulevegen er ein del av skulen.


Skulevegen er hovudpulsåra sin veg mot hjartet.

Frå Kvammen.

Slik skulen er hjartet i eit kvart lokalsamfunn.

Helgetorsdag kom med ganske kraftig vind frå sørvest. 12 grader viste målaren.

Det var ikkje etter meldingane.

Bjåstad og Holstadhornet i sikte.

3 kommentarer:

  1. skulen er sant nok hjartet i eitkvart lokalsamfunn. Men det er ikkje nok. Eg har ikkje tru på skular som kun har ti elevar eller mindre. Det er lett og slett for lite, og det er min påstand at dei mister nokre viktige sosialiseringsferdigheiter på vegen. Vi treng alle - særleg i ein viss alder - å bryne oss litt på andre. Eg tviler ikkje på at det er svært trygt på ein liten grendeskule, men kan det blir FOR trygt? Overgangen har vist seg for mange å bli svært stor når dei byrjar på ungdomsskulen, det har eg sjølv sett her i mi bygd. Ei jente som rett og slett ikkje greidde overgangen. Nei, eg trur ikkje på ein skule på eitkvart nes, like lite som eg trur på at det er liv laga med ein bibliotekfilial på kvart nes. Men sjå det er ei anna historie....

    SvarSlett
  2. Sikkert mykje romantikk og nostalgi rundt grendaskular, ja. Samtidig misser lokalsamfunnet noko viktig når dei blir lagde ned. Eg er litt oppteken av dette nære sosiale fellesskapet. Community. Veit amerikanske forskarar bruker dette når dei definerer skule som noko meir enn klasseromet. I Hareid kommune er Brandal krins borte (ovelever som friskule). Det same vart nesten Bigset i vår. Hjørungavåg står nok for tur. Politiske krefter ynskjer EIN stor barneskule i Hareid sentrum. Då misser ein i alle fall VEGEN. Bussturen blir jo ikkje det same. MEN - sjølvsagt finst her ulemper, uheldige fylgjer og grenser for alt.

    SvarSlett
  3. Som pensjonert lærar vil eg seie at skular kan bli både for store og for små.Eg har erfart begge delar.I "gamle dagar" var nok skulen hjertet i lokalsamfunnet, men no har borna mange "møteplassar". Skulevegen kan vere både vond og god, somme har det kjekt, men andre kan bli plaga og mobba.Dette veit eg også av erfaring.Det er helst foreldre, og særlig besteforeldre, som sørger når dei små skulane blir lagt ned.Eg ser det slik at lokalsamfunnet er blitt utvida.

    SvarSlett