torsdag 9. april 2015

Øystein Orten: Risp i berget (2015)


Ei merkverdig novellesamling


Sidan denne meldaren av ein eller annan uransakeleg grunn ikkje har skrive om denne forfattaren før, og då heller ikkje for lesaren av denne avisa, er det på sin plass å innleie med eit kort riss av mannen og hans verk:

Øystein Orten (fødd 1962) er lektor og forfattar frå Hareid. Han debuterte med "havflammen" i 1995 (på Gyldendal) og har seinare skrive både lyrikk, romanar og dokumentar (på Samlaget). Årets bok er hans tiande.

Orten har skrive fleire diktsamlingar. For "kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her" (2004) blei han m.a. kalla "ein ordkunstnar av klasse". Dei tre romanane "Livingstones retrett" (2003), "Vegen til Neverland" (2005) og "Rabarbrakrigen" (2007) utgjer ein slags trilogi om kjærleik, svik og skuld, men også om identitet, håp og gleda ved å høyre til.

I 2009 ga Orten ut dokumentarboka "Himmelen over Shetland" - om norsk motstand og eksil under andre verdskrigen.

I 2011 kom novellesamlinga "Sjabervik". I 2013 romanen "Rasmus Rebellen", om den opprørske bondehøvdingen Rasmus Myklebust (1588-1666) frå Harøya. Og så kom "Risp i berget" i år, sagt å vere ein oppfylgjar av kritikarroste "Sjabervik".

Orten er utdanna lektor og har hovudfag i historie. Når han ikkje skriv bøker, underviser han i norsk, historie og religion på Ulstein vidaregåande skule. 

Ei merkverdig novellesamling, seier vi i overskrifta. "Merkverdig" kan ha to hovudtydingar; den eine er påfallande, rar, underleg. Den andre, og det vi meiner her, er særeigen, interessant, verd å merke seg.

Det fysiske romet for "Risp i berget" er tvillaust Hareid og Breisundet, sjølv om forfattaren aldri nemner namn. Tidsrommet for handlinga i novellene, eller tekstane, er ikkje noko mindre enn frå steinaldermennesket til dagens hareidsdøl.

Orten skriv ikkje om øvste hanane i korga; hovudpersonane hans er folk som har lite og må tole mykje. Samfunnets underdogs, for å seie det på ny-ny-nynorsk. Ofte folk som majoriteten stemplar som originalar, einstøingar og utskot.

Litterært rommar denne korte novellesamlinga eit uvanleg rikt og sprikande utval av tekstformer, mellom dei 36 stutte og lengre tekstane på innhaldslista. Her er eit spenn frå runeskrift, bånsull og kulokk, til ballade, preiketekst, graffiti, amerikabrev og "vanlege" noveller. Heile tida er det dei grunnleggjande, mennesklege kjenslene det dreiar seg om. Dei til dels høgst utradisjonelle formene byd frå tid til anna på elegante vriar og aldeles storarta lesaropplevingar.

I ein sum: Universell heimstaddikting tvers gjennom ti tusen års noregssoge!

Språkleg har vi med ein meister å gjere. Ikkje noko mindre. Tekstane ber tydeleg preg av forfattarens lyriske legning, med velsigna korte og konsise setningar. Målføringa til Orten er noko av det beste vi har lese på lenge. Nynorsk kan vere så mangt (slik alle andre språk kan vere...), men her får vi sjå inn på det vi vil kalle det nynorske grunnfjellet. Sjølvaste! Friskt, frodig, sagtig, rått, rikt blømande. Utan å verke utdatert på noko vis, overrislar forfattaren oss med ord og vendingar som kitlar ryggrada til ein lesar mellom bakkar og berg utmed havet.

Viktigast; handling og ord er nøye tilmålt, som hand i mjukaste hanske, og går opp i det vi kallar ei høgare eining.

Orten er ein forfattar større enn sitt ry.


11. mars 2015


Reidar Skarbø

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar