Oslo. Åttande april. Seint om kvelden. I eit rom på ein kaserne. Ved Befalskolen for Hærens artilleri. Luftvernlinjen. Utanfor Akershus festning. Sit karane. Bøygde over bordet. Dei studerer kart. Les instruksar. Noterer. Slikt ein må hugse. Neste dag er det eksamen. I feltarbeid. Ingen veit korleis oppgåva blir. Kva som kjem. Kvar dei skal. Men det er viktig å bu seg godt. Så tek far bildet. Med eit Kodak Brownie fotoapparat. Knips. Tre unge menn. Gode kameratar. Bøygde over eit bord.
Dei er knapt komne i seng. Har nyleg sovna. Så går alarmen. Klokka er halv eitt. Den nye dagen. Niande april. Han har så vidt begynt. Så er det opp. Så er det ut på gangen. Dei trur det er eksamen. Ein litt ny vri. Noko meir realistisk enn tidlegare. Altså berre ein test. Så høyrer dei nokon i trappene. Stega er lette. Raske. Dei rettar seg opp i ryggen. Pressar hælane mot kvarandre. Så kjem løytnanten inn. Han verkar rolegare enn vanleg. Men også hardare. Han ser på kvar einskild. Auge møter auge. Kvart ord banar veg for det som skal hende. Det er rapportert om fly i sør. Ein heil sverm. Og ein diger kryssar er observert ved Færder. Gjer dykk klare, seier løytnanten. De kjenner stillingane, held han fram. Full mundering! Løytnanten hastar vidare. Dei skal aldri sjå han att. Så er det inn på romet. Og så ut i natta. Det er eksamen. Springmarsj mot vest. Til kanonene ved fjorden.