fredag 8. februar 2013

ZORNOMANIA

Om det er den vakre skjergarden
eller dei nakne kvinnene
som gjer meg 
så oppslukt
av den svenske målaren
Anders Zorn (1860-1920)
er ikkje godt å seie.

I skjærgården 1894

For ein som har feriert
i grannelandet
heilt sidan han vart fødd,
er landskapet i Bohuslän
faktisk blitt ein nødvendig del
av sommaren.

Ute  1889

Og kvinnene hans
er det umuleg 
 ikkje å snu seg etter.

Frileuse 1894

Så høgst truleg 
er det begge delar.
Sjølve kombinasjonen.

Mot strömmen 1918

Altså badande kvinner.
Zorn er ikkje akkurat åleine i kunstsoga
om dette motivet.
Det er nok å nemne 
Renoir og Degas.
Men kvar er dei svenske svaberga i deira bilete.
Kvar er Strömstad og Kong Oscar sine sardiner.

På sanden 1916

Som lærar 
har eg ofte spurt elevane mine
på 18 og 19 år
(i uhøgtidlege, men anonyme undersøkjingar)
om kva dei assosierer med
Det gode liv.
Og svært mange har 
(ikkje overraskande) 
nemnt 
vennskap, forelsking, reiser, god helse, trygg økonomi o s v.
Men 
ingen stikkord slår likevel 
VATN.
Av ein eller annan grunn
(muligens er det drikke, vask, bading, leik,
kva veit eg)
ser dei på dette
som sjølve føresetnaden for
Det gode liv.

Vattennymfer 1918

Kanskje er det difor 
Zorn 
frå Vasalopphovudstaden
Mora i Dalarna
fangar meg med bileta sine.

Min modell och min baat 1894
 
For det er vatnet og kvinna
som skaper 
Det gode liv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar