Dette var eigentleg ein dag
eg skulle gjere mange fornuftige ting,
men eitt eller anna lokka
(eller tvang)
meg til Brørene igjen.
Gjekk heimafrå denne gongen.
Fyrst Gjerdsråsa med joggesko.
Og så på ski frå Øvrestøylen.
Over Skafjellet
begynte eg å forstå kva det var
som drog meg.
Og etter Bigsetsetra
var eg heilt sikker.
Utsikta mot dei såkalla
Sunnmørsalpane.
Eigentleg er ho betre herifrå
enn derifrå.
I Dalsmunnen
såg eg at fleire hadde tenkt
(eller følt)
og gjort som meg.
Komt seg ut
og opp
og fylt kroppen
med
stillheit og avstandar.