Det var
svært god stemning
då
tredjeklassingane
ved Ulstein vgs
gjekk
over Hareidsfjella i dag.
Etter ei lita rast
på Holstadhornet
gjekk turen
om Grimstadskardet
til Skafjellet,
der
dei fleste
leita fram
matpakken,
slik at dei kunne nyte utsikta
sørover
og nordover.
Både
lærarar
og elevar
såg ut
til
å trenge ein pause,
før
dei
vandra
mot Mosvarden,
der lett regn
svala pannene den siste biten
av ein uvanleg gild tur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar