Lun og gjenkjennelig minnebok om oppvekst
Med den lille romanen Rabarbrakrigen har Øystein Orten lykkes i å skrive bygdas Beatles.
"Som trommekvervlar under ei sirkusframsyning. Slik kjem regnet." Med de ordene åpner Øystein Ortens tredje roman, Rabarbrakrigen.
En mann kommer tilbake til barndomshjemmet sitt, til ei lita mildt pietistisk bygd på Vestlandet. Han har kofferten full av minner som skal nøstes opp. Til å begynne med husker han bare i bilder: "Bilete, bilete. Stoppestader langs vegen." Etter hvert går bildene over i erindring: "Det fyrste eg kan hugse er: Lukta av noko reint". Jeg-personen nøster seg gjennom hele oppveksten på midten av 60-tallet, og leseren får kjennskap til hver minste krok i bygda. Hvert kapittel tar for seg ett eller flere minner. Vi blir kjent med fortellerens venner, familie, barndomshjem - til og med bygdas vei får plass - alle disse minnene som har formet hovedpersonen.
Skriver i bilder
Orten er en språkmektig ordkunstner. Han har tre diktsamlinger bak seg, og det er lett å se at vi har å gjøre med en poet. Setningene er ofte korte, men språket er likevel fullt av bilder. Orten skriver med en penn som rommer mye lukt og smak, og en skal være passe halvdød for ikke å få assosiasjoner når en leser. Den minimale tegnesettingen i boka forsterker følelsen av det umiddelbare, nærheten til teksten og til språket.
Barndomsminner, som skiturer, fotballfascinasjon, usikkerheten rundt første skoledag, hvor "pultane kasta skuggar og stod som gravsteinar på kyrkjegarden", til nysgjerrig kikking på jentene, og guttegjengens første kondomoppdagelse, som de tror er en ekstra stor tyggis - alt skildres og levendegjøres på en elegant måte.
Bygdebeskrivelser
Med Rabarbrakrigen skriver ikke Orten bare om oppveksten til en ung gutt, han beskriver også utviklinga til ei hel bygd. Skildringene av den lille bygda ved fjorden og dens innbyggere, som overraskes over negere og engasjeres ved EEC-avstemning, er både rørende og ikke minst gjenkjennelige.
Vi møter mange bygdeoriginaler på vår vei. Likevel blir disse aldri flate typer, de er heller tidstypiske figurer fra den tida forfatteren skildrer. Og figurene rommer mye.
Beskrivelsene av bygdas folk og fe får en ofte til å humre. Onkel Rodmar, som nesten utelukkende snakker til hunden sin med en- eller tostavelsesord: "Kom, kom! Snadder! Et no! Godt! Larven!" eller tante Modgunns søster, som en ikke vet om heter Hildur eller Hildrun, for ikke å glemme katten Ragg som rett som det er går til angrep på folk, har en barnlig og naiv humor over seg. Men Orten beskriver også tragiske skjebner. Historien om den gamle læreren Jeremias` ensomhet og ufullendte kjærlighet røsker tak i leseren.
Tidløse minner
Selv denne anmelderen som ikke er vokst opp på 60-tallet, kan kjenne seg igjen i, og ha glede av, Ortens beskrivelser av tida. Barndomsminnene han trekker fram er de samme, enten man er oppvokst på 60- eller 80-tallet. Da blir også nostalgien den samme. Orten skriver tidløst og klarer å formidle historisk overskridende skildringer på en overbevisende måte. Han vever historiske og populærkulturelle hendelser inn i fortellingen, og knytter disse til betydningsfulle hendelser i jeg-personens liv. Med Rabarbrakrigen har forfatteren funnet en fellesnevner, og det er godt gjort med tanke på hvor stor generasjonskløfta er i dag.
I tillegg til å være et møte med 60-tallet er romanen også en sår fortelling om å savne nærværet med sin far og ha en syk mor.
Rabarbrakrigen er en liten perle. Og den kunne med fordel ha vært lengre.
Ellen Sofie Lauritzen
Nationen 15. oktober 2007
onsdag 27. april 2011
mandag 25. april 2011
Påskeaftan på Jørnadagen
No litt ut på andre påskedag, når skodda heng som eit grått brureslør nedetter fjellsidene, må vi truleg erkjenne at laurdagen vart den finaste påskedagen hos oss (jamf biletet over, teke frå Holstadhornet, i retning aust, mot Vartdalsfjella). Sol og 22 grader i skuggen.
Som alle veit er St. Georg - eller St. Jørgen - eller berre Jørn - vernehelgen for alle soldatar og speidarar.
Litt dis gjorde lufta noko grå og matt (biletet over er teke frå Melshornet, i retning nord, mot Godøya, Giske og Nordøyane elles).
Her ser vi fremste delen av dalen, i retning nordvest, mot øyane i Herøy og, heilt ytst, Runde.
Vinteren er over, same kva meterologane seier.
Våren og dei glade dagane ventar.
Påskeaftan fall i år på Jørnadagen - eller St. Georgs dag - til minne om den Georg som leid martyrdøden under keisar Diokletian i år 203. Jørnadagen var merka på primstaven med ein kross, ein gauk, ein hest eller - meir høveleg for oss i år kanskje - som egg i eit reir.
Som alle veit er St. Georg - eller St. Jørgen - eller berre Jørn - vernehelgen for alle soldatar og speidarar.
Litt dis gjorde lufta noko grå og matt (biletet over er teke frå Melshornet, i retning nord, mot Godøya, Giske og Nordøyane elles).
Her ser vi fremste delen av dalen, i retning nordvest, mot øyane i Herøy og, heilt ytst, Runde.
Vinteren er over, same kva meterologane seier.
Våren og dei glade dagane ventar.
fredag 22. april 2011
Pär Lagerkvist: Barabbas
Fleire enn eg har nok hatt som fast rituale å lese den svenske nobelprisvinnaren Pär Lagerkvists Barabbas i løpet av påskeveka. Den vesle boka frå 1950 er eit glitrande døme på korleis eit skifte av synsvinkel kan endre innhaldet i ei kjend forteljing.
Som vi veit er Jesu lidingssoge også ei historie om eit tradisjonelt påskeamnesti i den romerske provinsen Palestina.
Det er liten tvil om at Barabbas var ein stor forbrytar i romarane sine auge. Den jødiske fangen hadde eit langt rulleblad. Han var høgst truleg ein av dei mest radikale selotane og tilhøyrde ”knivmennene” – det vil seie geriljaen som arbeidde mot den forhatte okkupasjonsmakta.
Det var under eitt av dei mange opprøra mot romerane at Barabbas skal ha drepe ein romersk soldat.
Og straffa for dette herska det liten tvil om: Tortur og avretting - på krossen.
Ein lang og pinefull død.
Alle dei fire evangelistane nemner Barabbas, mannen som menneskemengda i Jerusalem kravde lauslaten i staden for Jesus. Han spelar på mange måtar ei tragisk rolle i dette store dramaet:
Det var han som gjekk fri.
Johannes kallar han ”røvar” og ”banditt”. Paulus omtalar han som ”mordar”.
Velkjend er historia om korleis Pilatus toa sine hender og la den tunge avgjerda om skuld i hendene på den frådande folkehopen (som i fylgje Matteus var blitt eggja opp av dei jødiske øvsteprestane). Den romerske prokuratoren hadde jo etter kvart forstått at saka mot Jesus var sett fram på falske premissar. Og han trudde nok at det årvisse fangeamnestiet under feiringa av den jødiske festen pesach skulle berge situasjonen.
Men folket - massene – mobben - ville det altså annleis.
I valet mellom den brennande nasjonalisten og den idealistiske, men merkverdige snikkaren frå Nasaret var eigentleg utfallet gitt.
I Pär Lagerkvists roman blir rettargangen mot Jesus fortald gjennom Barabbas. Det er svært fascinerande lesnad. Historia vert framstilt som eit femte evangelium. Ei augevitneforteljing. Men innhaldet er totalt annleis. Heilt frå krossberinga langs Via Dolorosa til dødssukket på Golgata.
Etter Jesu død kjenner Barabbas seg forhatt. Frykta for å bli gjenkjend styrer handlingane hans. Også mellom sine gamle vener – partisanane i fjella – kjenner han seg utstøytt på grunn av det som har hendt.
Etter mange år endar Barabbas opp som romersk slave i ei gruve i Syria. Her blir han lenka saman med den kristne Sahak, som (nesten) overtyder Barabbas om at Jesus verkeleg var Guds son og at han snart ville kome att. Begge får ”Christos Iesus” ripa inn på baksida av slavemerket sitt. Under eit forhøyr med ein romersk tilsynsmann blir dei to slavane stilte til ansvar for ”avguderiet”. Begge veit kva straffa for dette kan bli. Men sjølv i denne avgjerande situasjonen nektar Sahak å avsverje trua si.
”Det är alla människors Gud”.
Barabbas svarer derimot annleis:
”Jag har ingen Gud”.
”Varför bär du då detta ”Christos Iesus” på din brøstplåt?”
”För att jag gärna ville tro”.
Dermed blir Sahak send bort, og Barabbas blir vitne til si andre krossfesting.
Seinare kjem slaven Barabbas til Roma, der han – med rette – blir skulda for å ha tent på byen. Slik blir han kasta i Mamertinar-fengselet på Capitol saman med dei kristne (som endeleg – etter meir enn tredve år - kjenner han att) og sidan krossfest – i enden av ein halvsirkel med martyrar. Og historia – som er full av paradoks - gjentek seg:
”När han kände döden komma, den som han alltid hade varit så rädd för, sade han ut i mörket, som om han talade til det:
Til dig överlämnar jag min själ”.
Barabbas si grove, stutthogne stemme kastar eit nytt lys over personen Jesus og tilhengjarane hans. Gjennom heile boka blir vi påminte om den beundringa (men også tvilen) som hovudpersonen hadde overfor Jesus. Barabbas er eit kjenslemenneske. Han vaklar og vinglar.
Og ikkje minst: Han sviktar.
Nokon vil nok sjå på romanen som (endå) ein uklipt filmversjon av Jesu lidingssoge. Urøyvd av den kyrkjehistoriske sensuren (slik skjønnlitteraturen skal vere).
Uansett er dette ei alternativ soge som har mange trekk frå dei apokryfe evangelia ved seg. Ho kan vere både sann og falsk. Truleg er ho begge delar. Men forteljinga balanserer på fleire historiske fakta. Nettopp dette gir den kjetterske historia eit skin av truverd.
Romanen Barabbas tematiserer typiske trekk ved forfattarskapen til Pär Lagerkvist (1891-1974):
Mennesket sin relasjon til Gud. Outsideren si rolle. Den forviste og uglesette sin lagnad. Det kritiske mennesket si framandkjensle overfor det etablerte samfunnet sine sanningar.
Eit tips til den som ynskjer ein fin innfallsport til denne sterke forfattarskapen er den sjølvbiografiske romanen Gäst hos verkligheten frå 1925.
mandag 18. april 2011
Sjabervik i Ulsteinvik
Lanseringsfest
KAFFIKARI
ONSDAG 4. MAI KL 1900
søndag 17. april 2011
Ikkje sidan Gordon Banks
Stoke City Football Club slo Bolton Wanderers 5-0 i den andre semifinalen i FA-cupen på Wembley stadion i kveld.
Sigeren var ikkje berre overtydande. Han var knusande.
Ikkje sidan Gordon Banks sine dagar har klubben nådd så langt i eit sluttspel. Ligacupsigeren over Chelsea i 1972 er då også det einaste skikkelege trofeet i klubbens historie.
Gløymde er dei bitre semifinaletapa for Arsenal i 1971 og 1972 (tapet for Derby County i 1899 kan ingen av oss hugse).
No er det finalen mot Manchester City 14. mai som gjeld.
Mest gledeleg var det at Stoke fekk vise at laget er meir enn utrente, overvektige midtstopparar som berre skorar etter cornerar og lange innkast.
Laget frå Staffordshire viste heilt i frå avspark at dei ikkje hadde kome heilt til London for å tape denne kampen, og spelarane varta opp med botnsolid defensiv organisering (under leiing av den unge kapteinen Ryan Shawcross) og feiande flott angrepsspel for dei vel 76 000 tilskodarane (av desse var knapt 35 000 frå Stoke).
1-0 kom etter eit hardt langskot i magehøgd av venstreflanken Mattew Etherington.
Ingen skulle tru at denne mannen har vore innlagd på institusjon for spelegalskap.
Forferdeleg forsvarsspel av Bolton.
Så skora den 191 cm høge tyskaren Robert Huth på heil volley (eit skot som muligens den finske keeperen Jussi Jããskelainen burde ha teke).
Stoke-fansen (den mannlege delen) kledde no av seg på overkroppen og hoppa på tribunene (i fylgje yr.no var det 17 varmegrader i London på dette tidspunktet) slik at den austre svingen av landskamparenaen såg ut som frådande bylgjer i eit raud-kvitt hav av hovud og hender.
Minst like storvokste Kenwyne Jones frå Trinidad & Tobago la på til 3-0 etter eit genialt gjennomspel av urokråka Jermaine Pennant (det er nok ikkje for ingenting at han hittil i karrieren er blitt utlånt til fire klubbar, sist frå spanske Real Zaragosa).
Den mørkhuda Stoke-spissen feira målet med ein arabar-flikk-flakk.
Og Stoke-fansen byrja no å synge Oh When The Saints og andre songar frå The Boothen End.
Lenge før pause registrerte vi at mange av Bolton-tilhengjarane (fleire med klovnenaser og kvite og blå parykkar) forlot stadion, truleg for å rekke eit tidlegare tog heim frå Euston Train Station.
Den entusiastiske manageren Owen Coyle hadde slutta å rope beskjedar til spelarane sine og sat stille på stolen sin med armane i kross.
Bolton kom på bana med to nye spelarar etter kvilen, og berre på nokre få minutt spelte laget (med både finske, danske, islandske, svenske, jamaikanske og sørkoreanske innslag) seg til eit par brukbare sjansar som fort kunne ha blitt til noko.
Men nei.
Tjue minutt ut i andre omgang netta glattbarberte Jonathan Walters etter eit langt og utmattande løp frå eigen banehalvdel, ei venstre-høgre-finte ved sekstenmeteren og eit påfylgjande vristspark med høgrefoten (og dette av ein kar som nyleg kom frå primitive Ipswich Town), før same mannen løfta ballen i nettaket etter 80 minutt, etter eit fint raid av ustoppelege Kenwyne Jones ute på høgrekanten.
Då Bolton si kongolesiske stjerne Fabrice Ndala Muamba vart teken av bana like før slutt, forstod alle kva veg det bar.
Kampen hadde utvikla seg til å bli ein fest for The Potters og ein tragedie for The Trotters.
Altså 5-0.
På mange måtar var det bra at den nyleg avlidne Bolton-legenden Nathaniel Lofthouse (1925-2011) vart spart for dette resultatet.
På mange måtar var det bra at den nyleg avlidne Bolton-legenden Nathaniel Lofthouse (1925-2011) vart spart for dette resultatet.
Gordon Banks sat imidlertid på tribuna iført grå dress og gult slips.
Han kunne registrere (med sitt eine auge) at laget hans hadde kome lengre enn det gjorde i hans tid.
Keeperlegenden er sikkert tilbake på Wembley om fire veker. Då ventar dei blåkvite frå Manchester på den andre banehalvdelen.
Benvenuto, Roberto Mancini!
PS:
For ordens skuld nemner vi at den norske landslagsspissen John Carew vart sitande på Stoke-benken gjennom heile kampen.
Det var aldri nokon grunn til å setje han inn på.
fredag 15. april 2011
Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)
Vestlandskap og fjordhumor
((Jeg tror at et eventuelt fremtidig sprang over i romanen vil kunne bli et virkelig gjennombrudd for XXX)).
Det spranget har Øystein Orten (f. 1962, debut 1995) allerede gjort. Etter fjorårets roman om Livingstone - «I presume?» - foretar han nå en retrett til sitt startpunkt: lyrikken. Tittelen kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her blir på omslaget humoristisk illustrert av noe som ser ut som et reklamefoto fra 1950-tallet av en dusjende kvinne. Underfundig humor og menneskelig varme preger også bokens innhold. Kjærligheten til det vestlandske fjordlandskapet og generasjonene som har tatt det i arv, er gitt bevegende uttrykk i et fulltonende rikt og samtidig kresent avstemt nynorsk.
I en avdeling med gravskrifter og elegiar finner vi minneord om alt fra senile oldinger til krybbedøde spebarn, fra navnløse cro-magnon-mennesker til like navnløse ufødte aborterte fostre. Orten eier en mytedannende «apokryf» fantasi som den Nikolai Astrup hadde da han med pensel og palett gjorde hagen sin i Jølster om til Getsemane og Golgata (slik de gamle malerne også henla bibelfortellingene til f.eks. en hollandsk landsby). Og hans barokke billedbruk kan virkelig ta de helt store sprangene:
utrivne tunger påkallar underet
med tyske koralar
kyrkja er ein nedlagd kafé
oblaten mellom leppene ei krone på ein jukebox
folk gamle som krossfestingar
formar andleta til song
Blant lyrikkutgivelser fra de siste par-tre årene er det naturlig å sammenligne Orten med navn som Jon Fosse, Lars Amund Vaage og Anne Karin Fonneland (likhetene forhindrer selvsagt ikke at hver av disse har sitt eget særpreg). Ortens eksplisitte referanser går til Ezra Pound og Joseph Brodsky. Skulle jeg kritisere noe i denne vakre diktboken, måtte det vel være at jeg kunne ønsket meg litt mer av Brodsky og litt mindre av Pound. Det vil si at jeg tror den «imagistiske» hangen til billedfortetning av og til fortrenger denne lyriske sangstemmens muligheter for metrisk-musikalsk utfoldelse. Men Orten har åpenbart gjort sine veloverveide valg, og gjennomført dem overbevisende.
Steinar Sivertsen
Stavanger Aftenblad 6. juli 2004

onsdag 13. april 2011
tirsdag 12. april 2011
Jens Bjørneboe: Om en katt fra Napoli
Gledeleg var gjensynet med Jens Bjørneboes essay (frå 1961) om lagnaden til katten Antoinette (som av openberre årsaker noko seinare vart omdøypt til Antonius) frå øya Ischia rett vest av Napoli.
Ikkje berre minte det underteikna på det sterke inntrykket denne forfattaren gjorde på han i 17-18-årsalderen (noko som innebar at ABSOLUTT ALT SOM FANST av han måtte lesast). Det opna også augene opp for det nære forholdet Bjørneboe hadde til Italia – det vere seg naturen, kulturen, maten, vinen, atmosfæren.
Opphalda ved Middelhavet har tvillaust sett mange spor i tekstane hans, heilt frå dei illustrerte reisebreva rett før diktdebuten i 1951(som kom på prent i Aftenposten frå 1950 og seinare vart samla i Lanterner 1977) og til den avsluttande Haiene i 1976.
Reisene til Venezia, Firenze, Roma og Milano, men kanskje særleg til Napoli, med øyane Capri og Ischia i golfen utanfor, og den vesle byen Paestum rett sør, har skapt rammeverk rundt fleire av tekstane hans (ingen stader kom han nærmare havguden Neptun enn her).
Flotte er skildringane av det norditalienske landskapet i Vinterbrev om Chiasso (Norge mitt Norge, 1968) og det søritalienske lynnet i Capri (Lanterner). Dramaet Fugleelskerne (frå det ufatteleg produktive året 1966) baserer seg på ein reell konflikt rundt eit jaktforbod på Amalfi-kysten. Romanen Vinter i Bellapalma (1958) problematiserer turismens innverknad på livet i ein fiktiv, italiensk fiskarlandsby (som forfattaren plasserer i nærleiken av Napoli):
”Til turistene har vi ikke annet enn solskinnet vårt å selge. Herren forbanne Bellapalma!”
Interessefeltet hos Bjørneboe var vidt. Han skreiv essay om dramatikaren Carlo Goldini og Piccolo Teatro i Milano (Om teater 1978). I 1965 trykte Arbeiderbladet artikkelen hans om Hans E. Kinck og den italienske arbeiderbevegelse.
Velkjende bjørneboeske innhaldselement er til stades i mange av Italia-tekstane hans: Sympatiane for anarkismen, den begynnande alkoholismen (konsumet av grappa), ymta rundt homofile menn, dei arkaiske riksmålsformene, kjærleikshatet til Norge o s v.
Men det er særleg i dikta frå samlingane Dikt (1951), Ariadne (1953) og Den store by (1958) at spora er tydelegast. Gjennom tekstar som Eros og Agape (Fra San Calisto-katakomben), Capitol, Renaissance og Det andre Roma (Utlendingens Rom, den protestantiske kirkegård ved bymuren) strøymer legender og tankegods frå den antikke, jødiske og kristne kulturhistoria i rikt monn.
Fokuset på (og fascinasjonen for) haiar (som er så opplagt i hans siste roman) ser vi f eks i essayet Hulder ved Middelhavet (1960). Ja, allereie i diktet Neapel frå 1951, som avsluttar slik:
”Amfibieby, Neapel! / Rovblomst, dyr og østers! / Begynnelsen tilhørte havet; / begynnelsen var din søsters!”
Studiet av rovdyrets - og menneskets - instinkt (tildriv og ugjerningar) er vel på mange måtar også kjernen i Bestialitetens historie. Og sidan Kyrkja har stått bak så mange av dei verkeleg vonde handlingane, kjem ein ikkje utanom Roma. I Kruttårnet (1969) blir lesaren vitne til ei giljotinering (framstilt som eit rituelt drap) på Piazza del Popolo. I same roman blir Giordano Bruno kasta på bålet (17. februar 1600) på Campo de Fiori.
Det er store avstandar i Jens Bjørneboes forfattarskap.
Korleis gjekk det så med katten Antonius frå Ischia (av forståelege grunnar også kalla Don Juan)?
Jau, han blei med forfattaren attende til Norge. Han overnatta hemmeleg (i ei korg) på hotellrom i Napoli, i Roma, i Firenze o s v, sjølvsagt med alle dei uhell og praktiske utfordringar dette medførte på reisa gjennom Europa.
”I Tyskland gjorde Antonius intet galt”.
I 1961 budde han framleis på Ekely.
I fylgje forfattaren levde han her opp til klengenamnet sitt og sette ungar på eit utal hokattar i nærområdet.
”I en høyere og åndelig hensikt”.
lørdag 9. april 2011
Ezra Pound: Metriske ruiner
På mange måtar deler den amerikanske poeten Ezra Pound (1885-1972) lagnad med Knut Hamsun:
Ein framifrå kunstar som vi ikkje heilt har kunna tilgi på grunn av dei temmeleg uforståelege feilvurderingane han gjorde i forholdet til fascismen.
Ein ekstraordinær forfattar. Nyskapande. Eksentrisk. Ei litteraturhistorisk superstjerne.
Men også propagandist for aksemaktene under den andre verdskrigen (med det antisemittiske vokabularet som fylgde med).
Altså ein fallen engel.
Men skilnadane er også mange: Pound var, trass sin sterke individualisme, utovervend og svært sosial, og blei slik ein sterk og entusiastisk hjelpesmann (mentor og katalysator) for unge samtidsforfattarar.
Ezra Pound var fødd i Hailey, Idaho Territory, og både studerte og underviste ved universitetet i Philadelphia (klassisk litteratur), før han reiste til Europa i 1908.
Her fordjupa han seg mellom anna i provencalsk middelalderpoesi, okkult filosofi og britiske prerafaelittar (som Dante Gabriel Rossetti og Algernon Charles Swinburne).
Etter fire månader i Venezia (der han publiserte si fyrste diktsamling, A Lume Spento, Med sløkte lanterner, i hundre eksemplar…) slo han seg ned i London, der han kom i kontakt med forfattarar i Bloomsbury-krinsen, og ikkje minst William Butler Yeats, som han seinare fekk eit ekstra nært forhold til (dei budde saman under den fyrste verdskrigen).
Det er her han blir den leiande figuren i imagisme-rørsla, som skal bli eit viktig incitement for forfattarar som William Carlos Williams og Wallace Stevens.
Han redigerer litterære tidsskrift og er svært produktiv. Trendsetjande diktsamlingar som Personae, Ripostes og Lustra kjem i 1908, 1912 og 1916.
Velkjent er diktet In a station of the metro (frå Lustra):
The apparition of these faces in the crowd; / Petals on a wet, black bough
Som i Paal Brekkes omsetjing i Den norske Bokklubbens Ezra Pound. Dikt i utvalg (1971) blir:
Ansikter som dukker fram i trengselen - / blomsters kronblad på en våt, sort gren.
I 1915 gir han ut det banebrytande Cathay (altså det gamle namnet på Kina, med omsetjingar av japansk og kinesisk poesi, og elles omarbeidingar av notatane til den avlidne forfattaren Ernest Fenollosa), og han startar på det ufatteleg ambisiøse Cantos, som han skriv vidare på heilt til 1969. Dette er på mange måtar ein encyklopedisk profeti som har mykje av både Dantes Divina Commedia og Miltons Paradise Lost i seg.
Eit lite knippe tekstar frå denne enorme samlinga (med alle sine allusjonar til verdslitteraturen og kinesiske, italienske og greske sitat) vart utgitt på Oktober forlag i 1989 med friske gjendiktingar av Øyvind Berg: Ezra Pound. Metriske ruiner. Utkast & brokker av Cantos CX-CXX.
1922 vart eit ekstra produktivt år for Pound. Ikkje berre var han konsulent for T.S. Eliots The Waste Land (mange er historiene om den hardhendte revideringa av Eliots utkast) og protesje (forløysar og impressario) for James Joyces Ulysses. Han blei også far til to born (med to ulike kvinner) som vart fødde med fem månaders mellomrom.
Pound flytta seinare til Paris (kunstnarmiljøet rundt Tristan Tzara), før han busette seg i Rapallo i Nord-Italia (litt aust om Genoa) i 1924, der han blei buande til den andre verdskrigen var over.
På spørsmål om korfor han slo seg ned i nettopp denne byen med 15 000 innbyggjarar svarte han:
”Italy is my way for starting things”.
I Italia kom han med i propaganda-apparatet rundt Mussolini (som han hadde møtt fyrste gongen i 1933), og han vart ein svært aktiv medytar (og til slutt primus motor) i radioprogram og pamflettar. Pounds støtte til svartskjortene baserte seg hovudsakleg på økonomiske teoriar: Marknadsøkonomien, med sine ågerliknande innkomer, var styrt av ein jødisk finanselite, som kontrollerte både bankane og massemedia. For Pound representerte renta og utbytet sjølve ubehaget i den vestlege kulturen (under rettssaka i 1946 forsvarte han seg med at synet hans på det kapitalistiske systemet var heilt identisk med tankane til Thomas Jefferson og Benjamin Franklin).
Trass i at det japanske åtaket på Pearl Harbour drog heimlandet USA med i krigen på alliert side i 1941, heldt Pound fram med å agitere for Mussolini heilt til 1945, då han blei arrestert av italienske partisanar og seinare overgitt til amerikanske soldatar, som plasserte han i ein konsentrasjonsleir utanfor Pisa. I denne situasjonen skal Pound ha fått ein mental kollaps. Trass i dette kladda han på det som skulle bli den prisløna Pisan Cantos, klagesongane over hans eige elende og Europas tragiske død.
Etter krigen vart krigsfangen Pound ført til USA der han blei stilt for retten og skulda for landssvik. Men sidan han vart erklært sinnsjuk (paranoia), slapp han det som etter alle solemerke ville blitt dødsstraff, og vart i staden innlagd på eit mentalsjukehus utanfor Washington, der han var pasient i perioden 1946-1958, til dels med store fridomar, slik at han kunne arbeide vidare på sine Cantos og omsetje kinesiske klassikarar.
Forfattarvener (m a T.S. Eliot) la heile tida press på amerikanske styresmakter for å få han ut.
Vidkjent er svaret som Pound gav til journalistane om kva han meinte om heimlandet sitt etter lauslatinga i 1958:
”Amerika er eit mentalsjukehus”.
Så drog forfattaren attende til Italia, der han blei verande resten av livet, dei siste åra i stor einsemd.
Kva anna har vi ikkje fortalt om Ezra Pound?
At han lærte Yeats å fekte.
At han underviste Hemingway i boksing (”Eg greidde aldri å lære han å slå ein venstre hook”).
At han samla inn pengar for at T.S. Eliot skulle slutte å arbeide i banken.
At venene hans framstilte han som eit ualminneleg uegoistisk menneske.
Kan ein spore anger i den gamle forfattarens tekstar? Kanskje går han lengre enn det Knut Hamsun gjorde i På gjengrodde stier i 1949?
I Canto CXV (som er skriven etter 1946) heiter det (i Øyvind Bergs gjendikting):
La gudene tilgi hva jeg / har gjort / La de jeg elsker prøve å tilgi / hva jeg har gjort.
Ezra Pound døydde i Venezia i 1972.
For spesielt interesserte nemner vi at den fireogtjuande ”Ezra Pound International Conference” går av stabelen i London i sommar. Det er truleg heilt tilfeldig at konferansen startar på den amerikanske nasjonaldagen 4. juli.
torsdag 7. april 2011
Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)
Poetisk minneskrift
Ortens dikt demonstrerer sterkt medvit om det poetiske språkets eigenart.
Øystein Ortens dikt held fast forsvinninga, dei aller fleste dikta her står i dødens og forvitringas teikn. Dei rører seg i spora etter det som har vore, og driv fram ei poetisk foredling av restane og skåra og det som ligg att: "namn og årstal/ som drysset av knuste termosflasker/ over ein stein". Dette språklause og tause drysset, som peikar mot ei tidlegare splintring av ein tydingssamanheng, finn ein att i ordet regn i tittelen på boka, for regn er splintra vatn, tilhøyrande ein større samanheng. Splintringa viser ikkje berre til øydelegginga av meiningsfulle heilskapar, men samstundes mot nåden, sidan splintringa gir opphav til nye samanhengar: "Lys er myrkret/ sprengt i filler". Snø fungerer kanskje på same tvitydige vis i desse versa: "når snøen kjem/ med ei naudlanding over myra/ og breier vengene over markene/ med svart frost/ kan eg sjå at sommaren døyr i munnen på eit lite barn/ eg kan lese av leppene på månen/ som blir tynnare og tynnare", slik det heiter i dikt 17.
Sorga er på sett og vis nedtona, for snarare blir dikta borne fram av eit stoisk medvit om at livsvilkåra er beiske, anten dikta med utgangspunkt i eit trivielt kystlandskap manar fram bilde av undergangen, eller freistar å fylle stilla og togna med uhyggeleg meining, i Tor Ulven-liknande språkformasjonar: "sjølv måsen vaknar av sine eigne skrik/ og det fjerdedels/ pauseteiknet mellom/ er bustaden/ til fire og eit halvt tusen menneske". Titlane på to av dei fire avdelingane syner likevel minnearbeidets grunnleggjande omsorg: famndjupner, omfamningar.
Dikta er nummererte, frå 1-74. Tala over einskilddikta fungerer godt som fikseringspunkt, som utsprengde delar, men når ein ser heile talrekkefølgja påpeikar ho ei kontinuerleg historie, konturane av eit veikt biografisk skjellett. Slik kan det siterte dikt 17 lesast som den namnlauses farvel til barndomen. Den lesinga fungerer langt på veg, men innafor ramma av desse 74 dikta (åra?), kryssar dei store tidsmessige horisontar og går utover einskildbiografiens innhegningar: Forfattaren har sett undertittelen gravskrifter og elegiar på dikta 34-53, desse er minneskrifter vigde namnlause personar, igjen berre identifiserte med talas tomme formalitetar, altså føde- og dødsår.
Øystein Orten skriv dikt som demonsterer eit sterkt språkleg medvit om den poetiske skriftas eigenart, som i ein og same formulering riv laus og bryt ned og skaper noko anna. Minneskrifta glir saman med utforskinga av det poetiske språket og blir, sett under eitt, ein refleksjon over poesien, i denne strame og fine diktsamlinga. Berre her og der finn ein nokre overflødige ord som gjer versa litt for mykje innretta og tydelege.
Sindre Ekrheim
Bergens Tidende 28. juni 2004

onsdag 6. april 2011
Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)
Landskap med ekko
Ei diktsamling ein les med stigande glede
Det er ei sterk utvikling i Øystein Ortens nye diktsamling, frå ei rekkje meir eller mindre flinkt laga biletdikt i byrjinga og til dikt med større spennvidd i dei to siste av dei fire bolkane. Ein skal ikkje la seg skræma korkje av den lange tittelen eller av dei innleiande "som"-dikta, for det kjem etter kvart sterke og viktige meldingar frå det norske bedehus- og naustlandet i nordvest.
Det er nesten ei desperat biletskaping i opningssekvensen famndjupner: Alt er "som" noko anna, og Orten sluttar seg til ein ganske velprøvd lyrisk tradisjon i dette. Eg anar eit opprør i dei mange illustrasjonane som ikkje går opp, "som"-et forvirrar stundom meir enn det forklarar: "(.....)dei lange samtalane/som handknytte teppe mellom oss(...)","(...)bylgja/i munnen din//som ein angrande boge". Kva er ein angrande boge?
Baktung
Samlinga er baktung, og ein les henne med stigande glede. Tredje bolken, engelen over meg (gravskrifter og elegiar), kan minna om Edgar Lee Masters "Spoon River Anthology" ved at utgangspunktet for fleire av dikta er gravskrifter eller berre årstal og ved at dei døde får mæle og fortel om sine liv og det samfunnet dei var ein del av. Her finn vi fine lyriske stemningar, men óg barske bygdebilete på Jakob Sande-vis: "(...)lossegjengane som anga sursveitte og sevjesprit/med kvitskjorteflak svevande på vindskeive dansegolv/ der Bjørnson trona tung frå galleriet// kjerringkjeften som spretta ølflasker/ i augeholene og knøvla glasbrot med berrnevane/ som hadde møddest med gongane og fedrelandssalmane(...)".
Vi les om "ferja sin jamne song over fjorden", om bedehus, om emissærar, om naust, om gamlekarar som "snakka sakralt om båtstamnar og dieselmotorar" og om "(...) inne i oss/ dei gamle som brytest med hesjene//og ruggar stille/ mot kaiene".
Dikta er stort sett tittellause, men er utstyrte med nummer. Dikt 70 (i siste bolken, vekta av havet), som er inspirert av Brodskys "Elegy for John Donne" er eit høgdepunkt i samlinga og formulerer det eg les som eit leiande motiv i Ortens lyrikk : "(...) det gode og det vonde kviler/ i kvarandres armar/ alt flyt i hop/ til ei einaste stemme(...)".
Orten leikar seg mest som ein Hans Henrik Holm med rare ord og uttrykk som til dømes "dei stirrige gnaurane" og "då kredene vód", men heller ikkje dette bør støyta lesaren bort, for han skriv og landskapsdikt med sterk ekkoverknad innover i lesarens sinn, som i dikt 55: "dirrande demring og nye mildversdagar/ med morgonvind, blåsvart novemberhav// kven faldar ut garnet over flyndregrunnene/ kven kastar ut pilken ved kveldsbreiddene// der sola skal drukne seg sjølv// kven skrallar tungt mot naustveggane/ kven kvervlar opp ein djup dur// og saltet som fornyar og forvitrar".
Knut Ødegård
Aftenposten 10. mai 2004

tirsdag 5. april 2011
Elsa Morante: Historien
Elsa Morantes hovudverk La Storia kom ut i 1974 og selde i heile 800 000 eksemplar berre i Italia det fyrste året. Boka kom ut på norsk allereie i 1975. Ho vart ein sensasjon, og mange har hevda at dette er ein av dei aller sterkaste romanane som er skrivne i Europa etter den andre verdskrigen.
Elsa Morante (1912-1985) budde i Roma heile livet, mellom anna i Testaccio og ved Piazza del Popolo. Ho studerte fyrst litteratur ved universitetet, men slutta av økonomiske årsaker, og ho livnærte seg sidan av privattimar i latin og ved å referere frå doktordisputasar i avisene.
Ulike kjelder fortel om ein outsidar i kunstmiljøet. Sjølv etter kritikarros og prisdryss blei ho sett på som ein slags framand fugl på den litterære himmelen. Elsa Morante var beundra, men ikkje elska.
Forfattaren kjende det nok på kroppen. Ho hadde opplagt arr etter oppveksten. Sameleis skapte nok krigen, eit ulukkeleg ekteskap og dei håplause kjærleiksaffærene med langt yngre elskarar sår som var vanskelege å lækje. I tillegg minner utstøytinga frå den politiske venstresida om ei slags landsforvisning i antikken (ordet ”ostrakisme” er faktisk blitt nytta).
Men for mange er ho mest kjend som kona til Alberto Moravia. Dei gifta seg i 1941. Sidan dei begge var halvt jødiske, måtte dei flykte frå nazistane (som hadde okkupert Roma etter Mussolinis fall i 1943), og bu saman i ei lita fjellhole ved Monte Cassino, heilt til dei allierte frigjorde byen i 1944. Det var tett, kaldt og kummerleg, og fleire av dei tøffe opplevingane frå desse ni månadane på flukt nedfelte seg i Moravias roman La Ciociara (filma som To kvinner). I fylgje Lilly Tucks biografi ”Woman of Rome” skal dette likevel ha vore den lukkelegaste perioden i livet til Elsa Morante.
Ekteskapet med Alberto Moravia (som varte frå 1941 til 1962) var vanskeleg. Nokon har hevda at ektemannen avviste henne. Det er jamvel blitt sagt at ekteskapet aldri blei fullbyrda. Andre har peika på at Moravia må ha hatt stort tolmod med konas stormfulle, labile veremåte. I fylgje ryktebørsen skal Morante frå fyrste stund ha heldt seg mest saman med unge, homofile (kanskje bifile) menn, og ho skal ha vore svært knytt til filmskaparane Pier Paolo Passolini (Moravias nære ven) og Luchino Visconti og, noko seinare, den amerikanske malaren Bill Murrow, som enda livet med å kaste seg utfor ein skyskrapar i New York, visst nok i LSD-rus.
På mange måtar var livet til Elsa Morante prega av ei konstant uro, ei vedvarande jakt etter forklaringar, ikkje minst etter hennar biologiske opphav (den rette faren), noko vi finn ein tydeleg parallell til i hennar siste roman, Aracoeli, frå 1982 (ei bok som for meg også peikar tilbake på Freud og fram mot til dømes W.G. Sebalds Austerlitz).
Elsa Morante overlevde eit sjølvmordforsøk (gass) i 1982. Ho døydde etter eit hjarteinfarkt i heimbyen tre år seinare.
Historien går føre seg i Roma i tidsromet januar 1941 til juli 1947.
Sjølve forteljinga startar med den unge tyske soldaten Günther, som er på gjennomreise til krigen i Nord-Afrika. I bydelen San Lorenzo valdtek han den 38 år gamle enka Ida Ramundo (tidlegare Mancuso), som etter dette brutale overgrepet vert gravid og mor til vesle Guiseppe (som får klengenamnet Useppe).
Günther, frå konsentrasjonsleirbyen Dachau, forsvinn fort ut av historia, sidan han druknar etter ei torpedering i Middelhavet tre dagar seinare. Det er den nære relasjonen mellom Ida, som prøver å livnære seg som lærarinne på ulike skular i Roma, og vesle Useppe, som utgjer romanens kjerne og drivkraft.
I løpet av krigsåra opplever den vesle familien veksande fattigdom og aukande vald. Epilepsien til hovudpersonen skaper problem i arbeidet som lærar. Samtidig nører Idas jødiske bakgrunn (ho var, som forfattaren, halvt jødisk) opp under frykten for deportasjon. Rykta om endestasjonen svirrar:
”I konsentrasjonsleiren er gasskammeret det eneste stedet med barmhjertighet”.
Romanen inneheld eit vell av sterke, men samtidig illuderande, episodar frå krigsåra i Roma. Teksten synleggjer også dei mange val som enkeltmennesket blir stilt overfor i møtet med den totalitære ideologien sitt sanne andlet, noko eldstesonen Nino (som blir partisan) sitt brutale drap på ein tysk soldat kan vere eit døme på.
Av positive krefter i Idas liv nemner vi anarkisten Carlo Vivaldi og hunden Bella. Men det er framfor alt minstesonen Useppe som gir dagane lys, heilt til den vesle guten døyr, og verda fell saman rundt henne. Ho opplever dette som ei samansverjing:
”Mens den lille kvinnen løp rundt i leiligheten, svirret det dessuten rundt i hennes forvirrede og barnslige hode scener fra menneskehetens historie (Historien), som hun oppfattet som de mangfoldige spirene til et sammenhengende mord. Og det siste offer var hennes lille uektefødte sønn Useppe. Hele historien og alle verdens folkeslag hadde sammensverget seg om denne slutten: mordet på barnet Useppe Ramundo.”
Bak denne vesle historia strekkjer forfattaren opp eit verdshistorisk gobelin, med særleg mange spennande trådar attende til italiensk historie (særleg etter den allierte invasjonen i 1943), i innleiinga til kvart år.
I kvar ende er boka ramma inn av ein historisk gjennomgang av åra 1900-1940, frå oppdaginga av atomet til starten på den andre verdskrigen, og åra 1948-1967, frå borgarkrigen i Hellas til opptrappinga av Vietnamkrigen.
Då er to tredjedelar av dei tjuande hundreåret unnagjort.
Det er her snakk om Historien i b f sg. Den store historia som formar vilkåra for alt menneskleg liv. Historia som gjentek seg (sidan historiske fenomen alltid vil kome tilbake, om enn i nye forkledningar).
Slik får historia om Ida og Useppe ein ekstra dimensjon. Historia (både den vesle og den store) er full av menneskleg smerte. Historia er ei menneskleg tragedie (og berre unntaksvis noko anna enn det).
Etter Historien er Elsa Morante blitt samanlikna med både Dostojevskij og Tolstoj. Kanskje handlar romanen om enkeltmennesket sin kronglete livsveg gjennom storsamfunnets menneskefiendtlege landskap?
Min norske versjon av La Storia er på 600 sider.
Fyrste gongen eg las henne, slo ho pusten ut av meg. Det var som å falle på ryggen etter ein mislukka skihopp. Slikt gløymer ein ikkje.
Etter andre gongs gjennomlesing gjer boka eit like sterkt inntrykk. Romanen mobiliserer framleis eit sinne mot politiske leiarar som har svikta vanleg folk framigjennom.
”Og historien fortsetter”.
søndag 3. april 2011
Hødd er tilbake
Idrottslaget Hødd sende i kveld Bodø Glimt attende til sine regnfulle heimtrakter med 0-3-tap i flybagasjen. Vertane gjekk fortent til pause med 1-0 etter skoring av midtbaneslitaren Bendik Torset, og sunnmøringane trygga leiinga midtvegs i andre omgang med ei fin heading av kaptein Fredrik Klock (etter ein innoverskrudd corner frå venstre). Mot slutten av kampen byrja nordlendingane å vise litt av det publikum hadde forventa (av eit lag som kom på fjerdeplass i tippeligaen for tre år sidan): Stor fart på ballen og mange løp i lengderetning (som Rosenborg i glansdagane). Men då var det begynt å bli skymt, og dei to-tre halvfarlege skota enda over mål og i retning vest (mot havet). Bortelagets noko febrilske satsing framover skapte store rom for Hødd. På overtid, i kaoset etter eit frispark rundt sekstenmeteren, skora dermed spissen Valentin Adama Diomande (frå Holmlia i Oslo) med eit brassespark ein elles berre opplever i Primera Division eller Serie A.
Altså 3-0 og stor stemning på Høddvoll.
Heimelagets gode spel gleda nok både Kjetil Hasund (og dei andre Hødd-legendene som var til stades) og elles dei 1416 frammøtte, med unntak av supportarane frå Den Gule Horde (eg talde 13 på ståtribuna). Dette var nesten som i gamle dagar.
Vi merka oss at Bodø Glimts trenar Kåre Ingebrigtsen, også kalla Bruttern, gjorde lite ut av seg. Den elles så joviale trønderen hissa seg berre litt opp (over eit par tvilsame offside-avblåsingar) i fyrste omgang, men blei meir og meir stille utover i kampen.
Dei rundt tjue torvtrakkarane gjorde ein god jobb i pausa. Ballen spratt Hødds veg.
Små born aka seg i snøen (som dugnadsgjengen hadde moka bort dei siste dagane) ved det gamle klubbhuset gjennom heile kampen.
Bortelagets bestemann var, trass sine mange feilkast, den skjeggpryda høgrebacken Mounir Hamoud.
Men kvar var Harald Dutte Berg og sønene hans?
Bodø Glimt skremde ingen.
Dei bør nok heretter sjå seg bakover på tabellen (om der er nokon). Heldigvis finst det framleis lag som Alta, Trysil og Randaberg i denne divisjonen.
Vi ynskjer dei vel heim og lukke til.

lørdag 2. april 2011
Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004)
Inderleg og tilbedande ordkunstnar
Dikt som grovsalta kyss og kniven i buken på ein nydregen sei.
Øystein Orten krev av lesaren at ein innstiller seg på eit spørjande alvor. Med eit heilt særskilt gehør for klang og presisjon utnytter han eit ordtilfang som er slipt til av årelang bruk.
Dette er syklusen "engelen over meg" med gravskrifter og elegiar glimrande døme på.
Her får me vera med i "bergnabbelivd" og oppleva at treet eig meining heilt ned i røtene.
Det er enkelt om enkle ting, men det sit der det skal fordi det er så presist.
Poeten er svært kjenslevar for det nyanserande, registrerande. Han har ein evne til å løfta språket slik at det gjev ei kjensle av å ha lange trådar bakover samstundes som det er klart og tydeleg her og nå.
Du kan ved overflatisk lesing oppfatta han som traust og lågmælt, men røysta er meir inderleg og tilbedande.
Her og der rører han seg nok likevel ut på kanten av det som er litt for mykje vesaask og naturmytisk, men tek seg som oftast skikkeleg inn att alt i neste dikt. Og endeleg får me ei naudsynt og vakker hylling til "dei tunge damene//med hemmelege aldrar".
Orten fortettar ulike område av erfaring i dirrande bilete som krev full merksemd av lesaren.
Som vin må ein halda dei litt i munnen før dei gjev frå seg all smak, men dei har ettersmak som varer. Trådane bakover i norsk lyrikk har ein knute som heiter Knut Ødegåd, og ein som heiter Paal-Helge Haugen.
Norsk poesi, det er Orten sitt bord, men sitat frå Ezra Pound fortel at me er midt i den globale landsbygda.
Ortyen har med andre ord lært av dei beste, men viser at det er gjennom eigne opplevingar og språk at bileta får kraft. Med "kvitskjorteflak svevande over vindskeive dansegolv" og "mullande monologar" frå myrgropene viser han at han er ein ordkunstnar av klasse.
Helge Torvund
Dagbladet 2004

Abonner på:
Innlegg (Atom)