Høddvoll,24.august 1966:
Hødd mot Lyn. Eg er fire år. Sit klemd mellom mor og bror på tribunen. Det
opnar bra. Hasund-brørne herjar. Hødd leiar 3-0. Men Lyn et seg inn på. 3-1. 3-2.
Kampen står og vippar. Så riv Kjetil Hasund seg laus frå markeringa. Fyrer av med høgra frå 30 meter. Ballen fyk opp i nettaket. Alt er
fyrst heilt stille. Så kjem eksplosjonen. Den veldige bylgja av glede, latter
og rop. 4-2. Såg eg skotet? Nei. Høyrde eg det? Ja.
Marseille,23.juni 1998:
Norge mot Brasil. Eg er trettiseks år. Sit framfor TV-en. Saman med kjerring og ungar. Stillinga er 1-1. 87 minutt er spelt. Ein brasiliansk spelar dreg Tore Andre Flo i trøya. Innanfor 16-meteren. Det er straffe. Kjetil Rekdal tek fart med gule sko. Plasserer skotet hardt og til sides. 2-1. Arne Scheie brøler. Så går vi ut. Deler inn i to lag. Born. Vaksne. Kveikjer jonsokbålet. Spelar til natta blir dag.
Ullevaal,25.november 2012:
Hødd mot Tromsø. Cupfinale. Eg er femti
år. Sit saman med svigerfar i den blå svingen. 1-1 etter ordinær tid.
Straffekonkurranse. Tromsø har bomma tre gongar. Hødd to. Andreas Rekdal tek den siste straffa. Pang i krysset. 4-2.
Svigerfar og eg omfamnar kvarandre for aller fyrste gong. Tromsø-svingen brått
tom. Glade bilar heim over Strynefjellet.