onsdag 27. mai 2015

KVELDSSONG BERRE FOR MEG

Ikkje ei sjel
møtte eg på min to timars vesle kveldstur
i Hareidsfjella,
frå symrene
 
 
ved Riseselet
 
 
og opp myrbrattene
 til Mosvarden,
 
 
der eg kunne sjå Runde ynskje gråveret velkomen
til Søre Luten endå ein gong,
vidare gjennom dei vassfylte ræsene
mot Bigsetselet
 
 
 og det vindfulle Skafjellet,
 
 
med eit retrospektivt blikk
mot Koppevatnet og Grimstadselet,
slik at eg
e-n-d-e-l-e-g
 
 
 kunne nyte
utsynet frå Holstadhornet
heilt for meg sjølv.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar