mandag 3. april 2023

Barabbas vs Jesus/Point of View

Nokre påsketradisjonar er vanskelege å bryte. 
Lesinga av Pär Lagerkvist si bok Barabbas frå 1950.
 Romanen er eit strålande døme på korleis ei kjend forteljing kan opplevast totalt annleis når blikket kjem frå ein annan stad. Der Barabbas står. Og fylgjer dramaet frå utkanten av folkehopen. 
Synsvinkel er eigentleg eit dårleg ord. Point of view er betre. 
Staden der tilskodaren står. Barabbas sitt blikk. Mot krossen. Og han som heng der i staden for han sjølv.

I 2011 skreiv eg eit lengre blogginnlegg om denne romanen.

https://oysteinorten.blogspot.com/2011/04/par-lagerkvist-barabbas.html

G O D  P Å S K E  !



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar